12.10.2011

Isoli-hettejakke med ribb, glidelås og belegg

Det funkar! I helga har eg site og spretta opp ei jakke for å skjøne korleis ein syr glidelås i jakker som er ufôra, men som har belegg bak glidelåsen og ribb nedst. Dette blei til ein tutorial, denne tutorialen finn du her. Eg måtte prøvesy før eg posta tutorialen, og jakka ser de under her. Eg fekk også hjelp av tutorialen til Kokalal til å skjøne korleis ein syr glidelåsen, tak gjerne ein titt på hennar tutorial også.

DSC_0381

Om mønsteret (str. 110): Eg brukte eit enkelt gensermønster i litt smal modell (samme som denne genseren). La til 1 cm saummonn midt framme på kvar del, dette fann eg ut passar når ein har glidelås der ein vil at taggane skal synst (så kan ein sy glidelåsen på kant i kant med stoffet). Halsutringinga gjorde eg litt djupare, og så sette eg på ei hette. Hetta teikna eg på frihand, for eg fann ikkje heilt ut av dei to hettemodellane i Aldrich-boka. Hette-resultatet er brukbart, men eg kjem nok til å vere på utkikk etter betre mønster framover.

Om glidelåsen: Tutorial finn du her.

DSC_0385

Her er eit par bilete frå monteringa av ribb, utfyllande til skissene i tutorialen:

DSC_0360

DSC_0361

Glidelåsen var litt for kort, så ribben blei ståande aleine nedst. Seinare skal eg stryke på ei stripe strykeinnlegg i ribb-saummonnen, slik at ikkje ribben drar seg i vertikal retning under påsying i slike tilfelle.

DSC_0383

Om halsutringinga: Her har eg sydd på bendelband etter metoden i tutorialen nemnt lenger oppe i innlegget. Bandet går eit par cm utanfor det synlege området på kvar side. Etter å ha sydd den øverste saumen, klipte eg ned saummonnen til ca 0,5 cm, så den skulle bli heilt skjult under det 1 cm-lange bandet.

DSC_0386

Om lommene: Enkle lappar som fyrst er kanta med ei passeleg brei, bretta ribb-remse sydd på rette mot rette med ein del drag i ribben. Stikning. Deretter bretta inn saummonnen oppe og i sida, nåla fast og sydd på. Eg sydde den også fast i saummonnen på jakka langs midten og nedst. Eg brukte kjedesaum på Coverproen. (Cover-maskiner kan ikkje sy i revers, men med kjedesaum/éi nål kan ein alltids stoppe med nåla nede og snu stoffet 180 grader rundt ;-)

DSC_0389

Og… Eg synest desse lappane var søte. For ei stund sidan tråla eg Etsy og Ebay for lappar (labels/tags) til å skrive barnets namn på, desse var dei einaste eg fann (sjå nedst i innlegget). DSC_0387

Konklusjon: Det var veldig moro å få til glidelåsen, men litt for mykje plukk til at kjem til å sy mange slike, trur eg. Vi får sjå.

Stoff og tilbehør:
-Stretch-isoli frå mineti.de
-Hilco-ribb frå Sydilla.no
- Campante frå Hilco/elingeria.de i hetta
-Namnelapp frå RetroNaNa på Etsy
-Storleikslappar frå shushustyle.com
-10 mm breitt bendelband/cotton twill tape frå Stoff og Stil
-35 cm lang glidelås, YKK/Stoff og Stil

3 kommentarer:

  1. Skjønte denne bedre enn det forrige innlegget ;)
    Blir jo veldig pent da med denne måten men hvis det er så mye arbeid så spørs det hva man gidder i lengden:)

    Likte lappene dine, de var fine:)

    Hanne=)

    SvarSlett
  2. Utrolig flott jakke! Og tusen takk for tutorial! Ble veldig fin glidelåsløsning også. :)

    SvarSlett
  3. Så utrolig flink du er! Må ha tålmodighet for å holde på med sånne prosjekter men herlig når resultatet blir så bra :-)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...