03.03.2013

Sweatshirt-blazer!

DSC_0063 copy

For litt sidan rydda eg i Onion-mønstera mine, og fann mønster til ei jakke med prinsesse-snitt og litt sånn volangaktig krage. I fast stoff. Så fekk eg eit innfall om å sy den i elastisk stoff i ein storleik mindre. Volangkragen kutta eg ut. Kanta med ribb, sette i glidelås framme. Syntest den blei litt sånn alder 50+-jakke og følte eg måtte sprite den opp litt. Derfor sette eg på beltet. Då mangla det noko øverst, og eg applikerte på jakkeslag. Då eg hadde kome så langt, tenkte eg at jakka kanskje blei litt sånn Elvis-stil, og det er ikkje akkurat meg. Så for å mjukne den opp sydde eg på bomullsblonder. Eg anar ikkje kor mykje eg kjem til å bruke denne jakka, om eg nokon gong kjem til å føle meg komfortabel i den. Og eg går og lurar på om eg skal take av blondene att. Det hadde vore artig å høyre kva de assosierte jakka med då de opna innlegget! Og, skal eg take av blondene?

DSC_0064

Syteknisk:

Jakka er sydd av isoli med ruglete bakside. Eg har sydd den vrange mot vrange, så saumane synst på utsida. Dekorativt, men ikkje så lurt om ein ønskjer å justere plagget i etterkant, fann eg ut. Men eg hadde gjort eit val om å sy jakka rett frå mønsteret utan å bruke tid på justering, briste eller bere, så får det heller vere at den ikkje sit veldig bra over bysta. Beltet er av eitt lag interlock, kanta med interlock. “Jakkeslaga” er også interlock. Beltet er sydd på på kvar side tett inntil glidelåsen, så det er ikkje noko beltespenne.

DSC_0067

Mønster: Onion (eg finn det ikkje på heimesidene deira, så det er nok utgått).
Stoff: Isoli kjøpt frå den asiatiske nettbutikken Ixat. Naturkvit ribb frå Stoff og Stil. Svart interlock, JNY? Blonder frå lokal maling- og tapetbutikk.

DSC_0066b

8 kommentarer:

  1. Denne jakka var utruleg fin! Så fine detaljar då:)

    SvarSlett
  2. Jeg syns jakka er både morsom og annerledes! Gøy å se noe litt originalt, din vri! Jeg likte de dobbelte slagene med både de litt stramme sorte "vanlige" og blondevarianten oppå. Hva med et lite actionbilde? Jeg tipper jakken vil passe til et par litt trange bukser, eller et enkelt skjørt. Her kan man jo virkelig få et flott antrekk! Veldig bra jobba! Og beste mandagshilsen fra Solveig

    SvarSlett
  3. Kul jakke, særlig det beltet! Jeg tenkte litt serveringsdame. Blonden? Vet ikke helt, tok du noe bilde uten?

    SvarSlett
  4. Flott jakke! Min umiddelbare tanke var at den ville vært stiligere uten blonden. Ikke så lett å sette fingeren på hvorfor, men jeg den blir jo renere i snittet uten. Etter min smak, selvsagt, så det er jo ingen fasit. Og kjempestilig sammen med en litt tight jeans eller et svart skjørt. Støtter ønsket til Solveig om et actionbilde for å få enda bedre inntrykk!
    -Kristin

    SvarSlett
  5. Så stilig! Likte godt beltet. Du er kreativ Annwes!

    SvarSlett
  6. Takk for tilbakemeldingar! Eg tok ikkje bilete av jakka utan blonde, for eg sydde blonda samtidig med jakkeslaget (blonde-endane ligg innunder jakkeslaget. Actionbilete,derimot, skal eg nok klare å hoste fram ein dag, må berre få tatt eit bilete fyrst. Eg trur nok eg kjem til å behalde blonda på. Det er uansett veldig moro å høyre ulike meiningar!

    SvarSlett
  7. Kjempestilig! Eg tykte det var artig med blonden på. Gjorde den meir spesiell. Og beltet i livet gjorde verkeleg susen! Skulle gjerne sett den på. Ser for meg den kan vere superstilig til litt smal, mørk olabukse. Med lys dongeri ville eg følt at det vart litt tamt. Eller til svart penbukse, skjørt etc. Denne burde du bruke masse!!

    SvarSlett
  8. Kjempeflott jakke! Eg tykkjer absolutt du skal behalde blondene. Det var dei som gjorde susen tykkjer eg.
    Bøyer meg i støvet for din kreativitet!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...