17.12.2015

Farvel Windows Live Writer

Det er lenge sidan eg har opna “Windows Live Writer” nå, programmet eg brukar til å blogge. Og der låg det jammen eit upublisert innlegg frå forrige skuleår. Ikkje heilt “Merry Christmas”, men “det fær våge seg” (slik vesttelemarkingane seier når dei meiner “det får bare være”).

Edit: Slik var teksten eg hadde tenkt å publisere. Men det gjekk dårleg, Windows Live Writer (WLW) fekk ikkje kontakt med Blogger, og etter litt googling ser greia nå ut til at ein nå må bruke “Open Live Writer” (OLW) i staden for WLW. Så får vi sjå korleis det går! Om du treng OLW, så fann eg den her: http://openlivewriter.org/ ) Oj, kvar kryssar ein av på kategori/etikett/labels?
DSC_0255skjort_thumb
DSC_0256k_thumb1
Læraren i fyrste klasse syntest at barna trong å trene på å knyte, alle har jo sko med borrelås eller strikk nå til dags! Jenta vår skulle trene heime, men då ho sa i frå, misforstod eg, og trudde ho skulle ha med ein sko på skulen. Så eg laga heller ein “knyte-trenar” til henne, lettare å take med noko slikt enn å take med ein sko, tenkte eg.

Ein slik ein er veldig rask å lage. Eg målte rundt låret hennar, og sydde deretter ein rektangel med to lag stoff, lengde litt kortare enn omkrinsen på låret. Maljer. Anorakksnor, festa i stoffstykket i eitt punkt. Ferdig.




3 kommentarer:

  1. Aha! Er det derfor jeg ikke får det til? Dette har gått meg hus forbi. Jeg elsker WLW, kan ikke fordra å blogge via Blogger. I skrivende stund er OLW på nedlastning. Krysser fingrene for at det er like enkelt å blogge som før!

    SvarSlett
  2. Etter tips fra deg har jeg nå fått lastet ned OLW. Eneste måten jeg har funnet til å få etiketter på, er å logge meg inn på bloggen på blogger og redigere innlegget etter det er lagt ut der. Jeg må også grave litt for å finne ut av hvordan jeg kan velge at alle bildene som blir lastet opp automatisk kommer med riktig størrelse og vannmerket. Dette var automatisk på WLW, så det må jo være mulig å få det til på OLW også håper jeg. :)

    SvarSlett
  3. Tusen takk for oppfølgingskommentaren! Har ikkje tenkt på dette med vassmerke i bileta, men du seier noko der, ja. Eg satsar på at OLW blir ein suksess og at det er mange nerdar der ute som blir med og utviklar smarte løysingar :-) Eg la også til etikettar på dette innlegget ved å redigere i Blogger, men eg synest det er noko herk, for kvar gong eg redigerer eit innlegg i Blogger, så forsvinn dei tomme linjene mellom avsnitta. Går eg inn igjen og puttar inn tomme linjer blir det litt betre, men ikkje slik innlegget eigentleg var i WLW/OLW. Skjønar ikkje om det er slik det er for alle eller om eg gjer noko dumt.

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...