10.05.2012

Sommarlue med brem, tutorial

Nokon hadde lyst på tutorial på korleis eg har sydd sommarlua med brem her om dagen, så i dag har eg sydd ei lue til, og knipsa masse bilete imens!
DSC_0078k
DSC_0079kLua er i prinsippet lik lua i dette innlegget, bortsett frå at sommarlua ikkje er fora, at den har brem, og at ribben er litt annleis fordelt. Og så har sommarlua lausare passform.


English: The summerhat is basically the same hat as the hat in this post, except for the lack of the lining in the summerhat, added brim, and a little bit different way to sew on the ribbing. And the summerhat has a looser fit.


Den blå lua er sydd i str. 54, det vil seie at barnets hovudomkrins er 54 cm. (Lua over er litt stor til modellen, ho er oppunder 52 rundt hovudet.)

Mønster:

Teikn mønster på halv lue (venstre sida av mønsteret skal ligge mot stoffbrett ved klipping). Start med å teikne figuren over. Sjå mål nedanfor, eller rekn ut sjølv: Breidde: Hovudomkrins delt på to. Høgde: Hovudomkrins ganga med 0,7 og delt på to. Del i tre like store vertikale delar/søyler.

Str. 50:
Breidde: 25 cm, høgde: 17,5 cm. Kvar søyle er 8,3 cm brei. Avstand topp til gul linje: 7,2 cm

Str. 52:
Breidde: 26 cm, høgde: 18,2 cm. Kvar søyle er 8,7 cm brei. Avstand topp til gul linje: 7,5 cm

Str. 54:
Breidde: 27 cm, høgde: 18,9 cm. Kvar søyle er 9,0 cm brei. Avstand topp til gul linje: 7,8 cm

Str. 56:
Breidde: 28 cm, høgde: 19,6 cm. Kvar søyle er 9,3 cm brei. Avstand topp til gul linje: 8,1 cm

Teikn inn 60 grader i kvar topp, til dømes ved å teikne inn den gule linja (sjå mål over), og deretter teikne linjer frå midten av søyla ned til den gule linja.

Tilføying 06.juni'12: Mønsteret er litt høgt i kuppelen, ser eg når barna mine brukar luene. Så når du har teikna mønsteret kan du nok med fordel take bort ei 0,5-1 cm brei stripe nederst på mønsteret. 

Som biletet under viser, teiknar du inn:
-"midt framme, klipp mot stoffbrett" på venstre side
-Avrunding av kanten på høgre side av mønsteret (blir baksaum)
-På biletet under er det også lagt til 1 cm saummonn, utanom på venstre sida.
-I tillegg er det stipla nokre linjer mellom fjelltoppane på teikninga, men desse treng du ikkje å tenkje på når du klipper lua. Men du kan hugse på dei til du skal sy lua.


DSC_0023

Ribbkant: Så langt er mønsteret teikna utan ribkant. Klipp av eller brett bort ei 2 cm brei stripe nederst på mønsteret, eller den ribb-breidda du heller måtte ønskje. (Hugs at saummonn nå er inkludert i mønsteret ovanfor klippe-/brettekanten).

Ribblengda er 80% av hovudomkrins.
Str: 50:
Utan saummonn: 4 x 40 cm              
Klipp (med saummonn): 6 x 42 cm

Str. 52:          
Utan saummonn: 4 x 41,6 cm          
Klipp (med saummonn): 6 x 43,6 cm

Str. 54:
Utan saummonn: 4 x 43,2 cm            
Klipp (med saummonn): 6 x 45,2 cm

Str. 56:
Utan saummonn: 4 x 44,8 cm
Klipp (med saummonn): 6 x 46,8 cm          


DSC_0033k


Brem som går langs fremre halvdel av lue- og hovudomkrinsen: Denne kan lagast på ulikt vis. Eg har laga to ulike bremmar (sopplua og denne blå tog-lua), der begge fungerer, men bremmen på toglua var litt for kurva (tendens til bølgete brem). Det eg kjem til å presentere nå, er derfor ein mellomting mellom dei to:

Brett eit ark i to, og teikn ein strek rett ut frå bretten. Merk av eit punkt på linja sånn cirka ein fjerdedel av hovudomkrins (sjå under) ifrå bretten, i dette tilfellet 13,5 cm frå bretten.

50 : 4 = 12,5
52 : 4 = 13
54 : 4 = 13,5
56 : 4 = 14

DSC_0083

Teikn bremmens inner-kant: Start 2-3 cm nedanfor linja og teikn bort til punktet på linja. Prøv deg fram med blyant og viskelær til du får ein jevn linje, der linja har mest sving nærare bretten, minst sving lengst frå bretten Kor stor sving det er på denne linja vil avgjere kor mykje bremmen vil stå ut frå lua. Det går an å berre ha ei rett linje også som innerkant på bremmen, då vil en få ein brem som går i flukt med lua utan å bøye noko utover.

Set målebandet på høgkant langs den bua linja, med starten ved bretten. Merk av når du kjem til ein fjerdedels hovudomkrins. Teikn inn ytterbrem, bremmen min er 4 cm djup på midten. (Merket du laga blir ytterkanten på bremmen.)
DSC_0084
Ferdig brem-mønster, saummonn ikkje lagt til:
DSC_0085

Klipping:

Legg mønster mot stoffbrett når du klipper, så du får eit slikt stoffstykke:
DSC_0032k
Ribb: Sjå avsnitt lenger oppe.


Brem: Stryk på strykeinnlegg på begge lag i bremmen før klipping. Legg til saummonn (1 cm) på alle kantar. Klipp hakk i saummonnen på midten.

DSC_0049

Sying:

Sy saman sjølve lua slik bileta viser Bilete nummer to viser korleis eg syr inn kurve/avrundar vinklane. (Klikk  på bileta for større versjonar)
DSC_0057
DSC_0058
DSC_0059
DSC_0060
DSC_0061
DSC_0062
Fest og klipp trådremsene om du brukar overlock:
DSC_0065
Klipp eit lite hakk i saummonnen midt framme og i kvar side, slik bileta viser:
DSC_0063
DSC_0064
Sy bremmen saman langs ytterbogen, klipp ned saummonnen etterpå, klipp deretter mange hakk i saummonnen.
DSC_0051
Vreng og press. I tillegg til strykeinnlegg, har eg hatt i nokre flak med vliesofix inni bremmen, for å lime bremmen saman.
DSC_0054
Sy stikning langs ytterbogen.
Sy ribben til ein ring, merk av midt framme med eit lite hakk, brett på langs og press:
DSC_0069

Fordeling av ribben: La ribben vere strammare på bakre halvdel av lua enn framme, der det er brem. Men la det vere litt stramming også framme. I praksis har eg lagt bremmen langs ribben slik biletet viser, og så laga merke/hakk i ribben så ribben er litt kortare enn bremmen.
DSC_0070k

Montering:
Før du syr, skal du nå ha nokon form for passmerke for kvar fjerdedel på lua, midt framme på brem og ribb, og justerte merke i sidene på ribben. Ytterkantane på bremmen passar med sidemerka i lua og ribben.

Vreng lua, legg oppsida av bremmen rette mot rette midt framme, legg deretter ribben innanfor, sjå bilete:
DSC_0074k
Sy rundt, strekk i ribben så merka stemmer overeins. Fest og klipp trådane, vreng. Dersom du vil sy fast ribb-saummonnen med ein stikning, går det nok bra å gjere dette med vanleg rettsaum dersom du strekkjer i lua medan du syr. Eller velg sikksakk (eller sy med coverstitch-maskin, om du har). Ferdig!


Revidert 14.05.12

09.05.2012

Symaskin-komfort

Symaskina mi er for tida til reparasjon, etter at den blei ramma av akutt, men vedvarande forvirring. Stakkar maskina mi! Den byrja å sy bakover når den skulle fram, og visste ikkje heilt om den skulle sy korte eller lange sting. Og sirklar den skulle sy blei alt anna enn runde.

Det er forresten ei Pfaff Performance 2058 det er snakk om, den er vel eigentleg ei quiltemaskin. Ryktene fortel at den blei kalla “symaskinenes Rolls Royce” då den kom på marknaden i si tid. Sjølv kjøpte eg den då den måtte vike banen for neste symaskin-generasjon. Men trass i at den ikkje er yngst og mest fancy lenger, så har den fungert veldig bra. Så bra at dette innlegget skal handle om det eg likar ved den, og som eg saknar hjå vikaren.

Vikaren er ei Janome JR1012, og det er eigentleg ein veldig urettferdig match, som å samanlikne Rolls Royce med Lada. Eller kanskje heller med ein knøttliten el-bil. For JR1012 er ikkje dårleg, den er berre veldig, veldig enkel, den enklaste innanfor Janome-sortimentet. Du skjønar,  då eg ønskte meg symaskin til jol i 2008, ønskte eg meg nemleg ei heilt enkel maskin, fordi eg visste ikkje om symaskina kom til å bli noko særleg brukt eller ei. Haha, vi skulle berre visst, vi, både gjevaren (mannen min) og eg, korleis kvardagen vår kom til å bli forandra av denne maskina!

I allefall. På tide å kome til poenget. Kva er det så den Rollsen har, då, som ikkje junioren har?

Det som er tydelegast, er alle saumalternativa. “Over 200 beautiful stitches”. Men dei fleste av dei har eg omtrent aldri brukt. Nei, det eg saknar, har mest med sy-komfort å gjere, det at symaskina og eg spelar godt på lag, at den gjer sy-jobben enklare for meg og at den gjer det eg vil den skal:

-Nåla går automatisk opp når eg slepp pedalen. Eller ned, om eg heller vil dét.
-Foten går ned og opp av seg sjølv når eg startar eller sluttar å trø på pedalen
-Nåla kan styrast opp og ned, “halvsting for halvsting” med lette pedaltrykk
-19 forskjellige nålposisjonar sidevegs, brukast i stor grad
-Nålitredar; enkel dings med stor verdi
-Trådkuttaren opererast med éi hand
-Reversknapp like ved syfoten så ein kan trykkje på knappen og styre stoffet samtidig
-Undertransportøren kan enkelt koplast ut. Dette er veldig kjekt dei gongene det er viktig at stoffet eg skal sy er lett å leggje på plass under syfoten, utan at stoffet hektar seg opp i transportørtaggane.
-Maskina stiller seg inn på samme saum kvar gong ein slår den på, så eg slepp å hugse på å sjå etter om eg brukte rettsaum eller sikksakk sist eg sydde.
-Før eg kjøpte Coverstitch-maksin, og sydde med tvillingnål, sette eg svært stor pris på at maskina kunne hjelpe meg å hugse at det stod tvillingnål i. Medan eg med JR1012 fekk eg nokre uheldige kombinasjonar av tvillingnål og sikksakk, var det med Pfaffen færre, eller kanskje ingen, tvillingnåler som knakk mot stingplata
-Knapphol syr den veldig enkelt
-Den er så tung at den ikkje hoppar og dansar eller sklir på bordet
-Den har applikasjonssaum som ser ut som spikermatte sett frå sida. Ikkje noko stor finesse å ha dette, altså, men saumen manglar på JR1012.
-Den innebygde overtransportøren; denne er omtrent alltid på, med mindre eg brukar spesialføtter som ikkje er kompatible med den.
-Maskina seier i frå om at det snart er tomt for undertråd
-Diverse syføtter; av dei eg er mest glad i er den opne applikasjonsfoten og “overlockfoten” (trur eg den heiter), sistnemnte er ein fot som har ein langsgåande kant som gjer at nåla har konstant avstand frå ein stoffkant.

Ei god symaskin er alstå meir enn berre mange pyntesaumar, og om Pfaffen nokon gong takkar for seg for godt, skal eg take fram denne lista før ny maskin blir kjøpt. Maskina har forresten også finesser som moglegheit til å lage sine eigne saumar frå grunnen av, og å setje saman element frå ulike saumar og lagre til ein ny saum. Men dette er funskjonar eg aldri har brukt. “Komfort”-lista kjem derimot til å bli lengre etterkvart som eg kjem på ting.

Kva likar du med di maskin?

05.05.2012

Så har eg også fått meg velourbukse

Eg blei så fornøgd med den fyrste trippelfarga buksa at eg hadde lyst til å sy ei til meg sjølv også. Og etter å ha brukt babyens søvnøkter på dag og kveld i eit par dagar har det blitt bukse på meg!

DSC_0958k

Om mønster-konstruksjonen: Eg teikna mønsteret utifrå “The very close fitting trouser/jeans block” i dameboka til Winifred Aldrich. Om nokon har boka “Syboka” av Mari Melilot, er samme “oppskrifta” også å finne der (på norsk), så vidt eg kunne sjå då eg kikka i sistnemnte bok på biblioteket dagen etter å ha teikna mønster. Denne grunnforma har samme eller nokonlunde samme mål på buksa som på kroppen rundt liv/rumpe, og er berekna for stoff med litt stretch, så eg tenkte det var ei passande form. Men velour hadde litt for mykje stretch, eller så har eg teikna feil, for buksa blei i fyrste omgang veldig vid. Og for høg i livet framme også. Etter store justeringar både her og der, blei buksa meir slik eg hadde sett for meg. Om det er andre som har brukt denne grunnforma, så fortél gjerne korleis den fungerte for dykk!

Om designet: Buksa jentungen har på seg var eigentleg feilberekna, for eg hadde tenkt at den raude stripa skulle vere ved kneet, slik den er på vaksenbuksa. Men etter å ha sett desse bileta, lurar eg på om neste bukse skal bli slik barnebuksa er! Buksa mi er dessutan litt for kort, ser eg av desse bileta (foto er ein grei måte å evaluere plagg, ser eg :-) Då eg fekk idéen til desse buksene, såg eg for meg sleng nedst, som på ei 70-talsbukse. Men etter å ha prøvd det ut nå under laginga av denne vaksenbuksa, så blei det liksom ikkje heilt bra, for stoffet er for mjukt til at det står utover slik eg tenkte det skulle.  Så eg snurpa i staden for.

DSC_0982k

I livet er det samme type linning som eg har sydd på  flesteparten av barnebukser mine, ribb med innlagt strikk. (På barnebuksa her er det berre ribb, men breiare). Eg blir litt hjelpelaus av å gå med bukser utan lommer, så lommer blei det her også, men det blei litt klumpete.

Velourstripa over kneet er forresten sydd med stretchen vertikalt i staden for horisontalt, for å fylgje knebøyen. Teoretisk sett veldig lurt (tenkte eg, i allefall, hehe), i praksis veit eg ikkje om det har så mykje å seie…

Alt i alt –eg trur eg kjem til å bli veldig glad i denne buksa Smilefjes

Stoff: Velour og ribb frå Stoff og Stil, med unntak av det nederste raude, som er frå Textart (skikkeleg flott raudfarge!)

04.05.2012

Ny bukse med tre liknande fargar

Buksemodellen skulle hatt eit namn som sa noko om korleis den ser ut… Eg kjem ikkje på noko for øyeblikket, kanskje nokon har forslag? Anyway, fyrst sydde eg denne, og eg  blei så fornøgd med modellen at nå som vi skulle i fireårsdag til ei niese, så måtte eg sy ei bukse til. Men ho elskar rosa, så dét blei det:

DSC_0855f

DSC_0838

Speilrefleksen vår har stadig vanskar med å gjengje raudtonar. På det øvste biletet har eg prøvd å fikse bittelitt i etterkant, men heilt bra blir det ikkje. Det nederste stoffet trur eg er mest realistisk framstilt på det øvste biletet, medan stripa i midten er best på det nederste biletet.

Eg har funne ut at det er moro å utfordre fargar ved å kombinere nyansar som ligg nært kvarandre. På buksa over var dei to nederste fargane så nære kvarandre, og likvel så ulike, at det skurra litt. Men då den ljoserosa kom på, var det akkurat som den roa det heile ned. Herleg!

Eg lika den fyrste modellen i brent oransje og raudt så godt at eg har brukt dei to siste dagane til å lage ein kopi til meg sjølv! Eg gløymde å take bilete av den medan det framleis var dagsljos i dag, men etterkvart dukkar den nok opp på bloggen:-)

Mønster: Eige
Stoff: Frå toppen: Ribb frå Stoff og Stil, rosa velour Stoff og Stil, raud velour, var vel også Stoff og Stil, meiner eg, raudrosa velour frå Rainbow tekstil.

Ein slags college-genser blei det…

Eg skulle lage genser til minstejenta, eg såg for meg korleis den skulle vere, teikna mønster, sydde. Og så blei det noko anna. Ikkje fyrste gongen dét skjer, og det kjem heilt sikkert til å skje igjen ;-) Men genseren er brukande i massevis, så det er  ikkje så farleg.

DSC_0848k

DSC_0851k

Mønster: Utgangspunkt i “Flat body block/basic jersey block” frå Aldrich. Denne modellen har 12 cm bevegelegheitsvidde rundt brystet. Også over skuldrane er det ein del vidde. Så det passar greitt til ein college-genser.  Ermane er litt vidare nedst enn grunnmønsteret er. I halsen har eg blitt inspirert av Maja og Kristin/Heilt spesiell til å sy retro-halsopning! Eg har ikkje gjort det på barneklede før, berre ei liknande løysing på ein topp til meg sjølv.

Jentungen treng fleire genserar, og neste gong er planen å teikne ein smalare modell, og med… Hehe, dét kjem det nok noko om på bloggen, viss idéane fungerer ;-)

Stoff: Stretch-isoli frå Hilco, stripete stretch-jersey, også frå Hilco. Knappar frå KAM/Lykkedragen.no

28.04.2012

Genser med “bildevegg”, og ein liten pirat

I dag har 5-åringen vore i “piratbursdag” til ein venn som blei fem år. På spørsmål for nokre dagar sidan om kva bursdagsbarnet skulle få, svarte guten min “Eg vil at du skal sy ein grønn genser med kaniner på!” Eg blei veldig glad, for det er ikkje sjølvsagt at barna vil gje bort heimesydde ting!

DSC_0761

Velour er flott til barnegenserar. Den limegrønne var det bare mindre bitar att av. Den mørkare grønne velouren synest eg er litt kjedeleg i seg sjølv, synest eg, men eg blei overraska over kor fint det blei når den blei kombinert med limegrønn og lappane med fargar og mønster på!

Frampå har eg klipt lappar av ulike stoff, deriblant initialer og alder på mottakaren, det er moro å gjere plagget personleg! Og ei kanin blei det også, sidan guten min ønskte dét. Lappane er sydd på etter metoden omtala her. På baksida strauk eg på strykeinnlegg før sying, så dét blir ståande (og stretchen i stoffet forsvinn jo også i dette området då).

Symaskina mi er på reparasjon for tida, og eg brukar den fyrste maskina mi, ei veldig enkel maskin som ikkje har applikasjonsstinga eg brukar på faste stoff. Men her har eg klart meg med rettsaum på pyntinga (monteringa av genseren er gjort på overlock-maskina).

Nærbilete av pynten (klikk for større versjon):

DSC_0762

Og så eit par bilete av piraten, kleda blei laga til dette selskapet:

DSC_0766k

T-skjorte av eit ribbestrikka stoff med mykje stretch, ingen kantavslutningar nokon stad… Bukse etter enklaste modell. Eit trekanta tørkle på hovudet, kun klipt, ikkje sydd. Beltet rundt livet er også berre klipt til, ikkje sydd noko på.

DSC_0768k

Mønster: Eige
Stoff:
Genser: Velour i to grønnfargar frå Stoff og Stil, ribb derifrå også. Lappar av jersey eller interlock, dei er vel designa av Johanna Ahlard alle saman, trur eg!

Pirat: Strikka stoff fått som gåve av ein asiatisk nettbutikk ein gong. Raud/svart stoff frå Panduro. Buksestoff frå Hilco.

25.04.2012

Tid for babybukser

Minstejenta, snart 9 månader gamal, har fått to nye bukser. Og eg har fått teste babybukse-kapittelet i Aldrich-boka. Éi bukse i slim fit, og éi i loose fit. Begge buksene er fleksible i lengda både oppe og nede, så dei kan brukast lenge.

Slim fit-buksa:
DSC_0727kompr

Loose fit-buksa:
DSC_0718kompr

Fleire bilete:
DSC_0710duo
DSC_0712duo
DSC_0708duo

Stoff:
Mønstrete jersey frå Ixat på Etsy, nedst er det campan frå Hilco, ribb frå Stoff og Stil. I den andre buksa er det lilla velour (bileta lyg om fargen) frå enten Stofstedet.dk eller stofogstuff.dk. Lime velour frå Stoff og Stil. Detaljane er av eit mønstra, vevd bomullsstoff frå Stoff og Stil, kanta med foldover elastic frå Ebay. Ribb frå Stoff og Stil. Den søte bodyen er det ikkje eg som har sydd, men er ein ullbody frå Joha/Janus.

Ribben på båe buksene er 7,5 cm brei og 80% av livvidda (mål på ferdig ribb-kant)

Om mønsterkonstruksjonen, for spesielt interesserte (og for hugselapp for meg sjølv)…
Comments on the pattern drafting:
Both patterns are made with help from page 28 in Aldrich, 4th edition; “The ‘flat’ trouser blocks – babywear”; “The one-piece trouser block”.

First, I noted that body rise figures in Aldrich are quite a lot smaller than the swedish figures in “Søm” by Rigmor Haugsand. Body rise in Aldrich, size 72: 12,8 cm. Haugsand, size 74: 15,5 cm. The figures do not differ that much in the children’s sizes as in the babies’ sizes.

The leggings shape is body rise +1 cm, not much to include a nappie. The 7,5 cm wide rib waist band starts 3 cm below waist. It works, but I think a little bit more than +1 is needed. Alternatively, one could rise the top of the back crotch-seam a couple of cm, because I think it is to low. The picture above doesn’t show it very well. The ancle cuffs are made from single jersey fabric, and reaches down to about 1 cm above floor level, works well.

The easy-fitting shape is body rise + 4,5 cm. The waist band starts 4 cm below waist, except center back, where I elongated the crotch seam a little over 1 cm based on the slim fit trousers. Still, when looking at the photo, the back crotch seam is a little too short compared to the front. Seen with my amateur eyes…

I know, I’m a hairsplitter now, these are details that aren’t very important, the garments work, and… But, if there will be a next time…

By the way, the easy-fitiing trousers have full length plus cuffs, so that the child can use the trousers for a looong time. But I used cuff circumference 18 cm, and that turned out to be too wide, the cuff passes the ancle too easily. (My mistake, not Aldrich ;-)

Kile-kjolen i fast stoff

Denne kjolemodellen såg dagens ljos for ikkje så veldig lenge sidan, men den gong i jersey, her. Nå har eg prøvd den ut i fast stoff, str. 5 år, og det fungerer (Gutungen i huset prøvde den på i full fart, så noko nøye ettersyn fekk eg ikkje...) Eg har fylgd framgangsmåten i det andre innlegget, men den blei bittelitt kort, så eg sydde på blondebandet etterpå.

DSC_0715

Tankar rundt konstruksjonen: 

Stoffet vil falle finare rundt armane på ein tradisjonell kjole med raglan-ermar (av typen bondeskjorte/peasant blouse), så om ein har eit slikt mønster, er nok dét å foretrekkje. Har så kjolen nokre fordelar, bortsett frå sjølve utsjånaden med stripene i sidene? For aktive jenter som til dømes held hendene i vêret og tar imot en ball, reknar eg med at denne modellen  gjev betre fridom til å lee seg i. Og så er det sjølve utgangspunktet mitt, då, at det kan vere ein kjole som ein relativt lett kan teikne mønster til utifrå instruksjonar, om ein ikkje har tilgjengeleg raglankjole-mønster.

Stoff: Blomstrete poplin frå Hilco, trur eg, grønt stoff frå Stoff og Stil. Blonder frå den tidlegare sybutikken til mammaen til ei venninne:-)

DSC_0716

Enkel løpegang, tutorial

Her er ein rask måte å sy løpegang på. Klipp ei lang remse med breidde svarande til breidda du vil ha på løpegangen pluss saummonn. Kast over den eine enden og brett ein halv cm tilbake. Legg denne remseenden rette mot rette der du vil at skøyten på løpegangen skal vere, men ikkje start å sy der. Start heller å sy 5-6 cm bortanfor.

DSC_0702

Sy remsa på, men stopp 5-6 cm før du kjem heilt rundt. Klipp av remsa med ein passeleg overlapp: Dersom overlappen er for lang, blir det vanskeleg å tre i strikk, er den for kort, vil den kunne opne seg under bruk av plagget. Men ein overlapp som er ca halvparten så lang som breidda på ferdig løpegang trur eg ikkje er så aller verst:

DSC_0703

Legg den bretta enden rundt enden du akkurat klipte, og syferdig rundt.

DSC_0704

Tre i strikk til slutt.

DSC_0705

(Løpegangen på denne kjolen er 1 cm brei, neste gong skal eg lage litt breiare løpegang, så det 5 mm breie strikket glir lettare inni).

Babylue igjen

Denne lua blei sydd til ein av babyane i barsel-lunsjgjengen. Str. 44. Litt stor viste den seg å vere, men lua kan jo brukast både vår, sommar og haust, så det er ingen fare:-) Smekke inntil, blei det også.

DSC_0700

Mønster: Eige, tutorial på lua her.
Stoff: Jersey og ribb frå Stoff og Stil. Stoffbiten i toppen er ein liten interlock-bit (kunne like gjerne ha vore ein bit av ribb-stoffet, eg sydde ei lue til storesystera samtidig, så interlocken var vel den som tilfeldigvis låg nærast…) Lua til storesyster har eg forresten gløymt å take bilete av. Jaja.
Tråd: Øvre griparen på overlocken (trådsnelle nr. tre) blei tredd med “poly sheen multi”-tråd frå Mettler.

DSC_0698

Babyhat tutorial

DSC_0622kompr
DSC_0624kompr

This tutorial shows you how to make pattern and sew a babyhat like this. It is made from cotton single jersey in two layers (outer fabric and lining). The procedure can be used for other fabric types too, but the numbers given relates to a rather thin fabric with at least a little bit stretch, in double layer, and with a ribbing band. The hat on the picture is size 46 (i.e. fitting child’s head circumference 46 cm). The girl is 8,5 months old, 46,5 cm around head.


Sizes: The head circumference makes the size. Head circumference is variable from child to child, to get a sense of what age the sizes fit, take a look here: girls and boys.


Drawing the pattern:
Draw a rectangle, that will make a half pattern both around head and across head, the pattern should be placed on fold when cutting. The horisontal sides: Head circumference multiplied with 0,93 and divided by two. The vertical sides: Head circumference multiplied with 0,7 and divided by two. This gives a hat that goes from about the ear opening to the top of the head, close fitted.






Divide pattern in three equally wide columns, every one with a 60° angle centered at the top. (Illustration on how to make an 60° angle: see end of post
skisse luemønster3
Illustration under: Left side of the pattern will be center front, right side of pattern will make the seam in the back of the hat. Draw a curve on the right side (green line).
skisse luemønster4
The hat on the picture has a 2 cm wide ribbing band, withdraw rib width in the bottom of the pattern:
skisse luemønster ribb
So far, the pattern does not include seam allowances. Add seam allowances everywhere except at foldline. (I use 1 cm). 
DSC_0738
(Actually, on the pattern on the picture above, I have forgotten to remove the 2 cm for the ribbing, but instead I removed it from the fabric before sewing. But the picture suits as illustration for seam allowances, though.)


Cutting:
Place the pattern along a fabric fold. Cut outer fabric and lining.
Ribbing: The length depends on the amount of stretch in the fabric. I use rib fabric from Stoff og Stil, and use head circumference multiplied by somewhere around 0,9. If I were to use ribbing from Hilco, maybe 0,75-0.8 would be a better number? Add seam allowances. Width: 2 cm x 2, then add seam allowances.


Sewing:
When you sew, sew curves (black line) instead of straight lines (blue line) at the bottom of the seams, as shown here:
sying lue3
Outer fabric: Place the “mountain tops” right sides together and sew like the illustration above shows. Follow the illustration underneath, i.e. don’t sew the back seam and the seam in the middle. When finished with this, you should have two half cupolas. Before sewing them together, you can place a little folded piece of fabric on top of the hat if you want to.
babylue montering
Lining: Sew as the illustration under shows, included back seam (right sides together). Do not join the two remaining gaps (which now shold look like one large gap).
babylue montering2
Ribbing band: Sew the short ends togehter to a ring, fold wrong sides together and press. Make a tiny cut in the seam allowance halfway and for each quarter along the ring. Make marks for each quarter in the outer fabric and lining too.


Joining: Turn one of the cap lyers inside out and pull it over the other. Place the ribbing band inbetween the two layers. When finished this step, ribbing band should be faced by right side fabric on both sides, and the three seams should face eachother. All seam allowances should point the same way.

If your child likes to take the hat off, you should consider adding ties in this step. One way to do it, is to place them between lining and ribbing, 1-2 cm behind the quarter marks in the sides, like I've done here. Or add earflaps too.

Sew! Make sure that quarter marks in all three layers correspond.
Pull the top of the outer fabric through the gap in the lining. Close the gap with a seam, wrong sides together. Lay the lining along the outer fabric. Press outer fabric and lining away from ribbing.
Finished!

Here’s another one, size 44:
DSC_0700

Making a 60° angle: Fold a paper twice to make a 90° angle, then draw two lines as the illustration shows. Cut along the two lines.
60gradersvinkel

If anything is unclear, missing, not working well, or I have made silly mistakes in the post, you’re welcome to place a comment :-)
COPYRIGHT?
The pattern in itself (a hat with six parts in the top) is quite universal, you can use it as you want. If you make a hat with design that very much resembles the hats I’ve made, you’re welcome to link to my blog to give me credit. And if you proudly want to show me what you’ve made, do so, and we can be happy and proud together :-)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...