31.03.2014

Bursdagssaum-epoken var ikkje over!

Sjuåringen synest framleis det er ok å ha med seg heimesydde gåver i bursdag, og mor kosa seg på syrommet i går :-)

Mønster: Gått utifrå grunnmønster for t-skjorte, Inger Öberg. Lagt til 5 cm i lengda.
Stoff: Ulike bomulljersey-stoff, unntatt sky-stoffet, som er frotté, og kantane som er ribb (Stoff og Stil). Gepard-biletet er tatt frå eit jerseystoff Stoff og Stil har i salg nå, med fotoprint av mange forskjellige dyr!

Tilbake i Annwes-sporet

Lite sying i vinter, men når vårsola kjem, og barna er tidleg i seng etter å ha brukt opp alle kreftene på trampolina, håpar eg på mykje lyst og overskot til å sy! Har i allefall byrja bra denne veka, synest eg, med fem t-skjorte-tunikaer heilt etter min stil. Og med mønstra stoff plukka ut av mottakaren, så då blei ho strålande fornøgd også :-)

Design/mønster: Eige. Men denne gongen har eg brukt grunnforma på t-skjorte til Inger Öberg som utgangspunkt.

-Det er ikkje sydd inn nokon stripe i sida, men bakstykket er breiare enn forstykket.
-Jenta hadde overvidde ca 59 cm, som etter tabellen svarar til str. 110/116. Plaggmålet i 110/116 er 67 cm, dvs. 8 cm rørslevidde (eller la oss nynorsk-kapitulere og kalle det “bevegelighetsvidde”, hehe). 8 cm bevegelighetsvidde vil seie at om ein står framom barnet og tar tak i overskytande stoff i kvar side samtidig, så får ein ein to cm brei fald mellom fingrane på kvar side. Eg synest det er litt lettare å sjå for seg bevegelighetsvidda ved å tenkje på denne måten…
-T-skjorta i str. 98/104  har overvidde 63 cm, passar betre med ønska bevegelighetsvidde på mitt plagg (4 cm). Eg sjekka at ermane i 98/104 ikkje blei for smale for jenta, og tok deretter utgangspunkt i str. 98/104 for vidare konstruksjon.
-Om ein brukar så smal overvidde, vil t-skjorta bli for trong over hoftene. Her er dette korrigert ved å skrå rett utover for å lage ein tunika.
-På lengda tok eg utgangspunkt i str. 116, og la til litt for å få meir tunikalengde. Ser i etterkant at grunnmønsteret er nokså kort, så på t-skjorta som bloggast etter dette innlegget har eg lagt til 5 cm på lengda.

Stoff: Diverse bomullsjersey. All ribb er frå Stoff og Stil.

Heltebukse

Til sonen i huset…

Mønster: Eige, str. 8 år
Stoff: Melert isoli frå Stoff og Stil. Trykt isoli med deileg, flossa bakside: Frå Textart på Jæren.

Maud-kjolen ferdig

Kjolen blei sydd på “syalong” på Sykroken.net, takk til arrangør Nina for motivasjonen til å setje i gang med kjolesying!

Mønster: Tok utgangspunkt i eit tunikamønster frå Ottobre og endra ein heil del.
Stoff: Stoff og Stil, eit fast strikka, tykt, trykt jerseystoff designa av Maud Fredin-Fredholm.
Tightsen, som omtrent ikkje synest, er forresten sydd av denim-farga jersey frå Olivias.no.

20.03.2014

Endeleg eit prosjekt for det deilege stoffet

Joda, eg syr. Sånn bittelitt innimellom. Her om dagen blei det sydd t-skjorte som bursdagsgåve til ein klassekamerat som fylte sju :-)

DSC_0253kvit

Mønster: Eige
Materiale: Interlock som er “fast i fisken” og veldig godt å take i, synest eg. Fekk det i gåve av ei venninne (Tøydama, for dei som måtte kjenne henne på Sykroken ;-) Kanta med ribb frå Stoff og Stil (t-skjorta er kanta, ikkje venninna, altså, hehe). Initialane til mottakaren, “FI” er laga av refleks-venyltransfer, kjøpt av Sydilla.

21.02.2014

Om cap sleeves

Eg har lagt min elsk på “cap sleeves”, eg! Dei gjer skuldrane litt breiare på ein feminin måte, som igjen fremmar kvinneleg timeglass-fasong. Trur det må vere derfor eg intuitivt synest det er fint, i allefall. Eg tenkte eg her skulle seie noko om korleis eg brukar å sy dei.

Ein kan velge å kante ermet separat, enten med oppleggskant eller ribb. Sidan ermet ikkje dekkjer heile ermeutringinga, vil det då bli litt fri saummonn. Denne saummonnen brukast som oppleggskant. Men så kjem overlock-maskina og forkludrar prosessen: Når ein syr ermet på, har knivane ein lei tendens til å klippe bort litt av saummonnen som skal brukast som oppleggskant også. For å hindre dette, syr eg på ermet med sikksakk i starten og slutten av saumen. Deretter syr eg resten med overlock, og styrer knivane unna den frie saummonnen. Betre å vise bilete:

Fyrst eit oversiktsbilete:

Slik ser det ut når eg har sydd resten av saumen med overlock:

Deretter pressar eg saummonnen mot vranga og syr den fast, her har eg brukt trestings-sikksakk:

 

 

 

 

 

 

 

Ein kan også velge å kante både ermet og den frie “ermehol-kanten” i eitt. I såfall klipper eg ned den frie saummonnen før eg kantar. Men eg klipper den så det blir ein jevn overgang mellom erme og ermehol-kant:

Frå omslagstopp til topp med splitt framme

DSC_0195kvit DSC_0201bk

Her skal du få sjå korleis du endrar omslagstopp-mønsteret til å lage ein topp som denne. Eg hadde lyst til å ha reine linjer utan knappar i toppen på bileta, sidan det var så mykje detaljar i stoffa. Men det enklaste er nok likevel å ha knappelukking midt framme.

Mønster: Omsøagstopp-mønster av Annwes, Symagasinet mars 2014 (den norske versjonen)

1.Teikn av omslagsstykket og teikn inn “midt for”-linje:

2. Bestem deg for kor brei ribbkant du vil ha. På denne toppen er ribbkanten 3 cm brei. Dette fungerer med Hilco-ribb som er godt tøyeleg. Men det ville ikkje fungert med Stoff og Stil-ribb (mellom 1,5 og 2 cm?).

3. Teikn to hjelpelinjer på kvar si side av midtlinja, parallelt med midtlinja og midtlinja midt mellom hjelpelinjene. Hjelpelinjene skal forestille ribben, så avstanden mellom dei er lik ribb-breidda.

 

4. Teikn ei linje i éi ribb-breiddes avstand frå halsutringinga ned mot den fyrste, hjelpelinja:

 

5. Lag ein jevn boge over til hjelpelinja og fortset nedover:

 

6. Klipp ut mønsteret (langs grønn linje). Eg brukar å leggje til saummonn i denne prosessen (1 cm):

 

7. Bakstykket treng også å justerast i halsutringinga. Eg likar å gjere dette etter at eg har klipt ut mønsterdelen, så eg slepp å klippe i mønsterpapiret. Rekn ut før du klipper: Trekk frå ribb-breidde og legg til saummonn. I dette tilfellet –3 cm +1 cm, dvs at eg klipte av to cm i halsutringinga på bakstykket.

8. Klipp ribb-remse: Dobbel ribb-breidde + saummonn på kvar side. Til 3 cm ribbkant klipper eg 8 cm brei ribb-remse. Press remsa på langs. Pass på at remsa er lang nok!

9. Sy den pressa remsa på rette mot rette, start “nederst” nedanfor bysta, sy opp, rundt og ned igjen. STREKK remsa medan du syr: Ørlite grann på rette strekningar, ikkje i det heile tatt i svingen der dei to stoffdelane møtast midt framme (pass her på at ribbsaummonnen ligg kant i kant med jerseysaummonnen heile tida). Strekk nokså mykje på sidene på nakkestykket, der det er krapp sving.

10. Press ribben på plass med strykejern. Har det blitt litt stramt nokre stader? Då kan det hjelpe å sy saummonnen ned med ein stikning nokre millimeter inne på jerseystoffet. I dette tilfellet bør det gå bra å gjere det med vanleg rettsaum, sidan denne ribbkanten neppe kjem til å bli veldig strekt.

11. Legg høgre framstykket over venstre og set på knappar. (Sjølv sydde eg delane saman med ein rettsaum langs saumen på høgre sida av ribben (eg auka overlappinga med 2-3 mm). Kanten på venstre sida av ribben festa eg for hand.)

19.02.2014

Behind the scenes, V-hals med rynka sider

OBS: Dette er ingen tutorial, men eit innlegg for spesielt interesserte om korleis eg gjekk fram for å lage mønster på V-hals med rynka “V-sider”, og innebygd belegg. I beste fall kan det verke inspirerande på nokon -men med fare for å verke forvirrande…

DSC_0171bk DSC_0164kvit

Mønster: Omslagstopp-mønster som snart kjem i mars-utgåva den norske utgåva av Symagasinet.
Stoff: Viscosejersey

Design-prinsipp: Begge sidene i V-hals-utringinga rynka til kvar side, både oppe ved skuldersaumane og nederst i utringinga, slik at rynkene skal gå parallelt med sidene på V-halsen. Halsutringinga er ikkje kanta, men i stadenfor er det eit innebygd belegg ved at det er ekstra stoff i V-halsen som er bretta tilbake og ligg under det rynka området.

KLIKK PÅ BILETA FOR STØRRE VERSJONAR!

DSC_0145Mønsterutgangspunkt: Teikna av omslagsstykket fram til “midt framme” (modell utan byste-innsnitt). DSC_0146Rett linje i V-halsen DSC_0147Parallell linje drøye 5 cm innanfor. Representerer både kor breitt området med rynking skal bli, og breidda på belegget.
DSC_0148Markerte endane på denne linja, for å vise kor rynkinga skal starte. DSC_0149La på nytt ark, teikna av det 5 cm breie området med spiss nederst. DSC_0150Testa rynke-effekten i stoffet, fann at å rynke 2:1 truleg kom til å bli bra.
DSC_0151Snudde ekstra-arket så baksida blei liggande fram. DSC_0152Teikna over strekane ein gong til frå andre sida slik at dei blei godt synlege. Denne mønsterdelen kjem heretter til å utgjere det innebygde belegget i V-halsen. DSC_0153La belegget på undersida av det store mønsterarket, parallelt med V-hals-sida, drøye 5 cm frå denne. I øvre kant ligg quiltelinjalen vinkelrett på V-hals-sida, og belegget blei lagt slik at øvre, høgre hjørne på belegget låg på samme, vinkelrette linje som toppen av V-hals-sida.
DSC_0154Trakk ei linje mellom øvre, høgre hjørne på belegg og toppen av V-hals-sida. DSC_0155Skrå linje mellom tilsvarande punkt på nedre del av mønsteret. DSC_0156Kopierte resten av belegget over på det store mønsterarket.
DSC_0157La til rynkesymbol oppe og nede DSC_0158Merka meg kor breitt ferdig rynka område skal vere, både for sjølve rynkinga sin del, og for å kunne overføre markering til bakstykket. Eg laga også eit nakke-belegg som hadde denne breidda ved skuldersaumen. DSC_0159Ikkje noko saummonn langs den frie kanten av belegget, elles 1 cm overalt.
DSC_0161Markerte kvar rynkingane skulle starte DSC_0162Markering for rynke-start og samtidig brettelinje for belegg. Klipte eit belegg for nakken også, med breidde like stor som belegget framme.

Sying, i korte trekk:
-Sydde på belegget bak.
-Rynka saman øverst på forstykka, sydde deretter skuldersaumane
-Sydde saman dei to forstykkedelane nede rette mot rette, ved å sy heile vegen frå spissen på belegget, opp i “kroken” (sjå nest siste biletet over her) og vidare ned til den horisontale sida under bysta. Brukte rettsaum.
-Brukte 1 cm breitt strikk til å rynke nederst i V-utringinga. Brukte trestings-sikksakk, nokså smal saum og litt lang stinglengde. Bretta til slutt belegget mot vranga og festa med ein liten, diskret saum.
-Festa nedre del av nakkebelegget med ein diskret coversaum.
-Sydde så resten av tunikaen.

10.02.2014

Variasjonar over eit mønster som snart kjem i salg!

I forrige innlegg fekk de eit preview av eit mønster som kan kjøpast i mars-utgåva av den norske utgåva av Symagasinet. Som i forrige innlegg, har eg testa ut variasjonar av mønsteret, denne gongen mykje enklare endringar enn sist:

 

Etter planen vil det om litt kome forklaring her på bloggen på kva endringane har gått ut på :-)

Mønster: Omslagstopp, gjevast ut i Symagasinet mars 2014.
Stoff: Prikkete jersey frå Textart (som dessverre stengte nettbutikken 1.feb i år…), foto-jersey frå Stoff og Stil, ribb frå Hilco/Sydilla.

Så – dette er veeeeeldig spennande! Mitt fyrste publiserte mønster!

This top is a modified design of my pattern that will be published in the March-issue of “Symagasinet”, a Scandinavian sewing magazine. It comes only in the norwegian version.

Viskose-jersey-tunika og eit PREVIEW!

Viscosejersey er ein spennande t ype stoff å sy av, særleg fordi stoffet har veldig fint fall. Flott til bluser/ toppar! Er ikkje så aller verst å sy av (når ein har overlock-maskin), samanlikna med til dømes sateng. Men er nok ikkje noko vinterstoff, oppdaga eg her om dagen, ved sortering av ferdigtromla tøy som etterpå hadde lege i eit kaldt rom. Polyester-fleece: “varmt” å take på, trass i at stoffet var kaldt. Bomulls-isoli: Ganske lunt. Viscosejersey: Kaldt, brrr! Men så blir det sikkert tilsvarande svalt og godt om sommaren, vil eg tru!

PREVIEW?? Av kva? Jo, nå skal du høyre: Mønsteret eg brukte som utgangspunkt då eg sydde denne tunikaen, vil du kunne kjøpe i marsutgåva av den norske utgåva av Symagasinet :-) Akkurat her har eg endra ein god del, sidan eg hadde lyst til å teste ut ulike måtar å veriere mønsteret på.

Sjølve mønsteret er ein omslagstopp. Med i mønsteret er det tre ulike byste-storleikar, tre ulike variantar av nederste del på toppen og to ulike typer ermer. I tillegg fylgjer det med eit indre forstykke som er tilpassa amming. Storleik S – XL.

Av alle kominasjonane ein då vil kunne få, er dette to av dei:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...