19.02.2014

Behind the scenes, V-hals med rynka sider

OBS: Dette er ingen tutorial, men eit innlegg for spesielt interesserte om korleis eg gjekk fram for å lage mønster på V-hals med rynka “V-sider”, og innebygd belegg. I beste fall kan det verke inspirerande på nokon -men med fare for å verke forvirrande…

DSC_0171bk DSC_0164kvit

Mønster: Omslagstopp-mønster som snart kjem i mars-utgåva den norske utgåva av Symagasinet.
Stoff: Viscosejersey

Design-prinsipp: Begge sidene i V-hals-utringinga rynka til kvar side, både oppe ved skuldersaumane og nederst i utringinga, slik at rynkene skal gå parallelt med sidene på V-halsen. Halsutringinga er ikkje kanta, men i stadenfor er det eit innebygd belegg ved at det er ekstra stoff i V-halsen som er bretta tilbake og ligg under det rynka området.

KLIKK PÅ BILETA FOR STØRRE VERSJONAR!

DSC_0145Mønsterutgangspunkt: Teikna av omslagsstykket fram til “midt framme” (modell utan byste-innsnitt). DSC_0146Rett linje i V-halsen DSC_0147Parallell linje drøye 5 cm innanfor. Representerer både kor breitt området med rynking skal bli, og breidda på belegget.
DSC_0148Markerte endane på denne linja, for å vise kor rynkinga skal starte. DSC_0149La på nytt ark, teikna av det 5 cm breie området med spiss nederst. DSC_0150Testa rynke-effekten i stoffet, fann at å rynke 2:1 truleg kom til å bli bra.
DSC_0151Snudde ekstra-arket så baksida blei liggande fram. DSC_0152Teikna over strekane ein gong til frå andre sida slik at dei blei godt synlege. Denne mønsterdelen kjem heretter til å utgjere det innebygde belegget i V-halsen. DSC_0153La belegget på undersida av det store mønsterarket, parallelt med V-hals-sida, drøye 5 cm frå denne. I øvre kant ligg quiltelinjalen vinkelrett på V-hals-sida, og belegget blei lagt slik at øvre, høgre hjørne på belegget låg på samme, vinkelrette linje som toppen av V-hals-sida.
DSC_0154Trakk ei linje mellom øvre, høgre hjørne på belegg og toppen av V-hals-sida. DSC_0155Skrå linje mellom tilsvarande punkt på nedre del av mønsteret. DSC_0156Kopierte resten av belegget over på det store mønsterarket.
DSC_0157La til rynkesymbol oppe og nede DSC_0158Merka meg kor breitt ferdig rynka område skal vere, både for sjølve rynkinga sin del, og for å kunne overføre markering til bakstykket. Eg laga også eit nakke-belegg som hadde denne breidda ved skuldersaumen. DSC_0159Ikkje noko saummonn langs den frie kanten av belegget, elles 1 cm overalt.
DSC_0161Markerte kvar rynkingane skulle starte DSC_0162Markering for rynke-start og samtidig brettelinje for belegg. Klipte eit belegg for nakken også, med breidde like stor som belegget framme.

Sying, i korte trekk:
-Sydde på belegget bak.
-Rynka saman øverst på forstykka, sydde deretter skuldersaumane
-Sydde saman dei to forstykkedelane nede rette mot rette, ved å sy heile vegen frå spissen på belegget, opp i “kroken” (sjå nest siste biletet over her) og vidare ned til den horisontale sida under bysta. Brukte rettsaum.
-Brukte 1 cm breitt strikk til å rynke nederst i V-utringinga. Brukte trestings-sikksakk, nokså smal saum og litt lang stinglengde. Bretta til slutt belegget mot vranga og festa med ein liten, diskret saum.
-Festa nedre del av nakkebelegget med ein diskret coversaum.
-Sydde så resten av tunikaen.

1 kommentar:

  1. Knallfin!
    Og så artig at du får mønsteret ditt i Symagasinet.
    Ellen :)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...