18.07.2011

Overlock-saum over ribbkant

IMG_0293komprimert
Eg har sydd over mang ein ribbkant med overlock og vore frustrert over resultatet. Enten forskyvar ribb-endane seg i høve til kvarandre, eller så sklir stoffet så kniven skjer innover i stoffet nedanfor ribbkanten.

*innlegget er revidert 02.06.12*

Eg har lært meg nokre teknikkar, og sjølv om desse ikkje kan sikre perfekt resultat, gjer dei jobben enklare. Tidlegare likte eg best å avslutte saumen med å sy over ribbkantane, men laga sklei ofte litt meir enn eg likte i høve til kvarandre. Så nå brukar eg å starte saumen i den enden der det er ribbkantar som skal syast over.

Slik gjer eg:

-Den saummonnen som overlock-kniven er meint å klippe av, klipper eg opp for hand på førehand, nokre få cm nedover. I praksis blir det eit spor i stoffet for overlock-kniven:


-Når eg skal sy, lyfter eg fyrst syfoten og legg stoffe innunder slik at ribbkantane når heilt fram til nålene, og den lausklipte saummonnen blir liggande på høgre side av kniven. Senker syfoten.

IMG_0292komprimert


Når eg byrjar å sy, held eg fingrane på venstre handa fast ned på stoffet til venstre for syfoten, slik at det ikkje sklir sidelengs. Samtidig treng ribbkantane gjerne ein liten dytt framover også.

Dersom eg skal sy over ribbkantar i enden av saumen også, klipper eg opp saummonnen på samme måten, og syr slik at kniven treff det sporet eg har klipt. Også her held eg eit nokså fast trykk på stoffet til venstre for syfoten, så det ikkje sklir sidelengs.

Men, når eg må over ein ribbkant i enden av saumen, har syfoten lett for å hindre det øvste stoffet i å bli trekt fram. Slik denne skissa viser:
ribbkant forskyvar seg

Då kan det hjelpe å take det heile litt i slow motion: Med ein gong ein ser at den øvste ribbkanten hektar seg opp i fremre kant av syfoten, kan ein stoppe, og deretter vippe fronten av syfoten opp (ikkje løfte den med hendelen). Så kan ein leggje båe ribbkantane bittelitt fram, og rett over kvarandre, så dei kjem seg forbi knekken fremst på syfoten. Obs: Pass fingrane for kniven!
ribbkant forskyvar seg4

Men som sagt, det har lett for å skli litt likevel. Eg tar gjerne imot tips om de har andre, betre måtar å gjere dette på :-)

Enden av overlock-saumen blir lett frå rettsida av plagget. Om ein vil gjere den litt mindre synleg, kan ein brette saummonnen til sida, og sy den fast med ein liten rettsaum på symaskina, saumen kan til dømes vere like lang som breidda på ribbkanten.

6 kommentarer:

  1. Takk for godt tips.
    Har nettop kjøpt overlock, og kan ingenting,
    så må suge til meg lærdom fra alle andre.
    Kjempefin blogg du har.
    Deg vil jeg følge videre:)
    Ha ei fin uke.

    SvarSlett
  2. Du er verkeleg i siget for tida og legg ut det eine flotte plagget etter det andre - og ikkje minst mange flotte tutorials! Dette tipset her skal eg så absolutt prøve...

    Tusen takk for koseleg kommentar på bloggen min! Eg hadde rett og slett ikkje bilete av heile skjørtet, men om du trykkjer på kategorien "skjørt" på høgresida finn du fram til eit nesten likt eit..

    SvarSlett
  3. Tusen takk for nyttig tips! Fekk overlock til bursdagen, og driv enno og prøver ut. Veldig nøgd så langt, men har nok mykje å lære. Kjem tilbake til bloggen din :o)

    SvarSlett
  4. Takk for flotte tips! Som ny overlock-bruker, så har eg funne ut at det er mye å sette seg inn i...

    SvarSlett
  5. Godt tips!! Me kjenner vel alle dette problemet. Eg har komme til at problemet minsker om eg avsluttar saumen ved den mest "synlege" enden (f.eks syr eg frå nederst til opp i ermelinningen under armen). Dersom eg startar under armen tykkjer eg det blir ein del hakkesting før eg får saumen ordentlig i gang. Men dette skal prøvast!

    SvarSlett
  6. Tråkleguri: Då eg sydde over ribbkantar for ei vekes tid sidan, trur eg faktisk at eg tenkte i samme gata, at det lønner seg å sy over ribb-kanten til slutt. Eg veksla i allefall litt på kva for retning eg sydde i frå saum til saum. Når ein startar med ribb-kanten, har dei fyrste centimetrane med stoff etter ribbkantane ein tendens til å skli unna sidelengs på mi maskin. Eg har revidert dette innlegget før, og kjem sikkert til å gjere det igjen ;) Takk for innspel!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...