15.09.2013

Gratulerer med flott bok!

I helga var det bokfestival i Oslo, og ein del av arrangementet var sy-workshop på Gyldendal-huset og lanseringa av boka til Kristin og Ane:

“Heilt Spesiell og Jubel: Sy glade klær til glade barn” 

Heilt Spesiell og Jubel sy glade klær til glade barn av Kristin Thorsnes og Ane Sund, redaktør Ann Kristin Nås Gjerde

På biletet over: Til venstre redaktør Ann Kristin Nås Gjerde, ved sida av forfattarane Kristin Thorsnes og Ane Sund (sitjande).

Isabell (på Sykroken.net kjent som RubberDuck) tar klede og bok i nærare augesyn. Her er ingen skeive saumar å finne og boka er kjempeflott!

Eit kjapt, oppstilt bilete til blei det også tid til:

Frå venstre: Isabell og Anne Kristin (heiagjeng frå Sykroken.net), og boklansørane Kristin, Ane og Ann Kristin

Boka er så inspirerande at eg ikkje klarte å la vere å sy i går kveld og i dag tidleg, og her er eit preview av resultatet:

tøffing-bukse og genser sydd etter mønster fra Heilt spesiell og Jubel Sy glade klær til glade barn

Det står att å seie:

Gratulerer Ane, Kristin og Ann Kristin, bra jobba!

12.09.2013

Modern Camouflage

Isn’t this a cool fabric? I guess it’s made for curtains and pillows, but the moment I saw it: “That’s gonna be my new jacket!!”

Moderne kamuflasje-jakke med digitalprint

Moderne kamuflasje-jakke med digitalprint Moderne kamuflasje-jakke med digitalprint

Moderne kamuflasje-jakke med digitalprint

I’ve used the jacket a few days now, and I like it very well. It aaaalmost passes my “bicycle test” for jackets! (I.e. Is it possible to ride a bike wearing the jacket (holding the arm forwards)?)

Pattern: Stoff og Stil, without alterations, except for the length.
Fabric and buttons: Ohlsons tyger, Sweden
Details on the left shoulder is made from iron-on vinyl.

Let’s see what all the good and inspiring seamstresses at RUMS in Germany have posted today!

04.09.2013

Skumle bølger og snille bølger

Eit stoff som endrar karakter ved å snu det på hovudet! Fascinerande! Ei venninne sa ein gong at ho syntest stoffet såg sint ut eine vegen og meir vennleg ut andre vegen. Eg er einig med henne!

This fabric changes character when turned upside down! A friend of mine once pointed that out to me; “it’s kind of angry this way and friendly when turned!” Cool!

DSC_1042 copy2

Eg har forresten lenge tenkt eg skulle finne ut korleis ein kunne lage ei spørjeundersøking, sjå nedst i posten om du lurar på korleis eg har laga den…

 

Kva for bølgetype likar _du_ best? / What kind of wave do _you_ like best?

Stoffet blei i sommar brukt til å sy haremsbukse frå Ottobre i str. 6 år til mellomste-jenta i huset:

Ottobre 3/2013 Ottobre haremsbukse

Jentas kommentar til buksa etter å ha brukt den mykje: “Ville heller hatt ei vanleg bukse, men den er veldig fin til å leike “Fisken i det røde hav” med alle dei ulike fargane!” :-)

Mønster: Ottobre 3/2013 modell 7, øvre kanten på framstykket senka 1 cm. Sydd i ein storleik større enn jenta brukar til vanleg, funka bra.

Spørjeundersøking/poll: Eg fann ein framgangsmåte på denne sida, i korte trekk går det ut på å legge ein original Blogger poll widget inn i bloggen (i sjølve ramma, ikkje i ein post), kopiere html-koden inn i ein bloggpost, og slette widgeten etterpå.

02.09.2013

Gjestesyar!

Til tider er syrommet mitt i kjellaren full av folk, for far i huset har sett den stasjonære PC’en der, og litt leiker og kanskje ein laptop med barnespel er det der også. Og her for litt sidan kom også bror min og forloveden på besøk for eit lite sykurs, og vi hadde det veldig koseleg der nede på syrommet, der vi var opptil sju personar samtidig! (rommet er ikkje sååå stort :-)

Bror min A og hans kjære N plukka ut kvar sitt mønster og deretter stoff. A var fyrst ut med å bli ferdig, sidan han hadde eit enklare plagg, og slik blei resultatet:

From time to time my sewing room down in the basement is quite crowded, the whole family spends time there. That’s nice!  I’m the only one sewing, though, but placing a computer or two and some toys there makes it a social place.  A couple of weeks ago, I even had sewing guests, as my brother A and his fiancée N came for a little sewing course. A made this t-shirt, N chose a little more complicated garment, and will finish it later.

Mønster: Ottobre 3/2005, til sals her. Mønsteret er eit relativt tight fit-mønster, men er meint å syast i interlock, som føyer seg godt etter kroppen utan å stramme. Pattern: Ottobre 3/2005.

Stoff: Bomullsinterlock (kjøpt frå tidlegare Cetho), ribben er kjøpt hjå Jydsk Stoflager. Fabric: Cotton interlock.

A hadde lyst på V-hals. Eg tenkte dette var ei utfordring litt i største laget når ein ikkje har sydd med ribb før, så den sydde eg. Om du har lyst til å sy ein slik hals, veit eg at Gekko har hatt ein tutorial på bloggen sin.

Dekoren er av vinyl heat transfer. Og nå har eg typisk gløymt kva dei tre trekantane står for, men det veit kanskje du som les?

Seinare får vi sikkert sjå kva det blir av det ferdig-klipte plagget til N!

31.08.2013

Og vinnaren er / The Winner is…

Heilt-Spesiell-og-Jubel.-Sy-glade-klaer-til-glade-barn_hd_image

… Trude!! (som posta 28.august)

Gratulerer så mykje!

Trude, kan du sende meg ei ein mail med adressa di på “annekrjo / ætt / online.no”? Så skal eg vidaresende den til forlaget :-)

27.08.2013

Vinn årets flottaste sybok!

Eg minner om konkurransen denne veka, der du kan vinne denne boka:

Heilt-Spesiell-og-Jubel.-Sy-glade-klaer-til-glade-barn_hd_image

Meir info og påmelding: Sjå to postar lenger ned! Frist fyrstkomande laurdag kl. 20.00. Lykke til!

This week you can win this new, great norwegian sewing book, more info to posts further down :-)

26.08.2013

Bursdagskjole til ein 5-åring

I dag var mellomste-jenta i bursdagsselskap! Det var ekstra spennande og moro sidan det var for ei av jentene i barnehagen, der jenta vår byrja for berre er 1,5 veke sidan. Med seg hadde ho ein kjole i velour, og stoffet hadde ho plukka ut sjølv. “Fordon”-motivet designa Johanna Ahlard er tøft, og i desse fargane feminint i samme slengen!

DSC_0487kvit happy

Kjolen er sydd i str. 4 år, forlenga til str. 5 år. Stoffet trur eg eg kjøpte hjå Fabelblå, ribben er frå Stoff og Stil.

Our oldest girl was invited to a birtday party today, and brought this dress for the five year old birthday child :-) The dress is made of velour. Isn’t that fabric both cool anc cute at the same time?! The print is designed by sweedish Johanna Ahlard.

25.08.2013

Vil du vinne årets flottaste sybok?

Vinn boka "Sy glade klær til glade barn"

To sy-bloggarar eg ser opp til gir i desse dagar ut bok, og det eg har sett av boka så langt ser kjempebra ut! Tak ein titt på boka på forlagets heimeside. Kanskje du deltok i konkurransen som akkurat er avslutta på Maja sin blogg, utan å vinne? Fortvil ikkje, her kjem ei ny sjanse her på Løgleg saum-bloggen!

Dette seier forlaget om boka:

“De to populære bloggene Heilt spesiell og Jubel foreligger endelig i bokform.

Damene bak bloggene, Kristin Thorsnes og Ane Sund, startet sykarrierene sine med å designe klær til egne barn – og i Sy glade klær til glade barn deler de sine beste oppskrifter. Forfatterne formidler syglede og kreativitet med stor entusiasme i denne fargesprakende boken. De presenterer 66 oppskrifter med ulik vanskelighetsgrad på bl.a. bukser, kjoler, skjørt, jakker, luer, bodyer og gensere. Alle plaggene er sydd i myke stoffer som passer perfekt til små barn. Mønstrene kommer i størrelsene 56 til 128 cl. Med på kjøpet får du mønsterark i full størrelse og en instruktiv syskole.”

For å vere med i trekninga gjer du slik:

1) Link til konkurransen på bloggen din og/eller Facebook (Du må gjerne bruke biletet over)
2) Signér under dette innlegget (Hugs å få med kontaktinfo/mailadresse)

Frist: Laurdag 31. august klokka 20.00. Vinnaren vil bli annonsert på bloggen samme kveld. Boka sendast ut til vinnaren direkte frå forlaget.

(Eg er lei for at de som ikkje har blogg og ikkje er på Facebook ikkje får vere med i konkurransen, reglane er bestemt av forlaget…)

Lykke til!

Sewing book of the year in Norway is right around the corner, check out the publisher’s site for a sneak peek! To win a copy of the book (it’s in norwegian…), you’ll need to place a link to this blog post from your blog or from Facebook, in addition to placing a comment in this blog post (including contact info). Contest closes 31 August, 08.00 p.m. Good luck!

11.08.2013

Jersey-shopping i Sverige

Vi har akkurat kome heim frå Sverige-tur, og eg har fylt på stofflageret mitt med jersey-stoff/trikå-tyger!

We have just come home from our summer trip abroad, this year we went to Sweden. I shopped jersey fabrics, because you get a wider range of those fabrics in Sweden (and in Denmark) than in Norway.

tyg-shopping i sverige

Kartet viser sånn omtrentleg ruta vår (litt lenger nede står det om kva elles vi gjorde):

Stoffbutikk 1: Tygladan i Vänersborg


Nettside: http://tygladan.se/
Facebook-side: https://www.facebook.com/Tygladan

Tygladan/Tygfabriken er ein kjede med hovudsenter i Vänersborg. Dei tar i stor grad inn dei samme jersey-stoffa som dei andre butikkane eg besøkte, men til absolutt beste pris; 120 SEK for mønstra/trykt jersey/trikå, og 85 SEK for einsfarga jersey/trikå. Sjå på heimesida og Facebook-sida for å sjå bilete av stoff dei har. God utval av jersey, dei hadde minst 70-80 ulike mønstra, tenkjer eg. Av andre kles-stoff hadde dei litt forskjellig, men ikkje så godt merka med type kvalitet (bomull, polyseter, ull, etc).

Kjøpt hjå Tygladan:

Jersey Tygladan

2. Jofotex i Söderköping

Nettside: http://butik.jofotex.se/

Dette er ein butikk som er velkjent frå nettet for mange norske heimesyarar, kjent for blant anna interlock med kaniner eller elefantar på, eller landskapsstoffet på biletet under. Nå har dei ikkje desse interlockane lenger, men nokre av dei gamle motiva er trykt opp igjen på jersey.

Jofotex er ikkje billigaste i klassa, dei tar 139 SEK for mønstra jersey og 119 SEK for einsfarga. Men til gjengjeld hadde dei eit kjempestort utval av jersey. Og då eg fortalde den hyggelege dama i kassa at eg hadde høyrd rykte om ein rabatt for nordmenn, blei ikkje slutt-prisen så veldig mykje høgare enn Tygladan likevel :-)

Jofotex har også ein god del andre klesstoff også, nokonlunde likt Stoff og Stil på den fronten, tru?

Jersey kjøpt hjå Jofotex

 

3. Tygfabriken i Karlstad

Som nemnt lenger oppe er Tygfabriken ein del av Tygladan-kjeden (samme nettside). Samme låge prisar og stort sett samme stoffa. Eg innbillar meg at dei hadde bittelitt fleire einsfarga jerseyar inne, men litt færre mønstra jerseyar enn i Vänersborg. Butikken ligg i eit lagerlokale-aktig hus litt aust for sentrum.

PS: På ferietur med mann og små barn med? Les lenger nede om kvar du kan “parkere” resten av familien under stoff-shoppinga i Karlstad ;-)

 

4. Ohlsons tyger i Karlstad

Nettside: http://www.ohlssonstyger.se/

Denne butikken låg inne i eit kjøpesenter midt i byen og minte litt om “Kid” eller “Princess”, men med klesstoff i staden for dyner. Av butikkane eg besøkte, hadde dei minst utval av jersey, men ikkje så aller verst utval likevel. Dyraste butikk med 149 SEK for mange av dei mønstra jerseyane, men nokon det stod “nyhet” på kosta berre 99 SEK (kampanje?). Einsfarga jersey til 119 SEK. På nettsida deira er ikkje nyheitane til 99 kr med, derimot har dei ein del stoff til 99 SEK som ikkje var i butikken (blant anna det blå/turkis-småblomstra stoffet på biletet over). Det blei ikkje med meg jersey heim frå denne butikken, men eit vevd stoff som eg håpar eg får vist fram ein annan gong.

 

Generelt om ferieturen vår:

Vi reiste måndag morgon frå Oslo. Etter å ha køyrd innom Nordby kjøpesenter like over grensa ved Svinesund, berre for å ha sett senteret alle Harry-shoppar på, køyrde vi vidare til Nordens ark ved ein fjord sånn ca midt mellom Strømstad og Gøteborg. Her går ein ei løype rundt i koseleg skog og får sjå ikkje berre padde, hakkespett og stork, men også tiger, leopard, og ulv mm. Barna kosa seg. Vidare køyrde vi til Uddevalla der vi hadde booka hotell på Coop hotellkupp.

Hotellrommet hadde vi to netter, og tysdag reiste vi på dagstur til Gøteborg og Universeum rett inntil Liseberg. Eit litt-av-kvart-hus med litt akvarium, litt regnskog, litt vitensenter, litt dinosaur-utstilling, romskip-utstilling og krimteknikk-utstilling. for ikkje å gløyme leikerommet i kjellaren. Heile familien kosa seg i Universeum, men vi var glade for at vi var der i slutten av, og ikkje midt i, høgsesongen, for det var ikkje speseielt god plass der. Her har mellomste jenta vår akkurat klart å temme ein dinosaur:

 

I Uddevalla er det faktisk ein stoffbutikk i Tygladan-kjeden på torget, Lilla Tygladan, men eg fekk ikkje til å gå innom, for den opna litt for seint og stengte litt for tidleg.

Onsdag køyrde vi til Vänersborg og mann og barn tusla rundt i området rundt den ganske skjarmerande butikken (Tygladan=Stofflåven) medan eg handla stoff. Hovudstopp for dagen var Ekehagens forntidsby der det var den siste familiedagen i sesongen, med fleire aktivitetar enn andre dagar, blant anna fekk eg prøvd meg som bogeskyttar:

Forntidsbyen låg passeleg til på vegen mellom Vänersborg og Vimmerby. Parken er artig for den som er interessert i natur og historie (steinalder osv), men vi ville nok ikkje ha reist lang omveg berre for denne attraksjonen. På veg til Vimmerby køyrde vi forbi Jönköping, her er det Ohlsons tyger, men utan at vi hadde høve til å stoppe der.

Torsdag nådde vi hovudmålet for turen vår; Astrid Lindgrens Värld. Dette er ein slags “teaterpark” der ein går rundt mellom modellar av stadene i Atrid Lindgrens bøker, medan det spelast teater frå diverse scener. Vi hadde ein kjempeflott dag, einaste dumme var at det kom regn etterkvart. Sidan vi var der såpass seint i sesongen (8. august), var det greitt å få plass på tribunene rundt omkring. Vi fann ganske fort ut at Pippi var aller gøyast, med Emil som ein god nummer to (det var desse figurane barna kjente best til, og dei hadde glede av å sjå teater-stykka sjølv om dei ikkje skjøna svensk). Vi var i parken frå den opna til den stengte, og alle var stor-fornøgde med parken!

Teater i Villa Villekulla

 

Fredag morgon reiste vi nordover, fyrste stopp var Jofotex i Söderköping. Medan eg var i stoffbutikken var resten av familien i ein leikebutikk og ein stor daglegvarebutikk i nærleiken. Vidare køyrde vi til Norrköping, der det er ei Titanic-vandreutstilling nå i sommar. Ikkje like stor suksess med små barn, sjølv om utstilling i seg sjølv var fin. Så overnatta vi i Örebro. Det vesle vi såg av byen på veg til hotellet i sentrum såg veldig koseleg ut, med historiske bygningar og yrande folkeliv ein seinsommar-fredagskveld.

Både i Norrköping og Örebro var det Ohlsons tyger, utan at eg fekk høve til å besøke dei.

Laurdag var dagen for å reise heim, men med ein god stopp i Karlstad. Fyrst blei mann og barn køyrd til parken “Mariebergsskogen” like sør for sentrum. Dette viste seg å vere ein kjempeflott plass for barnefamiliar, med blant anna store leikeplassar. Og eit område med dyr dei kunne besøkje, der det var blant anna hest, ku, geit, kanin og undulat. Gratis inngang, det einaste dei betala for var bruk av minigolf-banen. Wow! I mellomtida var eg på Tygfabriken og dretter på Ohlsons tyger. Sidan Ohlsons tyger låg midt i sentrum, var det enkelt å kjøpe med seg noko lunsj og ete på ein benk saman med familien i den idylliske parken etterpå.

Mariebergsskogen i Karlstad

Mariebergsskogen i Karlstad Mariebergsskogen i Karlstad

Oppsummering:

Mest skjarmerande stoffbutikk: Tygladan Vänersborg
Best stoffutval: Jofotex
Best pris: Tygladan/Tygfabriken
Mest gøy: Astrid Lindgrens Värld

I fjor var vi på familieferie/stoff-shoppingstur i Danmark/Jylland, det kan du lese om her.

02.08.2013

Stas med hest / Proudly Presenting the Horse

Dette settet var det jammen stor stas med! Det var ikkje få gongene jenta sa “hessst!” etter å ha fått bodyen på! Hesten er klipt ut av vinyl transfer og strykt på. Mønsteret på buksa er frå Ottobre 3/2013, modell nr 7. Eg klipper av ein cm på toppen av framstykket, synest buksa heng betre då.

Oh joy! The little girl said “hessst!” plenty of times after getting this bodysuit on. “Hest” means “horse”, maybe you have guessed it already ;-) The horse is made of vinyl transfer. The pattern for the pants are from Ottobre 3/2013, design no 7. I have modified the pattern slightly by cutting a cm from the top of the frontpiece, I think the fabric falls/drapes better when doing that.

Fabrics: Stoff og Stil

29.07.2013

Sykkelkjole II / Bycycle Dress II

DSC_1002kvit

Den fyrste “sykkelkjolen” var såpass stor suksess at eg sydde ein til niesa mi sin 6 årsdag også. Denne er i ein slankare variant, sidan jenta er smal. Det er jo noko av det som er moro med å sy sjølv, at ein kan tilpasse proporsjonane på plagget til den som skal bruke det :-)

The first “bicycle dress” was such a success that I made one for my niece’s sixth birtday too. This dress is a more slim fit version. That’s one of the things that makes sewing fun; you can alter the proportions of the garment according to the person who is going to were it :-)

DSC_1005

Oups, eg gløymde å sy i storleikslapp i nakken før eg sydde ned saummonnen med covermaskina… Derfor blei det storleiks-“lapp”/markør for kva som er bak ved hjelp av vinyl strykestoff i staden for. Og då kan ein like godt take med mottakarens initialer også!

Oups, I forgot to attach the size tag before I stitched the top cover seam around the neckline. So I used vinyl iron on for “size tag” (basically for showing what’s back and what’s front of the garment). And when using vinyl transfer, I could put on the child’s initials too!

Forresten, her var det eit bilete av korleis eg har sydd på cap sleeves (nederste del av ermet allereie kanta):
By the way, here’s a photo of how I stitched the cap sleeve on (the lower edge of the sleeve already finished):

Sidan saummonnen i armhola skal brettast mot vranga, tenkte eg at eg skulle halde den unna overlock-kniven. Derfor sydde eg på ermet med ein kort sikksakksaum fyrst (blå strek nr 1), samme sikksakk i enden av ermet. Deretter køyrde eg meg innpå med overlocken etterpå (grønn nr 2). Pressa saummonnen mot vranga og sydde heilt rundt med cover-saum til slutt. Click to enlargeBecause the seam allowance in the armpit is to be folded towards the wrong side, I thought that I should keep it away from the overlock knife. So I started to stitch the sleeve on by using zigzag (Blue no. 1), the first and last few centimetres of the seam. Then I stitched my way on like the green no. 2 shows. Finally pressing the seam allowance to the wrong side and stitching a top cover seam with the coverstitch machine (no. 3)

Mønster: Eige
Stoff: Jersey med eple frå Kølkær stoffer/stofkarsten.dk, prikkete jersey frå Textart.no. Den einsfarga jerseyen i sykkelbuksa er frå samme produsent som elpestoffet, trur eg, men kjøpt hjå stofstedet.dk.

Ammetopp att / Nursing Top

Home made nursing top in single jersey

Eg jobbar med ammetopp-mønster for tida. Denne her blei sydd for nokre veker sidan til ei venninne som nyleg fekk barn. Fleire toppar kjem det til å bli, tusen takk til Sykrokarar som hjelper meg i konstruksjons-prosessen med å oppgi mål på seg sjølv :-)

Toppen er sydd i str. L og litt for stor til meg. Heldigvis viste det seg at den passa godt til ho som fekk den.  Når det gjeld stoff til ammetopp, er eg nokså nøye på at det er ein jersey som har god stretch. Og litt barnslege motiv   ̶  det må vere lov når det er ein ammetopp, synest eg!

My blog statistics show that many german seamstresses have found their way to the blog post of a nursing top I made a few years ago. You are very welcome, and the hits actually inpired me to work more with this design, even though I’m not nursing anynore. I made this top for a friend of mine who got a girl recently. It’s a little bit too large to me on the picture, but fortunately it fit my friend much better :-)

Stoff/Fabrics: Jersey kjøpt hjå Stofstedet, Nord-Jylland (Stofstedet.dk), ribb frå Stoff og Stil (stoffogstil.no)

15.07.2013

Sykkelkjole / Bicycle Dress

Bicycle dressBicycle dress Bicycle dressBicycle dress

Fireåringen (fem til hausten) plukka ut stoff ho ville ha kjole av. Då eg designa den, var eg klar over at det ville bli ein sporty type kjole, men det var fyrst då ho sette seg på sykkelen, at eg såg at det var den perfekte sykkelkjole! Litt som tennis-kjole; ein topp forlenge ned til eit veldig kort, men vidt skjørt. Når ho sit på sykkelen, heng skjørtet ned som ei søt gardin rundt setet, og stoppar ovanfor bakskjermen. Dessverre fekk eg ikkje noko bilete av ho på sykkelen, men eg naut synet av kjolen bakfrå då vi sykla på tur til Slottet (forresten ganske utruleg å tenkje på at vi bur sånn til at vi kan sykle til slottet! Det er så mykje gøyare å sykle på tur i Oslo enn heime i Kristiansand!)

The four-year-old picked the fabrics, and asked me to make her a dress. When I designed it, I was aware that it was going to be a sporty dress, but it was when she got on the bike after the photo shoot, that I realized that it was the perfect bicycle dress!. In fact, it looks like a tennis dress, and they got some of the same features; a top extended down to a tiny, but wide skirt. When she rides the bycycle, the skirt falls neatly like a curtain around the seat and stops just above the rear fender. Unfortunately, I didn’t get a photo of her riding, but I enjoyed the sight of the dress from behind at our bycycle ride to the norwegian royal palace yesterday.

Kjolen er såpass kort at den skal brukast saman med “sykkelbukse”/lårkort tights. Desse er sydd etter tut’en for guttetughts, men i staden for å leggje til bevegelsesvidde, har eg trukke frå 4 cm frå hoftevidda og livvidda, og fire cm frå lår-vidda. Men eg må ha gjort nokre feilmålingar (skummelt å måle medan barnet halvvegs ligg i sofaen…), for lårvidda på buksa blei i praksis lik lårvidda på barnet. Lengda er liv-kne minus 5 cm. Det blei kortare enn eg trudde, men dette kan også ha å gjere med at buksa drar seg opp meir enn den ville gjort om beina var trongare?

The dress is so short that it’s supposed to be used with thigh short tights.

About the dress construction (for those interested):

Block used: “Tee shirt block close fitting” pg. 48 in Winifred Aldrich’s “Metric pattern cutting for children’s wear and baby wear”. I found this block in several sizes in my archive. It is originally constructed with chest measure minus 1,5 cm, but I chose one size up, so the dress is chest + 1 cm. I.e. she is size 110, but I used block size 116.

Modifications: I extended the block down to hip level size 110. At hip level I widened the pattern corresponding to hip measure + 6 cm, rounded off to nearest whole cm above. The skirt is something like a quarter circle in front and a quarter circle at the back. It’s 14 cm long from hip to hem line. The neckline is lowered about a cm before drawing the upper front pieces.

Cap sleeves: The the figure illustrates how I made the cap sleeve patterns. the black pattern is the original, the dark red pattern is on a paper sheet on top. I eyeballed the rotation around the top of the sleeve, the measure “x “ turned out to be 2,5 mm (i.e. the cap of the cap sleeve is at total of 5 mm narrower than the original cap).

cap sleeve

Sewing the cap sleeve: I cut the front pieces and back piece with seam allowance 1 cm all around the armhole. After stitching shoulder seams, stitching the front pieces together and finished the edging at the sleeve bottom, I stitched the sleeves to the bodice*. Then pressing the free seam allowances to the wrong side and stitching a coverstitch seam all the way along the bodice.

*NB: The overlocker can eat much of the  seam allowances that you need to make a “arm hole hem”, so make sure you set the seam allowance on the overlocker to max. Or, like I did this time, start and end the sleeve seam with zigzag on the sewing machine and use the overlocker in between. (Of course, zigzaging all the way is also possible…)

Stoff/fabrics: Jersey (cotton) frå tidlegare Cetho Designs, hugsar ikkje kvar dei einsfarga kjem frå (samme leverandør?) Apene/monkeys er designa av Johanna Ahlard. Knapp/button: Textart.no

DSC_0975 knapp

13.07.2013

Pattern Tutorial: Slim Fit Jersey Pants for Boys

“Boy’s tights”, or slim fitted jersey pants, are about to be a hit amongst norwegian hobby seamstresses (well, at least I guess so ;-) I was actually sceptical to the design/look at first, but they are very comfy and my son likes them a lot. Now I like them too :-)

mønster guttetights block smakebit ENGLISH VERSION

The figure above gives a taste of the instructions I have made for constructing pattern for “boy’s tights”. The pants have slim fit, but are not as tight as girl’s tights. Quite long legs, with rib around the ankles to hold the pant legs in place. Relatively high waist.

Get the full version in pdf here. (Free of charge)

This is how they look:

DSC_0925-copy_thumb1

The pattern are made by inspiration from Saftis’  tights which you can read about in her “Skrekk og gru-blog”, for example here.

By changing the amount of ease, this pattern can also be used as basis for contructing other types of pants and leggings. Watch out, updates of the tut may appear! 

09.07.2013

Teikn ditt eige guttetights-/jerseybukse-mønster!

Er du klar til å kaste deg ut i mønsterkonstruksjon?

mønster guttetights block smakebit

Her er ein smakebit på instruksjonane til korleis du kan lage ei smal jerseybukse. Buksa er tight, men ikkje så ettersitjande som tradisjonelle tights til jenter. Nokså lange i beina, men med ribb nedst som held buksebeina på plass.

Fullversjonen i pdf kan du hente ned her. (Gratis )

Slik ser buksene ut:

DSC_0925 copy

Instruksjonane er teikna etter inspirasjon frå Saftis sine tights som blant anna kan sjåast i dette blogg-innlegget på Skrekk og Gru-bloggen hennar.

Sjølve tutorialen er min eigedom, men mønsteret du teiknar ut frå den er ditt, og du må gjerne sy for salg av det. Ved å endre ledighetsvidder kan ein bruke samme framgangsmåte for å lage “jentetights” så vel som lausare bukser. Sjå ikkje bort frå at det kjem oppgraderingar for fleire ulike bukser etterkvart :-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...