02.09.2013

Gjestesyar!

Til tider er syrommet mitt i kjellaren full av folk, for far i huset har sett den stasjonære PC’en der, og litt leiker og kanskje ein laptop med barnespel er det der også. Og her for litt sidan kom også bror min og forloveden på besøk for eit lite sykurs, og vi hadde det veldig koseleg der nede på syrommet, der vi var opptil sju personar samtidig! (rommet er ikkje sååå stort :-)

Bror min A og hans kjære N plukka ut kvar sitt mønster og deretter stoff. A var fyrst ut med å bli ferdig, sidan han hadde eit enklare plagg, og slik blei resultatet:

From time to time my sewing room down in the basement is quite crowded, the whole family spends time there. That’s nice!  I’m the only one sewing, though, but placing a computer or two and some toys there makes it a social place.  A couple of weeks ago, I even had sewing guests, as my brother A and his fiancée N came for a little sewing course. A made this t-shirt, N chose a little more complicated garment, and will finish it later.

Mønster: Ottobre 3/2005, til sals her. Mønsteret er eit relativt tight fit-mønster, men er meint å syast i interlock, som føyer seg godt etter kroppen utan å stramme. Pattern: Ottobre 3/2005.

Stoff: Bomullsinterlock (kjøpt frå tidlegare Cetho), ribben er kjøpt hjå Jydsk Stoflager. Fabric: Cotton interlock.

A hadde lyst på V-hals. Eg tenkte dette var ei utfordring litt i største laget når ein ikkje har sydd med ribb før, så den sydde eg. Om du har lyst til å sy ein slik hals, veit eg at Gekko har hatt ein tutorial på bloggen sin.

Dekoren er av vinyl heat transfer. Og nå har eg typisk gløymt kva dei tre trekantane står for, men det veit kanskje du som les?

Seinare får vi sikkert sjå kva det blir av det ferdig-klipte plagget til N!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...