18.06.2012

Jenteunderbukser

Bleieslutt krev underbukser. I starten kan det til og med vere greitt med nokon ekstra på lur. Eg fann ei underbukse med god passform i klesskåpet til jentungen og teikna av, og resultatet i kveld blei desse to:

DSC_0424

Når ein har coverstitch-maskin, er denne typen underbukse veldig rask og grei og sy: Eg syr kilen fast i for- og bakstykke fyrst, deretter legg eg opp  nedst, syr så sidesaumane, og syr på strikk til slutt. Eg sydde ei fyrste test-utgåve rett før helga, og på den brukte eg farga strikk frå Stoff og Stil, 1 cm breitt, litt grovt strikk. Men i dag kom eg på at eg har liggande masse foldover elastics (FOE), og det fungerte supert. Eg har sydd FOE’n på ubretta. Eg er litt spent på om det vil brette seg i vask, men eg trur eigentleg ikkje det.

DSC_0426

Stoff og tilbehør: Kvit/raud/grønn jersey frå Stoff og Stil. Apejersey kjøpt i Hjørring, trur eg. 5/8” brei FOE frå Ebay.

12.06.2012

Toppen i vaksen-utgåve

DSC_0327

Det var så gøy å lage den feminine jentetoppen her om dagen, at eg måtte sjå korleis det ville bli å lage ein i vaksenstorleik også! Det tok ein del lenger tid, fordi eg nytta høvet til å lage mitt fyrste grunnmønster for overdel til meg sjølv.

DSC_0326

DSC_0330

Om mønsteret:

Eg tok utgangspunkt i “the close fitting bodice block” i Aldrich si lilla bok. Den er vel eigentleg meint til ein tettsitjande overdel i vevd stoff. Grunnmønsteret inkluderer 10 cm bevegelegheitsvidde/ease, som er mykje for ein tettsitjande jersey-topp. Men pytt, alt treng vel ikkje vere tettsitjande... Innsnitta, som eigentleg går frå bysta opp til overgangen hals/skuldersaum, flytta eg til halsutringinga skrått opp mot midtlinja, skjult under rysjekanten. Det var veldig moro å endeleg flytte eit innsnitt på eit mønster, slik som eg har sett masse teikningar på i bøkene, men ikkje gjort på ordentleg før! Når dette var gjort, er resten av endringane frå grunnmønster til topp nokså like barnetoppen.

Sying:

Denne gongen rynka eg med vanleg 5mm breitt strikk. Sidan rysjekanten uansett ikkje skulle gjennom kantebandsapparatet, var det ikkje så nøye at strikket var flatast mogleg. Stoffet er rynka cirka 2:1, bortsett frå i svingen ved blomen, der det er 1:1/ingen rynking (svingen lagar rynke-effekt i seg sjølv). Eg forsterka også kanten på stoffet i armholene med strikk. Kantinga er gjort manuelt, det vil i praksis seie at eg sydde stoffremsa på rette mot rette med max klippebreidde på overlocken (7 mm). Deretter bretta eg stoffet over til vranga og gjorde ferdig kanten med coverstitch-maskina. Manuelt fordi toppen er sydd i viscosejersey, som fungerer dårleg i kantebandsapparatet.

Blomen er sydd av ei stoffremse som eg rulla og delvis bretta undervegs, frå midten og utover, samtidig som eg kontinuerleg sydde i botnen for hand. Liknande slik ein sydde satengroser på 90-talet, tenkjer eg.

Den raude kanten (rullefalden) er raud fordi det var det maskinene var tredd med sidan forrige topp, eg var utålmodig, dette var ein test-topp. Så sånn var dét. Men det blei fint, synest eg!

Stoff: Viscosejersey frå Stoff og Stil

11.06.2012

Bli med på guida tur med kantebandsapparatet mitt

DSC_0354k
DSC_0319

Innimellom får eg ulike spørsmål om kantebandsapparatet mitt. Eg har ei kantebandsløysing som eg er svært fornøgd med, men som dessverre ikkje så lett lar seg reprodusere. Eg har derfor latt vere å blogge om det tidlegare, fordi eg har frykta at eg ville forvirre meir enn å hjelpe om eg skreiv om det. Men, kanskje nokon har lyst til å sjå korleis eg kantar likevel, sånn berre for moro? Eller, om ein sit som eit sprøsmålsteikn med eit flunk nytt apparat mellom hendene, og er desperat etter tips til kva ein kan prøve å stille på?
Og, som ved alle guida turar; det er lov å stille spørsmål :-)

Maskin: Janome Coverpro 1000CPX (ei rein coverstitch-maskin)
Kantebandsapparat: Type A-apparat (ingen brett på baksida), 1 1/2” (frå 38 mm brei remse t il 14 mm brei kant). Ikkje “fits Janome”.

DSC_0353

Kjøpt her: http://stores.ebay.com/SHARP-SEWING-SUPPLIES. Annonsa på mitt apparat har gått ut, og eg veit ikkje om dei har akkurat denne modellen lenger.

Slik monterer eg apparatet (sjå tekst som kjem opp når du held musemarkøren over biletet. Nokon bilete kan forstørrast ved å klikke på dei.):

DSC_0354k apparat med stoette
DSC_0356
Legg til bildetekst
Festeplata kjem frå det originale 42mm-apparatet, men plata kan også kjøpast separat hjå Symaskiner.no for ein billig penge.
Når apparatet er festa berre i eitt punkt, er det akkurat så mobilt at eg enkelt kan flytte bittelitt på det. Dette likar eg veldig godt. Om eg roterer apparatet rundt skruen, kan eg justere kantebadet sidevegs; vrir eg bittelitt med klokka, flyttast kantebandet mot høgre under syfoten, og mot klokka omvendt.
Fyrste gong eg stilte apparatet inn, justerte eg “armane” til venstre på apparatet, slik at saumen på baksida dekkjer heile stoffkanten:
DSC_0357 med piler
Innstillingar på maskina (hald musemarkøren over bileta for å få fram tekst):
DSC_0348
Nåler: Organ ELx705 str. 90.
DSC_0364

OBS: Brukar du den korte, originale syfoten som fylgde med originalt kantebandsapparat, og slit med at det berre blir surr på undersida av kantebandet? Prøv å bytte til ein annan syfot!

DSC_0349
DSC_0350
Diff’en står på 0,5 (lågast) ved kanting med ribb, og oppover mot 1 ved kanting med interlock. Ønskjer eg ein sjeldan gong at kantebandet skal rynke stoffet, skrur eg opp diff’en på max. Eg veit at andre (med andre typer apparat) kantar med mykje høgare diff enn meg med godt resultat, men eg har ikkje skjøna kvifor dette varierer.
Trykkfotpress-skruen cirka halvvegs nede
Apparatet mitt er ikkje så følsomt for ulike trykkfot-press, men om du slit med hoppesting på ditt apparat, kan det vere at det hjelper å auke presset, dvs. skru nedover.
DSC_0352

Stoff til kanteband:
Eg brukar både ribb/stretch-jersey frå Stoff og Stil, eller ribb av liknande kvalitet, og ulike typer interlock. Men mest ribb, og alltid ribb der kanten kjem på strekk, slik som i halsutringing. Alltid interlock der eg ikkje ønskjer snurping, slik som nedst på eit plagg eller nedst på armar (men heilt snurpefritt får eg det sjeldant).
Eg brukar rullekniv, quiltelinjal og skjerematte når eg kuttar remsene, så dei blir jevne.

Treing av stoff i apparatet:
DSC_0365

Stoffremsene krummar seg ofte i nokon grad mot retta. Eg matar som regel remsa inn i apparatet med retta mot meg, med mindre det blir lett synleg at det då er vranga som blir liggande ut. Med ribb og interlock er det kanskje ikkje store forskjellen på kva for side som er inn og ut, men nokon stoff fungerer mykje betre å kante med om dei brettast samme veg som dei naturleg rullar seg.

DSC_0367
DSC_0369 med pil
DSC_0370
DSC_0374 med markeringar
Eg brukar høgre handa mi til å halde rundt apparatet medan eg syr, og høgre peikefinger kviler mot kantebandet for å hindre det i skli mot høgre.
DSC_0376

Slik avsluttar eg saumen:
DSC_0378 med piler
DSC_0379
DSC_0380 med pil
DSC_0381
DSC_0382
DSC_0383
Som ein kan sjå, rynkast stoffet litt med ribb. Det rynkar seg ofte bittelitt også med interlock, men mindre enn med ribb.
Pinsetten er grei å ha når ein kantar, til dømes i kurver:
DSC_0386
Eller for å hindre enden på stoffet i å skli unna:
DSC_0387

Kommentarar på slutten av turen:
Eg har til saman fem ulike kantebandsapparat; det originale 42 mm-apparatet som brettar på baksida, og fire frå Sharpsewing, ingen av desse brettar på baksida. Eg rakk aldri å lære meg det originale apparatet før eg fekk dette som har fungert supert for meg. Både det originale, og alle dei andre har vore litt vriene i starten, og sidan eg har hatt eit apparat som har fungert har det aldri blitt til at eg har øvd med dei andre. Om du har eit originalt apparat du slit med å få til, vil eg råde deg til å bli medlem av syforumet Sykroken, fordi der er det mange som har mykje erfaring med dette, og som kan hjelpe.

Eg blir av og til spurt om eg kan fortelje kva for eit apparat folk skal kjøpe. Eg synest det er vanskeleg å svare på dette, fordi det er så mange ulike faktorar som spelar inn på om resultatet blir vellykka eller ei. Det er vanskeleg å kante, rett og slett, det krev øving, og det er vanleg å streve i starten (Eg har gitt opp å bruke fire apparat…)

Men, om du absolutt vil ha eit råd, og er villig til å hoppe uti det, med risiko for at det er bortkasta tid og pengar, ville eg gått for eitt av to alternativ:

1. Om du har Janome Coverpro 1000CP/CPX eller tilsvarande Elna-maskin: Janomes original-apparat, 42 mm. Dette er apparatet for den som vil vere sikker på at apparatet passar til maskina. Mange har apparatet, så det er relativt lett å hå hjelp. Men, det er dyrt, og det brettar stoffet på baksida, slik at det blir ein tykk kant. Ja, det går forresten an å trikse det til for å få det til å la vere å brette på baksida, men det har eg ikkje prøvd sjølv.

2. Uoriginalt type A-apparat med klippebreidde 1 1/2” hjå Sharpsewing, til dømes denne, eller dette. Eit slikt apparat er billig, og brettar berre ein gong på baksida. Men, ein har ingen garanti for at apparatet vil passe, heller ikkje dei som det står “fits Janome” på, og ein må gjerne vere litt kreativ når ein festar apparatet. OBS: Festeplate må kjøpast separat, og kan kjøpast hjå Symaskiner.no.
Det var det for nå, ha ein fin kveld!

05.06.2012

Toppen live

Nokon hadde lyst til å sjå action-bilete av toppen i forrige innlegg, eit smigrande ønskje, så her er nokre bilete!
DSC_0279kr
DSC_0281
DSC_0282

04.06.2012

Meir av det feminine

DSC_0276kvit
DSC_0274l copy
Eg blei så inspirert av å sy toppen frå Ottobre her om dagen. Treåringen var så fin i den, og toppen blei eit friskt, feminint pust innimellom alle dei retroaktige, minimalistiske plagga eg har sydd mange av. Rullefald gav også meirsmak.
Så i går fekk eg tenkt ut og teikna mønster, og halvvegs sydd denne toppen, og i dag blei den ferdig. Den er i str. 4 år. Den blei utruleg søt, men eg er spent på kor mykje jerseykantane kjem til å rulle seg, det er tendensar allereie før bruk. Uansett, så er det eit godt utgangspunkt for å sy toppen i andre stoff, til dømes viscosejersey.


Litt om mønsteret og monteringa: Eg har tatt utgangspunkt i singlettmønsteret til frotté-toppen i forrige innlegg. Gjorde den om til raglan-front og –bakdel, men runda av det venstre hjørnet på fronten. Målte på mønsteret kor lange “skulder-stroppane” skulle vere, la til litt ekstra til knepping på venstre sida.
Rysjekanten er laga ved å sy gjennomsiktig strikk nokre få millimeter frå kanten på ei jerseyremse, der eg på førehand hadde merka av på strikket med tusj kvar rysjekanten skulle henge på toppen. Etter montering av toppen nedst og i sidene, og deretter kanta armholene, nåla eg på rysjekanten etter tusj-merka. Kanta med kantebandsapparatet. Sette til slutt i knapp som festar venstre skulderstropp til fronten.

Grønn lapp i nakken?? Eg spanderer ikkje alltid ein storleikslapp på plagga eg syr. Men eg har så godt som alltid ein eller annan form for merke i nakken, så barn (og  pappaer) skal skjøne kva som er fram og bak på plagget. Særleg i bukser som er tilsynelatande like framme og bak, er det viktig med ein markør, også for dei saum-interesserte mammaene. Ein liten bit ribb, gjerne i eit stoff med litt kontrast, gjer susen.
DSC_0276k
Stoff: Jersey frå Textart.no. Raud ribb frå Stoff og Stil. Hjarteknapp frå KAM, kjøpt hjå Lykkedragen.no. Gjennomstiktig strikk frå Stoff og Stil.
Fotoredigering: Eg prøvar å lære meg Photoshop Elements, og har fått hjelp som var gull verdt av *atina*. Tusen takk, *atina*!

Innstillingar på rullefald (mest som hugselapp for meg sjølv…)
Trådspenning: –/2,5/4/6,3
Stinglengd: 0,8
Diff: 1,5
Skjerebreidde: 6 mm
Stingtungeknappen på “R” 

02.06.2012

Sommar i frotté

Dette er siste syprosjekt som har lege i blogg-kø i denne omgangen. Tusen takk for alle kommentarane, eg set stor pris på dei. I ny og ne tar eg meg ein bloggrunde og høyrer korleis de andre har det og lar meg inspirere av det flotte de lagar :-)

Eg hadde noko att av den deilege sommarfrottéen Hilco laga for to-tre år sidan. Og det blei til eit sommarsett til treåringen, noko ho blei veldig glad for!

DSC_0241k

DSC_0240k


Litt sånn cheerleader? Ikkje det at det var meininga det skulle bli det, hehe, sluttresultatet blir ikkje heilt sjeldant litt annleis enn eg har tenkt ut på førehand! Gong på gong har det blitt meir 70-tals og retro enn eg eigentleg hadde meint, men ofte er eg fornøgd likevel.

Singletten tenkte eg å sprite opp med ei liten runding/”dråpe” i halsutringinga, inspirert av ein modell som var i Ottobre ein gong. Men kurva blei altfor skarp for kantebandsapparatet, og bandet buka veldig nedst i svingen, så eg måtte sy ein stikning. Dermed blei det i stadenfor ein slags “V”. Greitt nok, det gjorde uansett singletten meir spennande.

Skjørtemønsteret er likt framme og bak. Biletet over viser at livet til eit barn ikkje ligg i horisontalplanet, og skjørtet blir derfor lengre framme enn bak. Dette kjem eg nok til å justere på seinare skjørt, men denne forskjellen er heldigvis ikkje like synleg når jenta spring rundt omkring.

Dei kvite stripene er laga av anorakksnor som er sydd på. Det krev stabilisering bak når ein syr anorakksnor på stretch, ellers strekk stoffet seg under påsyinga, og det blir bølgete. I dette tilfellet er heile den oransje stripa lima på med vliesofix. Eg var litt usikker på om det ville vere stabilisering nok berre av lim og dobbelt stofflag, men det funka.

I livet  på skjørtet sydde eg på ei 3 cm brei linning/løpegang av det rosa frottéstoffet og tredde med 2,5 cm breitt strikk. Lengda på linninga var litt kortare enn livvidda på barnet (85-90%, hugsar ikkje nøyaktig…) Strikket var ca 85% av livvidda, funka greitt.

 

Mønster: Eigne. Skjørtemønsteret er det samme som er brukt her (str. 5 år) og dei to her (str. 3 år).

Stoff: stretch-sommarfrotte frå Hilco. Anorakksnor frå Stoff og Stil, tynnaste varianten (3,5 mm?)

 

Og slik på tampen slenger eg med eit par bilete av genseren eg sydde i går kveld. Den blei eg ikkje veldig fornøgd med, blei altfor mykje mønster, og liksom ikkje heilt… …Det blei too much, liksom. Men varme kroppen til den vesle jenta, det kan den, så den kjem til å bli brukt Smilefjes. Genseren er i str. 80, og er meint å gå langt ned på hoftene. Sydd i jersey.

DSC_0273k

DSC_0272k

Den deilege buksa i isoli er sydd av svigerinna mi.

Ha ei god natt!

T-skjorte til shortsen

Shortsen i forrige innlegg passar liksom ikkje til dei fargesprakande retro-aktige t-skjortene jentungen har frå før, så eg sydde ei ny. Den blei veldig fin inntil shortsen!
DSC_0213
Mønsteret er frå Ottobre, kjempelenge sidan eg har sydd av Ottobremønster nå, men dette mønsteret fungete veldig greitt. Det skulle eigentleg ha vore rynking i armane, men eg hadde dårleg tid, og sydde på eit 5 mm breitt strikk på baksida i staden for.
Etter mønsteret skulle det vere rullefald på armar og nedst, noko eg berre så vidt har prøvd, og dét for veldig lenge sidan. Men det var moro å prøve det igjen, det fungerte fint på armane som var rynka, men ikkje like bra nedst, der blei det rullefald i dobbel forstand (synst ikkje her, men kanten rulla seg veldig etter at t-skjorta hadde vore på ei lita stund).


Mønster: Ottobre 3/2009
Stoff: Jersey frå Gekko

Posebukse og poseshorts

Fleire plagg som står i blogge-kø: Eg sydde eit par posebukser i str. 4 år for ei vekes tid sidan, og når varmen kom for fullt, tenkte eg at eg skulle prøve å lage ein shorts frå samme mønsteret. Og slik blei den sjåande ut:

DSC_0209

DSC_0211

Som ein vri, sydde eg inn to legg i kvar side med eit anna stoff, og pynta med hjarte-KAM-knappar. Nedst laga eg løpegang med maljer der snora kjem ut. Og så fekk eg det for meg at snora i løpegangen skulle utgjerast av strikk i store delar av løpegangen. Truleg ikkje noko poeng sidan buksebeinet er så vidt likevel. Men i allefall, det blei nå strikk inni. Eg konsentrerte meg så mykje om dette at eg sydde feil fleire gonger, spretta opp og sydde, spretta og sydde, og på eit tidspunkt hadde eg lyst til å kaste heile greia i søpla! Men eg er glad for at eg ikkje gjorde det, for det blei bra til slutt. Då eg hadde sydd i bandet nesten ferdig i på eine sida, oppdaga eg at det ikkje var nok til båe sider, derfor ulike band. Ikkje snakk om at eg gadd å sprette opp at endå ein gong!!

Og her er ei av posebuksene som blei sydd ein dag eller to i forvegen, (den andre, ikkje fotografert, er ganske lik, men i samme stoff som shortsen):

DSC_0187

Mønster: Eige

Stoff: Stripete babycord frå lokal quiltebutikk, rosa hjartestoff kjøpt i ein tysk nettbutikk som selte ut restar. Kvit ribb frå Rainbow tekstil. Hjarteknappar frå butikk på Etsy, Lykkedragen.no har også. Band frå Stoff og Stil. Kvit og grå babycord frå Stofstedet.dk. Stripete ribb frå Stof2000.

01.06.2012

Erstatningsluer

Det gjekk som det måtte gå, minstejenta kasta frå seg løve-lua si for eit par veker sidan, eg oppdaga det akkkurat litt for seint, og borte var den… Lua var i str. 46, av jersey, og med fôr. Sidan jenta hadde hovudomkrins 47 cm for ei stund sidan, laga eg erstatnings-lua i str. 48, utan fôr, sidan sommaren var like rundt hjørnet. Og ikkje minst: Med knyting. Og her er lua, sydd av velour:
DSC_0176k

Men, hmmm, den blei for stor, særleg i høgda, og ei lue som dett ned i augene heile tida er ikkje stas!
Så eg sydde ei til, denne gongen i str. 46, framleis utan fôr, men i jersey:

DSC_0182k

Denne lua er i allefall ikkje for stor, snarare litt liten. Men så er ho jo også større i hovudet enn 46 cm. Ikkje veit eg kva som skjedde i fyrste omgang, om det var mønsteret, stoffet eller symetoden (kanskje velouren sklei under syfoten slik at eg sydde nærare stoffkanten enn eg skulle?). Får prøve igjen i str. 48 seinare ein dag, med jersey.


Knytebandet er av ein strimmel interlock, klipt parallelt med jarekanten, så det ikkje er særleg stretch i lengderetninga. Strimlane er ikkje sydd nokon ting anna enn i festet til lua. Dei flisar seg bittelitt opp i sidene (men raknar ikkje), så eg hadde nok ikkje gjort det slikt om det var luer for sal. Fyrste lua hadde 1 cm brei strimmel, men dette var litt i smalaste laget, synest eg. Derfor fekk neste lue litt breiare strimmel. Løve-lua med knyting er brukt ein god del siste par vekene, og knytinga fungerer greitt. Eitt alternativet kunne vere å lage øyreflappar, men då er det ein del meir dill å lage lua…

Montering av interlock-strimlane (Dobbel saum akkurat i festet):

DSC_0177

Velourlua passar nok perfekt til hausten. Og etter at eg sydde desse, kom varmen for fullt, og det var tid for solhatt i staden for (forrige innlegg)Smilefjes

Og forresten, tre gule/oransje luer, –har eg ete for mange appelsiner i påska, kanskje, spør ikkje meg kvifor eg har trong til å sy så mykje i oransje og gult…


Mønster: Eige, etter framgangsmåten frå sida som er linka til i toppen av innlegget.


Stoff: Sky-velour frå JNYDesign, interlock og ribb frå Hilco. Løve-jersey frå Darling dearest (Kjøpt hjå Textart.no)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...