28.04.2012

Genser med “bildevegg”, og ein liten pirat

I dag har 5-åringen vore i “piratbursdag” til ein venn som blei fem år. På spørsmål for nokre dagar sidan om kva bursdagsbarnet skulle få, svarte guten min “Eg vil at du skal sy ein grønn genser med kaniner på!” Eg blei veldig glad, for det er ikkje sjølvsagt at barna vil gje bort heimesydde ting!

DSC_0761

Velour er flott til barnegenserar. Den limegrønne var det bare mindre bitar att av. Den mørkare grønne velouren synest eg er litt kjedeleg i seg sjølv, synest eg, men eg blei overraska over kor fint det blei når den blei kombinert med limegrønn og lappane med fargar og mønster på!

Frampå har eg klipt lappar av ulike stoff, deriblant initialer og alder på mottakaren, det er moro å gjere plagget personleg! Og ei kanin blei det også, sidan guten min ønskte dét. Lappane er sydd på etter metoden omtala her. På baksida strauk eg på strykeinnlegg før sying, så dét blir ståande (og stretchen i stoffet forsvinn jo også i dette området då).

Symaskina mi er på reparasjon for tida, og eg brukar den fyrste maskina mi, ei veldig enkel maskin som ikkje har applikasjonsstinga eg brukar på faste stoff. Men her har eg klart meg med rettsaum på pyntinga (monteringa av genseren er gjort på overlock-maskina).

Nærbilete av pynten (klikk for større versjon):

DSC_0762

Og så eit par bilete av piraten, kleda blei laga til dette selskapet:

DSC_0766k

T-skjorte av eit ribbestrikka stoff med mykje stretch, ingen kantavslutningar nokon stad… Bukse etter enklaste modell. Eit trekanta tørkle på hovudet, kun klipt, ikkje sydd. Beltet rundt livet er også berre klipt til, ikkje sydd noko på.

DSC_0768k

Mønster: Eige
Stoff:
Genser: Velour i to grønnfargar frå Stoff og Stil, ribb derifrå også. Lappar av jersey eller interlock, dei er vel designa av Johanna Ahlard alle saman, trur eg!

Pirat: Strikka stoff fått som gåve av ein asiatisk nettbutikk ein gong. Raud/svart stoff frå Panduro. Buksestoff frå Hilco.

25.04.2012

Tid for babybukser

Minstejenta, snart 9 månader gamal, har fått to nye bukser. Og eg har fått teste babybukse-kapittelet i Aldrich-boka. Éi bukse i slim fit, og éi i loose fit. Begge buksene er fleksible i lengda både oppe og nede, så dei kan brukast lenge.

Slim fit-buksa:
DSC_0727kompr

Loose fit-buksa:
DSC_0718kompr

Fleire bilete:
DSC_0710duo
DSC_0712duo
DSC_0708duo

Stoff:
Mønstrete jersey frå Ixat på Etsy, nedst er det campan frå Hilco, ribb frå Stoff og Stil. I den andre buksa er det lilla velour (bileta lyg om fargen) frå enten Stofstedet.dk eller stofogstuff.dk. Lime velour frå Stoff og Stil. Detaljane er av eit mønstra, vevd bomullsstoff frå Stoff og Stil, kanta med foldover elastic frå Ebay. Ribb frå Stoff og Stil. Den søte bodyen er det ikkje eg som har sydd, men er ein ullbody frå Joha/Janus.

Ribben på båe buksene er 7,5 cm brei og 80% av livvidda (mål på ferdig ribb-kant)

Om mønsterkonstruksjonen, for spesielt interesserte (og for hugselapp for meg sjølv)…
Comments on the pattern drafting:
Both patterns are made with help from page 28 in Aldrich, 4th edition; “The ‘flat’ trouser blocks – babywear”; “The one-piece trouser block”.

First, I noted that body rise figures in Aldrich are quite a lot smaller than the swedish figures in “Søm” by Rigmor Haugsand. Body rise in Aldrich, size 72: 12,8 cm. Haugsand, size 74: 15,5 cm. The figures do not differ that much in the children’s sizes as in the babies’ sizes.

The leggings shape is body rise +1 cm, not much to include a nappie. The 7,5 cm wide rib waist band starts 3 cm below waist. It works, but I think a little bit more than +1 is needed. Alternatively, one could rise the top of the back crotch-seam a couple of cm, because I think it is to low. The picture above doesn’t show it very well. The ancle cuffs are made from single jersey fabric, and reaches down to about 1 cm above floor level, works well.

The easy-fitting shape is body rise + 4,5 cm. The waist band starts 4 cm below waist, except center back, where I elongated the crotch seam a little over 1 cm based on the slim fit trousers. Still, when looking at the photo, the back crotch seam is a little too short compared to the front. Seen with my amateur eyes…

I know, I’m a hairsplitter now, these are details that aren’t very important, the garments work, and… But, if there will be a next time…

By the way, the easy-fitiing trousers have full length plus cuffs, so that the child can use the trousers for a looong time. But I used cuff circumference 18 cm, and that turned out to be too wide, the cuff passes the ancle too easily. (My mistake, not Aldrich ;-)

Kile-kjolen i fast stoff

Denne kjolemodellen såg dagens ljos for ikkje så veldig lenge sidan, men den gong i jersey, her. Nå har eg prøvd den ut i fast stoff, str. 5 år, og det fungerer (Gutungen i huset prøvde den på i full fart, så noko nøye ettersyn fekk eg ikkje...) Eg har fylgd framgangsmåten i det andre innlegget, men den blei bittelitt kort, så eg sydde på blondebandet etterpå.

DSC_0715

Tankar rundt konstruksjonen: 

Stoffet vil falle finare rundt armane på ein tradisjonell kjole med raglan-ermar (av typen bondeskjorte/peasant blouse), så om ein har eit slikt mønster, er nok dét å foretrekkje. Har så kjolen nokre fordelar, bortsett frå sjølve utsjånaden med stripene i sidene? For aktive jenter som til dømes held hendene i vêret og tar imot en ball, reknar eg med at denne modellen  gjev betre fridom til å lee seg i. Og så er det sjølve utgangspunktet mitt, då, at det kan vere ein kjole som ein relativt lett kan teikne mønster til utifrå instruksjonar, om ein ikkje har tilgjengeleg raglankjole-mønster.

Stoff: Blomstrete poplin frå Hilco, trur eg, grønt stoff frå Stoff og Stil. Blonder frå den tidlegare sybutikken til mammaen til ei venninne:-)

DSC_0716

Enkel løpegang, tutorial

Her er ein rask måte å sy løpegang på. Klipp ei lang remse med breidde svarande til breidda du vil ha på løpegangen pluss saummonn. Kast over den eine enden og brett ein halv cm tilbake. Legg denne remseenden rette mot rette der du vil at skøyten på løpegangen skal vere, men ikkje start å sy der. Start heller å sy 5-6 cm bortanfor.

DSC_0702

Sy remsa på, men stopp 5-6 cm før du kjem heilt rundt. Klipp av remsa med ein passeleg overlapp: Dersom overlappen er for lang, blir det vanskeleg å tre i strikk, er den for kort, vil den kunne opne seg under bruk av plagget. Men ein overlapp som er ca halvparten så lang som breidda på ferdig løpegang trur eg ikkje er så aller verst:

DSC_0703

Legg den bretta enden rundt enden du akkurat klipte, og syferdig rundt.

DSC_0704

Tre i strikk til slutt.

DSC_0705

(Løpegangen på denne kjolen er 1 cm brei, neste gong skal eg lage litt breiare løpegang, så det 5 mm breie strikket glir lettare inni).

Babylue igjen

Denne lua blei sydd til ein av babyane i barsel-lunsjgjengen. Str. 44. Litt stor viste den seg å vere, men lua kan jo brukast både vår, sommar og haust, så det er ingen fare:-) Smekke inntil, blei det også.

DSC_0700

Mønster: Eige, tutorial på lua her.
Stoff: Jersey og ribb frå Stoff og Stil. Stoffbiten i toppen er ein liten interlock-bit (kunne like gjerne ha vore ein bit av ribb-stoffet, eg sydde ei lue til storesystera samtidig, så interlocken var vel den som tilfeldigvis låg nærast…) Lua til storesyster har eg forresten gløymt å take bilete av. Jaja.
Tråd: Øvre griparen på overlocken (trådsnelle nr. tre) blei tredd med “poly sheen multi”-tråd frå Mettler.

DSC_0698

Babyhat tutorial

DSC_0622kompr
DSC_0624kompr

This tutorial shows you how to make pattern and sew a babyhat like this. It is made from cotton single jersey in two layers (outer fabric and lining). The procedure can be used for other fabric types too, but the numbers given relates to a rather thin fabric with at least a little bit stretch, in double layer, and with a ribbing band. The hat on the picture is size 46 (i.e. fitting child’s head circumference 46 cm). The girl is 8,5 months old, 46,5 cm around head.


Sizes: The head circumference makes the size. Head circumference is variable from child to child, to get a sense of what age the sizes fit, take a look here: girls and boys.


Drawing the pattern:
Draw a rectangle, that will make a half pattern both around head and across head, the pattern should be placed on fold when cutting. The horisontal sides: Head circumference multiplied with 0,93 and divided by two. The vertical sides: Head circumference multiplied with 0,7 and divided by two. This gives a hat that goes from about the ear opening to the top of the head, close fitted.






Divide pattern in three equally wide columns, every one with a 60° angle centered at the top. (Illustration on how to make an 60° angle: see end of post
skisse luemønster3
Illustration under: Left side of the pattern will be center front, right side of pattern will make the seam in the back of the hat. Draw a curve on the right side (green line).
skisse luemønster4
The hat on the picture has a 2 cm wide ribbing band, withdraw rib width in the bottom of the pattern:
skisse luemønster ribb
So far, the pattern does not include seam allowances. Add seam allowances everywhere except at foldline. (I use 1 cm). 
DSC_0738
(Actually, on the pattern on the picture above, I have forgotten to remove the 2 cm for the ribbing, but instead I removed it from the fabric before sewing. But the picture suits as illustration for seam allowances, though.)


Cutting:
Place the pattern along a fabric fold. Cut outer fabric and lining.
Ribbing: The length depends on the amount of stretch in the fabric. I use rib fabric from Stoff og Stil, and use head circumference multiplied by somewhere around 0,9. If I were to use ribbing from Hilco, maybe 0,75-0.8 would be a better number? Add seam allowances. Width: 2 cm x 2, then add seam allowances.


Sewing:
When you sew, sew curves (black line) instead of straight lines (blue line) at the bottom of the seams, as shown here:
sying lue3
Outer fabric: Place the “mountain tops” right sides together and sew like the illustration above shows. Follow the illustration underneath, i.e. don’t sew the back seam and the seam in the middle. When finished with this, you should have two half cupolas. Before sewing them together, you can place a little folded piece of fabric on top of the hat if you want to.
babylue montering
Lining: Sew as the illustration under shows, included back seam (right sides together). Do not join the two remaining gaps (which now shold look like one large gap).
babylue montering2
Ribbing band: Sew the short ends togehter to a ring, fold wrong sides together and press. Make a tiny cut in the seam allowance halfway and for each quarter along the ring. Make marks for each quarter in the outer fabric and lining too.


Joining: Turn one of the cap lyers inside out and pull it over the other. Place the ribbing band inbetween the two layers. When finished this step, ribbing band should be faced by right side fabric on both sides, and the three seams should face eachother. All seam allowances should point the same way.

If your child likes to take the hat off, you should consider adding ties in this step. One way to do it, is to place them between lining and ribbing, 1-2 cm behind the quarter marks in the sides, like I've done here. Or add earflaps too.

Sew! Make sure that quarter marks in all three layers correspond.
Pull the top of the outer fabric through the gap in the lining. Close the gap with a seam, wrong sides together. Lay the lining along the outer fabric. Press outer fabric and lining away from ribbing.
Finished!

Here’s another one, size 44:
DSC_0700

Making a 60° angle: Fold a paper twice to make a 90° angle, then draw two lines as the illustration shows. Cut along the two lines.
60gradersvinkel

If anything is unclear, missing, not working well, or I have made silly mistakes in the post, you’re welcome to place a comment :-)
COPYRIGHT?
The pattern in itself (a hat with six parts in the top) is quite universal, you can use it as you want. If you make a hat with design that very much resembles the hats I’ve made, you’re welcome to link to my blog to give me credit. And if you proudly want to show me what you’ve made, do so, and we can be happy and proud together :-)

Luemønstera/the Beanie Patterns

DSC_0610

Her kjem mønstera på dei to fyrste luene i forrige innlegg, pluss ein tredje variant. Det er klassiske mønster som kan varierast på mange måtar. Når eg skriv kva for mål eg brukte, er det ikkje fordi dei på nokon måte er dei beste måla, men heller eit døme på korleis lua blir sjåande ut med visse mål.

Here comes the pattern for the two first beanies in the former post, and a third one. I include the measures I used, not because they are perfect, but as examples.

Klikk på bileta for større versjon (click on pictures to enlarge). The numbers used do not include seam allowances.

Apelua/monkey beanie, str. 54, soft cotton single jersey fabric:

Breidde/width: 54 cm x 85%
Høgde/heigth: (54 cm x 0,7)+2 (bevegelsesvidde/ease), del talet du får med to/divide this product by two for the pattern half.

90°-vinkel i spissane på toppen/90° angle at the “mountain tops”.

DSC_0731

The finished pattern, with curves drawn in:

DSC_0730

Foldlines on the left side and at the bottom. When sewn, additional curving was added as illustrated here:

sying lue3

Den gule lua, str. 52/the yellow beanie, size 52 cm, bamboo interlock fabric:

DSC_0728ab

a = 52 cm x 0,85 /2      
b = ((0,7x52 cm)+2)/2 (=19,2 cm)

The factor 0,7 in b: I measured  both headcircumference and across the head (ear opening to ear opening) on all five in our family, ranging from infant to father, and the measure across was about 0,7 times circumference on all of us. “+2” is the ease, based on desired design.

I staden for fjelltoppar fordelt på kvar fjerdedel, er dei samla mot midten. Framleis 90°-vinkel.

DSC_0728senkeinnsnitt

DSC_0728mirror

The pattern was then mirrored. I wanted seam all the way down only at the back, and therefore made foldline in front (left side of pattern).  Finished pattern:

DSC_0733

I withdrew 3 cm in the bottom of the pattern for ribbing (the pattern on the photo has a fold three cm above the pencil line). The ribbing was a little bit tighter than the fabric. Stoff og Stil-ribb: Hovudomkrins x ca. 80%. Alt i alt synest eg lua blei litt i strammaste laget./I think the beanie is a littlebit to tight, but it’s working. Outer fabric and lining are made from the same fabric.

Mønsteret over med saum i nakken vil gje ei lue der den lange “ryggen” på toppen av lua går langsmed hovudet. Om ein derimot har saum i kvar side, vil ryggen gå på tvers av hovudet.

DSC_0578kompr

Eg hadde lyst til å lage ei lue med “fjellryggen” på tvers, men likevel berre éin saum ned. Den blei sjåande slik ut:

DSC_0735

Måten eg teikna mønsteret på, blir i praksis som å klippe langs speglvendingslinja i forrige mønster, og bytte plass på delane så brettelinja i front blir liggande inntil saumlinja bak. Slik blei mønsteret sjåande ut:

DSC_0734

På denne lua kutta eg ut bevegelsesvidda (som eit forsøk), så høgda er berre hovudomkrins ganga med 0,7. Men neste gong kjem eg nok til å leggje til litt i høgda.

Illustrert samandrag:

lueformer

Konklusjon:

Neste gong barna treng luer, kjem eg heilt sikkert til å bruke andre stoff, andre prosent-fråtrekk (evt. –tillegg) på vidda, leggje til annan bevegelsesvidde i toppen, men eg kjem ganske sikkert til å take utgangspunkt i denne måten å konstruere mønster på, enten med firedelt eller seksdelt topp.

24.04.2012

Lue-testing

For ei vekes tid sidan var det lue-dagar her i huset, med utprøving av ulike måtar å sy luer på. Her har barna fått kvar si, med ulik saum-måte.

DSC_0578kompr

DSC_0626

Den aller fyrste som blei sydd, er den gule med rosa ribb-kant til høgre på biletet. Treåringen fekk velge stoff, og ho plukka straks ut den gule interlocken av bambus. Mjuk og god, men strekkjer seg lett, så eg ville ha ribb-kant på den. Blant åtte-ti fargar eg hadde plukka ut, fann ho raskt ut at det var denne rosa ho ville ha :-). Fôr i samme stoff som ytterstoffet. Lueomkrins 85% av hovudomkrinsen, ribben (3 cm brei) litt under 80%. Dette fungerer, men lua kunne godt ha vore bittelitt vidare.

DSC_0579kompr

Eg sydde etterpå ei lue i stivare interlock etter samme fasongen øvst (men utan ribb), den blei meir kantete. Så forskjellig stoff gir luer med ulike uttrykk…

Neste lue ut, var apekatt-lua. Fire like store delar øvst på mønsteret. Sydd i mjuk jersey. Breidde 90% av hovudomkrinsen, passa veldig greitt.

DSC_0605kompr

Målet mitt var i utganspunktet å sy ei lue som var godt forma etter hovudet, så den tredje lua, til minstejenta, fekk seksdelt topp. Fôr i samme stoff som ytterstoffet. Jerseyen var ikkje så kjempetøyeleg, så lua fekk omkrins 93% av hovudomkrinsen. Ribben blei lagt til for at ho ikkje så lett skal kunne dra lua av. Ribb 2 cm brei, i overkant av 90% av hovudomkrins. Denne lua passar heilt perfekt, og er den største lue-suksessen så langt!

DSC_0614kompr

DSC_0622kompr

DSC_0624kompr

Mønster: Eigne
Stoff: Gul bambusinterlock frå Strömming Design, innbillar eg meg, ribb frå Stoff og Stil. Ape-jersey frå Stoff og Stil. Løvejersey frå Textart.no, ribb frå Stoff og Stil.

20.04.2012

Piffe opp stripene

Gutungen på fem trong nye bukser, og det passa seg med ei enkel velourbukse. For å gjere buksa bittelitt meir spennande enn minimum, lot eg det vere ein brei stoffstrimmel i kvar side, med forskyving av stripene.

DSC_0630

Mønsteret er eigentleg teikna for vevd stoff (denne buksa), og i farten gløymde eg at ei velourbukse ikkje treng å vere like vid rundt hofter og liv. Men det gjer jo heller ikkje så mykje at den er vid.

Stripe-mønsteret skulle bli enkelt å lage, tenkte eg, men det var vanskelegare enn eg hadde trudd. Ein må halde tunga beint i munnen medan ein klipper og syr! Heldigvis tåler ei slik bukse “litt slark”.

Mønster: Eige

Stoff: Velour frå Stof2000, ribb frå Stoff og Stil.

16.04.2012

Kjærleik ved fyrste blikk…

Eg blei heilt forelska i denne buksa, men akk, så kortvarig, for eg hadde rekna feil og beina på buksa blei altfor lang. Svarande til str. 9 år i staden for 4… Det var vel derfor det blei så stilig også, hehe. Dermed måtte eg endre den.

DSC_0567

Biletet over er litt mørkt, fargane er litt betre her:

DSC_0568

Her er buksa etter endring, den blei framleis veldig fin, synest eg. Eg likar desse fargane veldig godt saman, så sjølv om det ikkje blei slengbukse, er eg glad og fornøgd!

DSC_0570

Og her er eit action-bilete av mottakaren, ho viser dessutan fram den søte kjolen/tunikaen bestemor i Telemark hekla til henne til jol :-)

DSC_0612beskj

Mønster (buksa): Eige
Stoff: Brent oransje velour frå Stoff og Stil, raud velour frå Stoff og Stil og raud velour frå Textart, denne, tenkjer eg. Ribb i livet frå Stoff og Stil.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...