08.02.2013

“Pillowcase-bukse”

Eg sydde ein “Pillowcase-kjole” etter eit Onion-mønster for litt sidan. I samme mappa var det også mønster på bukse i samme stil. Eg måtte prøve meg på det også:

DSC_1187kvit

DSC_1186kvit

Buksebeina blei altfor lange, så dei er sydd opp med faldar på innsida. Så er det berre å sprette opp ettersom barnet veks. Eg er redd stoffet ikkje tåler så høg belastning på knea, så eg sydde på lappar i velour. Velour tåler mykje slitasje, er erfaringa her i huset! Eg klipte buksa ei vekes tid før eg sydde den. Slike opphald mellom klipping/planlegging og sying alltid litt skummelt, og her gløymde eg å sy knapphol til knytebanda. Dermed blei det knyting på skuldrane i stadenfor. Men det funkar jo fint det også.

Mønster: Onion
Stoff: Vevd bomullsstoff kjøpt i ein liten stoffbutikk ganske langt sør på Jylland.

Når ein sender to gjester til samme bursdag…

…sender ein med to gåver også. Og barna har sjølv bestemt kva dei skulle gje; den eine ville gje bukse i racerbil-stoff, og den andre ville gje genser :-) Her er settet dei hadde med seg:

DSC_1206kbak

DSC_1207kvit

Kameraet mitt klarer ikkje gjengi turkis, men tøyet er altså i turkis og komgeblått. Eg prøva ut ein (for meg) ny måte å dekorere på; ved å sy på ein lapp i halsen. Eg teikna to like rektanglar på to strykeinnlegg-lappar, la til 1 cm saummonn på begge. Strauk på baksida av genseren og baksida av det stripete stoffet. Klipte skrå hakk i hjørna på saummonnen på genseren og sydde lappen på.

Mønster: Eige, str. 5 år
Stoff: Velour med racerbilar frå Fabelblå.no. Genseren er sydd av ribb frå Stoff og Stil, samme ribb som på buksa. Stripete ribb kjøpt i Danmark.

Blomstrete skjørt i jersey

Eg bladde gjennom nokre mønsterblad her om dagen, og fann dette skjørtet i eit Ottobre-blad. Det er laga av berre rektanglar. Veldig enkelt, og blei veldig fint!

DSC_1192kvit

-Dei to nederste kappene er sydd saman og rynka i éin operasjon, ved hjelp av gjennomsiktig strikk(om det var slik ein eigentleg skulle gjere det, veit eg ikkje, men dette funka i allefall fint). I livet er strikket sydd på på vranga med overlock fyrst, deretter bretta mot vranga og sydd over med coverstitch.

Mønster: Ottobre 1/2011, str. 110
Stoff: Ixat. 2,5 cm breitt strikk frå Stoff og Stil. Gjennomstiktig strikk frå Stoff og Stil.

Bursdagskjole

Til ei jente i barnehagen som fylte år her om dagen. Dette stoffet er så tøft, og eg diggar fargekombinasjonen rosa og raud. (Fotografert i kveldsmørket, så fargane på biletet er nok ikkje optimale). Denne kjolen er forresten kanta på overlocken, ikkje coverstitch-maskina.

DSC_1157kvit

Mønster: Eige
Stoff: Fabelblå.no, ribb frå Stoff og Stil.

DSC_1157

Tillegg 9/2: Eg legg ved eit bilete med høgare oppløysing av kantinga.

Romantisk retro?

DSC_1212kbak

Eg har eit Onion-mønster på ein topp som er meint å bli sydd i fast stoff, og som er som ei slags bondebluse med korsettaktig liv. Eg tenkte å prøve med på blusa i jerseystoff. Så mange romantiske stoff i jersey har eg ikkje, men retrostoff kan vel duge dei også?

Toppen er i heilt kvite stoff, noko eg ikkje klarte å få fram på kveldsfotografiet over her. Toppen fotografert i dagsljos:

DSC_1179

Mønster: Utgangspunkt i Onion 5018
Stoff: Kvit jersey frå Fabric.com, Cirkus-jersey frå Gekkoshop.no, ribbestrikka, nokså tykk jersey kjkøpt hjå Rainbow tekstil i Oslo. Kanta med interlock frå Fabric.com. Toppen er rynka i halsen, ermane og i empire-livet med gjennomsiktig strikk kjøpt hjå Stoff og Stil.

07.02.2013

På karneval med Svampebob

DSC_1200bk kvitFor lenge sidan fekk eg ei pakke i posten med eit format på pappesken som minte meg om Svampebob. Eg kommenterte til dei to eldste barna at “den kan vi bruke til å lage Svampebob-kostyme av ein gong!”. Tida gjekk, og mor gløymte det heile. Men barna gløymer ikkje slikt, veit du! Så Svampebob-kostyme har det blitt, og det har vore riktig gøy også. Det var to svært stolte barn som kom til barnehagen i dag tidleg, ja, du kan rekne med mor også i den stolte gjengen. Er ikkje jenta fin?

DSC_1202kvit

Slik er kostymet laga:

Etter å ha sydd gult trekk til pappesken med hol til armar og hovud, kledde eg på pappesken, bretta inn nedst og tapa fast stoffet på innsida. Eg har brukt vliesofix til å feste stofflappar til fjes og hol i svamen, men har ikkje sydd dei fast. Eg brukte sjølve pappesken som strykebrett. Teikna rundt med tusj til slutt.  I ein kvardag der ting i hovudsak blir gjort grundig og tinga skal vare lenge, er karnevalsprosjekta herleg frigjerande, med eit høve til å gjere ting “fort og gæli”. Utan å teikne nøyaktige mønster og feste alle trådendar. Kostymet skal jo berre brukast eit par gonger, og ikkje treng det tåle vaskemaskin! Då eg var ferdig oppdaga eg at eg hadde sett augene for tett inntil kvarandre, og perfeksjonisten i meg fekk blei freista til å setje dei på på nytt. Men eg lot vere. Kostymet var jo allereie godt nok i massevis!

Mønster: Leggje pappesken ned på stoffet og klippe i veg. Men fjeset teikna eg skisse av på eit papir før eg teikna på vliesofix-papiret… Buksa har eg forresten brukt eit mønster til, eit guttebuksemønster eg hadde liggande.

Stoff: Eg samla saman det gule stoffet eg hadde på lager. Toppen av svampebob er av ribb frå Stoff og Stil, medan ribben i opningane er frå Hilco. Sidene er av interlock. Tightsen er av jersey, JNY, kanskje? Bomull alt saman, i allefall. Alle påklistra lappar er av ribb frå Stoff og Stil eller Fabric.com. Takk til Lykkedragen.no for finfin pappeske!

06.02.2013

Dansande solsikke!

DSC_1174

DSC_1172kvit

Siste veka har eg fått masse sylyst, og overskot til å sy. Kva som er høna og kva som er egget, er ikkje godt å seie, men eg stortrivst med å sy, i allefall! Både fordi det er moro å skape noko, men også fordi saumen er rekreasjon for meg.

Eg fekk lyst til å prøve meg på ein ny type dekor, nemleg å sy på ein lapp med rysjekant rundt.  Og eg blei godt fornøgd. I korte trekk har eg gjort slik: Bretta ein strimmel av fast stoff dobbelt, og rynka den med gjennomsiktig strikk. Klipte ut ein sirkel av samme stoff som kjolestoffet, sydde på strimmelen langs kanten, rette mot rette. Bretta saummonnen mot vranga og sydde lappen på kjolen, etter at snora/”stilken” var sydd på kjolen. Det er riveinnlegg på baksida av kjolestoffet både bak blomst og stilk, elles strekker stoffet seg under påsying (elastisk stoff). Til slutt sydde eg på sløyfa av snor, oppå saumen eg sydde for å feste sirkelen. NB: Eg brukar snorfot, som har plass til snora under foten.

Mønster: Eige
Stoff og tilbehør: Prikkete isolo med stretch frå Hilco (Mineti.de). Blomstrete bomullsstoff og ribb frå Stoff og Stil. Anorakksnor og gjennomsiktig strikk frå Stoff og Stil.

Robot-t-skjorte

DSC_1166kvit

I det siste har det vore dagar med mildvêr, og når det samtidig blir ljosare dagar og fuglane så smått har byrja å kvitre, kjem trangen til å sy sommarklede! Denne t-skjorta er i str. 7 år, til eldstemann. Det er ein nokså smal modell, som passar godt til interlock-stoff, sidan interlock føyar seg godt etter kroppen.

Mønster: Eige
Stoff: Både interlockk og ribb er frå Stoff og Stil.

22.01.2013

Ny kjole, ny stil

I det siste har det gått litt tid med til å teikne kjoleliv-grunnmønster. Men kva for ein kjole skulle det vel bli av det? Hmmm. Eg fann fram dette burgunder-raude velourstoffet. Dette skulle det bli kjole av. Før har eg stort sett laga fargeglade plagg, som, enten eg har villa det eller ei, ofte har havna i litt sånn “hippie-gata”. Dette stoffet er heilt annleis. Eg kikka gjennom bomullsribb-hylla mi. Men nei, ikkje hadde eg fargen, og ikkje passa det med retro bomullskant på den typen kjole som byrja å vekse fram oppe i hovudet mitt. Men kva for ein kjole skulle det bli? “Bishop sleeves”. Delt liv. Rynking i overdelen. Lang kjole.

Aldrich advarte mot å ha lågt liv hjå barn under 7 år. Eg var berre så nysgjerrig på korleis det ville bli med lågare liv og lang kjole på ei lita jenta. Trassa advarslane. Og kjolen blei til:

 

 

Men kva for ein stil blei eigntleg dette? Eg forbind det med… med…, har det på tunga… Nei… Eg innbillar meg at dette liknar på noko, men i såfall klarar eg ikkje å finne ut kva. Nokon andre som tenkjer at “denne stilen minner om…”? (Kjolen bakfrå gjev meg litt nattkåpe-kjensle, hehe ;-)

Mønster: Eige, teikna utifrå grunnforma “The classic bodice block: girls 98-164 cm height” i Aldrich si bok.
Stoff og tilbehør: Ein velour i fantastisk kvalitet (Hilco??), tett og fint strikka, loa nesten ingenting ved klipping. Kjøpt hjå Jydsk stoflager. Knappar frå mix-pose frå Panduro. Stoffet er rynka med gjennomsiktig strikk frå Stoff og Stil.

21.01.2013

Skatteposen

Her er skatten!

I bursdagsselskapet til seksåringen her om dagen kom det ein som kalla seg “Skattevaktaren”! Han lova at barna skulle få sjå skatten hans om dei klarte å utføre nokre oppgåver. Og dei klarte den eine etter den andre, og då dei som siste oppgåve hadde sunge Happy birthday av full hals, drog jammen Skattevaktaren fram ein spennande pose frå innerlomma! Bursdagsbarnet fekk opne den: Gullmyntar og diamantar!!

DSC_1138

Skattevaktaren kom litt uventa på bursdagsbarnet, men sjølve skatten var nok inga overrasking. Det var nemleg han sjølv som hadde ønskt seg velourpose, etter at vi hadde vore i leikebutikken og sett at Kaptein Sabeltann har slik pose! Og saman hadde vi kjøpt diamantar i interiørbutikken og sjokolade-gullmyntar på å Nille. To myntar til kvart barn, ingen godteposar til utdeling, noko mor var godt førnøgd med. Eg trur igrunnen barna var fornøgde også, ingen som spurte etter godteposar etterpå…

DSC_1140

Mønster: Her trengs ikkje mønster, klippe i veg og sy etterpå :-)
Stoff: Svart velour frå Stoff og Stil. “Spennet” og satengbandet er også derifrå. “Gull”-KAM-knapp frå Ebay.

Vinterlue med brem

Har du nokon gong vore ute i kald vintervind med lue på, og lagt hendene tett inntil øyrene utanpå lua, og kjent kor deileg, tett og varmt det blir då? Vinden kan berre ha det så godt, og det kan igrunnen all verdas bekymringar også nokre augneblinkar. Heilt til ein blir kald på hendene, eller ein treng dei til noko anna enn å halde rundt øyrene… Eg har lyst på ei lue som kan gje den kjensla. Eller i allefall ei som kan halde meg ekstra god og varm. For det spørs om ei lue kan lage “stenge-verda-ute-ved-å-halde-tett-rundt-øyrene-kjensla”. Men fyrst har eg prøvd å lage meg ei hybrid-lue, ein mellomting mellom ei lue som varmar godt rundt øyrene, og som samtidig ikkje er ei kjedeleg lue. 

DSC_1129k

Det blei eit bilete i full fart på veg til kyrja for ei vekes tid sidan, bremmen har til og med fått seg ein brett eg ikkje rakk å oppdage før biletet blei knipsa… Alt i alt blei eg godt fornøgd med lua, men den blei litt i minste laget, og varmar derfor ikkje så veldig godt rundt øyrene i vinden.

For å teste ut litt meir, sydde eg ei lue til fireåringen etterpå, hennar lue er elativt sett litt større enn mi , og utan brem:

 DSC_1131b

Om luene:

Begge luene har to lag fleece i pannebandet og fôr i toppen av fleece. Vaksenlua har ytterstoff av eit strikka stoff medan barneluahar fleece i to lag i toppen. Omkrinsen på mi lue er 55 cm, medan hovudomkrinsen er 56.5 cm. Dette blei for stramt når det er to lag med fleece, som eigentleg ikkje er så veldig tøyeleg eit stoff. Så i barnelua brukte eg samme omkrins på lua som på hovudet, og det blei betre. Høgda på luene er tatt litt på gefühlen, delvis utifrå mål, delvis utifrå kalkulasjonar utifrå hovudomkrins. Øyreflappane ligg ikkje heilt inntil på barnelua, og neste gong skal eg la mønsteret gå i rett linje bakover frå nedst på øyret, og ikkje fyrst opp og så bak. For i sistnemnte tilfelle blir det ein lausthengande flapp som kan bøye seg ut. Dessutan skal eg vurdere å ikkje la baksaumen på “pannebandet” gå rett ned, men heller litt innover nedover, så lua blir litt strammare nedst bak.

Mønster: Eige
Stoff: Fleece frå Stoff og Stil, strikka stoff frå Jydsk stoflager.

10.01.2013

Å bruke Windows Live Writer til å oppdatere innlegg og sider i Blogger

Nå har eg tilfeldigvis  akkurat oppdaga ein funksjon i Windows Live Writer (WLW) som eg tidlegare har sakna, og det er å kunne oppdatere allereie publiserte innlegg ved hjelp av WLW. Dei fleste innlegg skriv ein ferdig og avsluttar i dét ein publiserar dei. Men av og til kan ein ha lyst til å endre innlegget, til dømes om ein skriv eit innlegg med linkar til interessante sider, og ein seinare vil leggje til ein ny link, eller trekkje frå ein. Ein kan jo endre inne i Blogger også, men eg synest ofte det blir eit rot med oppsettet, og ein har færre formateringsalternativ der enn i WLW.

Endre innlegg:

-Gå inn i WLW, deretter den blå fana øvst til venstre.
-Vel “åpne nytt innlegg”
-Deretter, der det står “åpne fra:” vel du bloggen din nedst på lista. Då hentar WLW innleggsoversikt frå bloggen, i den rekkjefylgja dei blei publisert.
-Opne/laste ned innlegget du vil ha
-Gjer dei endringane du vil
-Publisér på nytt. Framgamgsmetoden funkar også for innlegg som opprinneleg er laga i Blogger og ikkje i WLW.

Lage sider i WLW: 

Sidene mine er dei du kjem til når du trykkjer på fanene øvst i bloggen, til dømes “GALLERI”, “Lage eller endre mønster” osv. Då eg laga desse sidene i fjor haust, var det ikkje mogleg å publisere sider direkte frå WLW. Om det har kome som nokon ny funksjon nå, veit eg ikkje. Men ein kan uansett lage sider i WLW, om ein lastar dei opp til bloggen som kladd til ein innlegg:

-Lag sida slik du vil ha den i WLW.
-I staden for å trykkje på “Publiser”, trykkjer du heller “Legg inn som kladd”.
-Gå deretter inn i bloggen og finn innleggsoversikten (trykk “utforming” og deretter “Innlegg”.) Der finn du kladden, det heiter "utkast” i Blogger.
-Vel “rediger”
-Deretter vel du “HTML-kode”
-Merk all teksten ved å trykkje Ctrl+A.
-Kopiér teksten (Ctrl+C).
-Deretter kan du lukke utkastet.
-Gå inn på den sida du skal lage. Også her vel du “HTML-kode”.
-Lim inn html-teksten (Ctrl+V).

Endre sider i WLW:

WLW klarer ikkje å laste ned sider, så om du skal endre sidene må dei vere lagra på bloggen som utkast. Last ned utkastet som forklart under “Endre innlegg”. Endre det du vil. Berre hugs at du ikkje skal publisere, men laste opp att som kladd. Når du har kopiert html-teksten i kladden (som over), lukka og deretter gått inn i eksisterande side, merkar du eksisterande html-tekst (Ctrl+A) og limar inn den nye teksten (Ctrl+V). Trykk deretter “Oppdater”, og sida blir oppdatert.

09.01.2013

Sommarleg kjole i januar

DSC_1120kvit

Bursdagar er i grunnen kjærkomne når eg eigentleg har lyst til å sy, men er akkurat så sliten at eg treng eit konkret prosjekt med frist for å setje i gang. I dag var fireåringen i bursdag, og ho fekk med seg ein kjole. I tillegg til at eg kosa meg med å sy kjolen, var det ekstra koseleg at foreldra sette pris på gåva!

Eg har brukt eit Onion-mønster som tidlegare ikkje har inspirert meg særleg, men denne gongen hadde eg ein annan kjole friskt i minnet, nemleg ein flott kjole Skrekk og gru nyleg sydde. Eg synest det var så stilig av bandet på kjolen hennar kom ut midt i løpegangen, i motsetnad til Ottobre-mønsteret eg har sydd av før ein gong, der knuten er på sida, framom skuldra. Då eg såg at Onion-mønsteret også hadde knute på midten, blei eg inspirert til å sy av Onion-mønsteret. Dessutan er det så moro å sy sommarkjolar når ein har kome seg over nyttår, og kan sjå framover mot vår og sommar!DSC_1117kvit

Det er i grunnen lite hokus pokus med denne typen kjole, den er enkel og finst i utallige variantar. Berre google “pillowcase dress”, så ser du ein heil haug!

Neste gong eg syr ein slik kjole, skal eg la knapphola framme liggje tettare inntil kvarandre. På  mønsteret er det 5,5 cm mellom knapphola, og då blei det ein stor “innoverfald” midt framme då eg knytte knuten. For det andre; då eg sydde løpegangen, bretta eg inn saummonnen før eg sydde. Det blei litt i tykkaste laget med tanke på rynkinga. Hadde lønt seg å lese mønster-rettleiinga før eg sydde i staden for etterpå, for der står det ingenting om at ein skal brette inn saummonnen, hehe. 

Kjolen er fleksibel i storleiken, sidan ein kan stramme bandet akkurat som ein vil, og dermed enten få grunnare/djupare armholer, og smalare eller breiare kjole der den rynkast. I teorien i allefall, det krev vel at bandet ikkje glir for lett inni løpegangane, kanskje. Eg synest det ser lovande ut på denne kjolen, i allefall. Og det er vel heller ikkje noko i vegen for å bruke kjolen om vinteren med genser inni!

Mønster: Onion 20040
Stoff: Stoff og Stil. Eg diggar det stormønstra stoffet, dette var dessverre siste rest eg hadde…

07.01.2013

Når ein verkeleg har nytte av saumbyste

Om vinteren er eg ein frysepinn, og må ha varmt tøy. Og ikkje ope rundt halsen. Eg sette i gang med å eksperimentere med eit cardigan –mønster frå Onion, og her er resultatet:

DSC_1112kvit

DSC_1111kvit

DSC_1113kvit

Eg klipte ut framstykkene på jakka med rikeleg ekstra stoff langs halsen og midt framme, monterte jakka saman med ermar på. Slengte det opp på prøvedokka og draperte i veg. Det var ikkje så lett, så til slutt knytte eg rett og slett ein knute på den eine jakkefronten og fann ut at eg kunne feste den i motsett skuldersaum. Heile greia tok nokså lang tid, av og på saumbysta mange gonger mellom nåling og sying, og eg blei ganske lei.  Og det er heller ikkje reproduserbart om eg blir så glad i plagget at eg vil ha eit nytt… For når det endeleg er ferdig, blei eg godt fornøgd, og trur eg kjem til å like det. Det er forresten litt overlapp midt framme, og så går det innerste framstykket opp i høgre skulder. Det blei til slutt ein “omslagsjakke-genser” :-)

Mønster: Med utgangspunkt i Onion 1029 (enkel cardigan) Mønsteret har eigentelg innsnitt, men det kutta eg ut.

Stoff: Strikka stoff kjøpt for 10 danske kroner pr meter på Jydsk stoflager. Acryl eller noko liknande.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...