Viser innlegg med etiketten Blogg-relatert. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blogg-relatert. Vis alle innlegg

10.01.2013

Å bruke Windows Live Writer til å oppdatere innlegg og sider i Blogger

Nå har eg tilfeldigvis  akkurat oppdaga ein funksjon i Windows Live Writer (WLW) som eg tidlegare har sakna, og det er å kunne oppdatere allereie publiserte innlegg ved hjelp av WLW. Dei fleste innlegg skriv ein ferdig og avsluttar i dét ein publiserar dei. Men av og til kan ein ha lyst til å endre innlegget, til dømes om ein skriv eit innlegg med linkar til interessante sider, og ein seinare vil leggje til ein ny link, eller trekkje frå ein. Ein kan jo endre inne i Blogger også, men eg synest ofte det blir eit rot med oppsettet, og ein har færre formateringsalternativ der enn i WLW.

Endre innlegg:

-Gå inn i WLW, deretter den blå fana øvst til venstre.
-Vel “åpne nytt innlegg”
-Deretter, der det står “åpne fra:” vel du bloggen din nedst på lista. Då hentar WLW innleggsoversikt frå bloggen, i den rekkjefylgja dei blei publisert.
-Opne/laste ned innlegget du vil ha
-Gjer dei endringane du vil
-Publisér på nytt. Framgamgsmetoden funkar også for innlegg som opprinneleg er laga i Blogger og ikkje i WLW.

Lage sider i WLW: 

Sidene mine er dei du kjem til når du trykkjer på fanene øvst i bloggen, til dømes “GALLERI”, “Lage eller endre mønster” osv. Då eg laga desse sidene i fjor haust, var det ikkje mogleg å publisere sider direkte frå WLW. Om det har kome som nokon ny funksjon nå, veit eg ikkje. Men ein kan uansett lage sider i WLW, om ein lastar dei opp til bloggen som kladd til ein innlegg:

-Lag sida slik du vil ha den i WLW.
-I staden for å trykkje på “Publiser”, trykkjer du heller “Legg inn som kladd”.
-Gå deretter inn i bloggen og finn innleggsoversikten (trykk “utforming” og deretter “Innlegg”.) Der finn du kladden, det heiter "utkast” i Blogger.
-Vel “rediger”
-Deretter vel du “HTML-kode”
-Merk all teksten ved å trykkje Ctrl+A.
-Kopiér teksten (Ctrl+C).
-Deretter kan du lukke utkastet.
-Gå inn på den sida du skal lage. Også her vel du “HTML-kode”.
-Lim inn html-teksten (Ctrl+V).

Endre sider i WLW:

WLW klarer ikkje å laste ned sider, så om du skal endre sidene må dei vere lagra på bloggen som utkast. Last ned utkastet som forklart under “Endre innlegg”. Endre det du vil. Berre hugs at du ikkje skal publisere, men laste opp att som kladd. Når du har kopiert html-teksten i kladden (som over), lukka og deretter gått inn i eksisterande side, merkar du eksisterande html-tekst (Ctrl+A) og limar inn den nye teksten (Ctrl+V). Trykk deretter “Oppdater”, og sida blir oppdatert.

25.08.2012

Korleis ein kan opprette faner og sider i Blogger

Etter at eg omorganiserte bloggen min (Blogspot/Blogger), har eg fått spørsmål om korleis eg har fått fram faner på toppen av bloggen. Eg sjølv lurte veldig på dette inntil for ei vekes tid sidan (ikkje korleis eg sjølv gjorde det, altså, men før eg sette i gang, hehe), og kanskje er det fleire enn meg og spørsmålsstillaren som har lurt. Derfor nokre ord om dette:
Innlegg og sider:
Når vi bloggar til vanleg, skriv vi innlegg. Desse kjem i kronologisk rekkjefylgje. Dei kan redigerast i ettertid, og ein kan linke frå det eine til det andre, men dei ligg på sin plass etter den datoen dei blei publiserte.
Men så har ein i tillegg moglegheit til å leggje inn "sider"/"pages". På bloggen min står det ikkje kor mange, men ein stad på nettet stod det at ein kan opprette 10 sider. Kva er så ei side? Ei side liknar på eit innlegg, men ligg utanfor den kronologiske rekkjefylgja av innlegg, og er derfor ikkje datert. Av denne grunn passar sidene godt til å skrive generell informasjon, organisere bloggen o.l.
Faner:I min blogg representerer alle fanene øvst slike sider. Når ein er inne på sida, ser ein at det er ei side ved at det står "/p/" etter "...blogspot.no".
Det som er greia med fanene, er at når ein opprettar sider, vil Blogger automatisk leggje dei inn i Bloggen enten som faner på tvers eller som ei liste nedover i sidekolonne. Dette kan ein velje inne i menyen "utforming".
Slik kan du lage sider (NB, eg brukar det nye Blogger-grensesnittet):
-Gå inn på "utforming" øvst i høgre hjørne på bloggen din
-I menyen til venstre vel du "Sider"
-Velg "Ny side">"tom side"
Korleis lage sider i Blogger
Denne sida kjem opp, og ser nesten heilt lik ut som ei side der ein skriv vanleg innlegg:

Før du skriv, bør du bestemme deg for om du vil lage innlegget i Blogger, eller om du vil lage det i Windows Live Writer (det er dei einaste moglegheitane eg veit om, kan godt hende det finst 1000 til...). Sjå lenger nede om WLW.
NB: Om print screen-bileta mine stemmer med fyrstegongs oppretting av side, hugsar eg ikkje heilt. Men eg hugsar at menylinja kom opp omtrent veldig tidleg i prosessen etter at eg hadde byrja å opprette sider.
Inne på "sider-sida" kan ein velje om linkar til sidene skal kome opp som faner, sidekoblingar/liste eller om ein vil leggje dei inn manuelt:
sider faneroeverst
Sjå på bloggen din kvar dei havnar, og om du vil endre plass, går du inn på (frå bloggens hovudside) "Utforming", vidare i menyen til venstre: "utforming" ein gong til, så plasserer du med samme metode som du elles er vant til.
Når ein er innelogga på bloggen, og er inne på sjølve bloggen ("vis blogg"), kjem det fram eit verktøy-symbol på kvar gadget, i allefall gjer det det i Opera og Chrome. Om ein redigerer sidene med dette verktøyet, kan ein krysse av kva for sider som skal vere synlege. (Dette kunne eg tidlegare gjere også inne i "Utforming" på brukarpanelet, men den funksjonen har forsvunne av ein eller annan grunn… Begge stader kan ein i allefall klikke og dra for å bytte plass på linkane til sidene. Aller fyrst kom opp ei fane der det stod "Start", det gjer det på min pr. i dag også. Denne fana viser berre til bloggadressa di, dvs. til toppen av bloggen. Du kan sjølv skrive inn ein annan tekst, til dømes "til toppen", "heim", eller liknande, resultatet blir det samme.
Ein kan jo velgje mellom mange forskjellige maler for bloggen, og eg har testa ut korleis dei malene som ligg inne i Blogger-panelet fungerer på bloggen min. Fanene får ulik design utifrå malen, og det er litt forskjellig kor mange faner i breidda ein kan ha med dei ulike malene (Nokon maler gir to rader med faner under kvarandre.)
Det er vel stort sett det ein treng å vite for å opprette sider i Blogger, trur eg.

Men litt om det med å redigere sidene i WLW:
Blogger er tungvint å redigere bilete o.l. i, veit eg det er mange fleire enn meg som synst. Det går ikkje an å publisere frå Windows Live Writer (WLW) direkte til sider i Blogger pr i dag, så vidt eg har forstått. Men det går an å gjere det indirekte, ved å lage eit blogginnlegg som vanleg i WLW, og sende det til bloggen som ein kladd/utkast. Deretter kan ein opprette ei side, trykkje på redigere i html. Samtidig gå inn på utkastet i Blogger i ei anna fane/vindauge i nettlesaren, velje å redigere html. Merke teksten i utkastet, og kopiere html-koden derifrå og inn i sida. Når ein så publiserer, kjem sida automatisk opp som ei fane, evt. på liste. Om ein så vil endre, kan ein endre teksten i WLW og sende det det som kladd til bloggen på nytt, ny runde med copy+paste (stryke den gamle html-teksten).
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...