11.06.2012

Bli med på guida tur med kantebandsapparatet mitt

DSC_0354k
DSC_0319

Innimellom får eg ulike spørsmål om kantebandsapparatet mitt. Eg har ei kantebandsløysing som eg er svært fornøgd med, men som dessverre ikkje så lett lar seg reprodusere. Eg har derfor latt vere å blogge om det tidlegare, fordi eg har frykta at eg ville forvirre meir enn å hjelpe om eg skreiv om det. Men, kanskje nokon har lyst til å sjå korleis eg kantar likevel, sånn berre for moro? Eller, om ein sit som eit sprøsmålsteikn med eit flunk nytt apparat mellom hendene, og er desperat etter tips til kva ein kan prøve å stille på?
Og, som ved alle guida turar; det er lov å stille spørsmål :-)

Maskin: Janome Coverpro 1000CPX (ei rein coverstitch-maskin)
Kantebandsapparat: Type A-apparat (ingen brett på baksida), 1 1/2” (frå 38 mm brei remse t il 14 mm brei kant). Ikkje “fits Janome”.

DSC_0353

Kjøpt her: http://stores.ebay.com/SHARP-SEWING-SUPPLIES. Annonsa på mitt apparat har gått ut, og eg veit ikkje om dei har akkurat denne modellen lenger.

Slik monterer eg apparatet (sjå tekst som kjem opp når du held musemarkøren over biletet. Nokon bilete kan forstørrast ved å klikke på dei.):

DSC_0354k apparat med stoette
DSC_0356
Legg til bildetekst
Festeplata kjem frå det originale 42mm-apparatet, men plata kan også kjøpast separat hjå Symaskiner.no for ein billig penge.
Når apparatet er festa berre i eitt punkt, er det akkurat så mobilt at eg enkelt kan flytte bittelitt på det. Dette likar eg veldig godt. Om eg roterer apparatet rundt skruen, kan eg justere kantebadet sidevegs; vrir eg bittelitt med klokka, flyttast kantebandet mot høgre under syfoten, og mot klokka omvendt.
Fyrste gong eg stilte apparatet inn, justerte eg “armane” til venstre på apparatet, slik at saumen på baksida dekkjer heile stoffkanten:
DSC_0357 med piler
Innstillingar på maskina (hald musemarkøren over bileta for å få fram tekst):
DSC_0348
Nåler: Organ ELx705 str. 90.
DSC_0364

OBS: Brukar du den korte, originale syfoten som fylgde med originalt kantebandsapparat, og slit med at det berre blir surr på undersida av kantebandet? Prøv å bytte til ein annan syfot!

DSC_0349
DSC_0350
Diff’en står på 0,5 (lågast) ved kanting med ribb, og oppover mot 1 ved kanting med interlock. Ønskjer eg ein sjeldan gong at kantebandet skal rynke stoffet, skrur eg opp diff’en på max. Eg veit at andre (med andre typer apparat) kantar med mykje høgare diff enn meg med godt resultat, men eg har ikkje skjøna kvifor dette varierer.
Trykkfotpress-skruen cirka halvvegs nede
Apparatet mitt er ikkje så følsomt for ulike trykkfot-press, men om du slit med hoppesting på ditt apparat, kan det vere at det hjelper å auke presset, dvs. skru nedover.
DSC_0352

Stoff til kanteband:
Eg brukar både ribb/stretch-jersey frå Stoff og Stil, eller ribb av liknande kvalitet, og ulike typer interlock. Men mest ribb, og alltid ribb der kanten kjem på strekk, slik som i halsutringing. Alltid interlock der eg ikkje ønskjer snurping, slik som nedst på eit plagg eller nedst på armar (men heilt snurpefritt får eg det sjeldant).
Eg brukar rullekniv, quiltelinjal og skjerematte når eg kuttar remsene, så dei blir jevne.

Treing av stoff i apparatet:
DSC_0365

Stoffremsene krummar seg ofte i nokon grad mot retta. Eg matar som regel remsa inn i apparatet med retta mot meg, med mindre det blir lett synleg at det då er vranga som blir liggande ut. Med ribb og interlock er det kanskje ikkje store forskjellen på kva for side som er inn og ut, men nokon stoff fungerer mykje betre å kante med om dei brettast samme veg som dei naturleg rullar seg.

DSC_0367
DSC_0369 med pil
DSC_0370
DSC_0374 med markeringar
Eg brukar høgre handa mi til å halde rundt apparatet medan eg syr, og høgre peikefinger kviler mot kantebandet for å hindre det i skli mot høgre.
DSC_0376

Slik avsluttar eg saumen:
DSC_0378 med piler
DSC_0379
DSC_0380 med pil
DSC_0381
DSC_0382
DSC_0383
Som ein kan sjå, rynkast stoffet litt med ribb. Det rynkar seg ofte bittelitt også med interlock, men mindre enn med ribb.
Pinsetten er grei å ha når ein kantar, til dømes i kurver:
DSC_0386
Eller for å hindre enden på stoffet i å skli unna:
DSC_0387

Kommentarar på slutten av turen:
Eg har til saman fem ulike kantebandsapparat; det originale 42 mm-apparatet som brettar på baksida, og fire frå Sharpsewing, ingen av desse brettar på baksida. Eg rakk aldri å lære meg det originale apparatet før eg fekk dette som har fungert supert for meg. Både det originale, og alle dei andre har vore litt vriene i starten, og sidan eg har hatt eit apparat som har fungert har det aldri blitt til at eg har øvd med dei andre. Om du har eit originalt apparat du slit med å få til, vil eg råde deg til å bli medlem av syforumet Sykroken, fordi der er det mange som har mykje erfaring med dette, og som kan hjelpe.

Eg blir av og til spurt om eg kan fortelje kva for eit apparat folk skal kjøpe. Eg synest det er vanskeleg å svare på dette, fordi det er så mange ulike faktorar som spelar inn på om resultatet blir vellykka eller ei. Det er vanskeleg å kante, rett og slett, det krev øving, og det er vanleg å streve i starten (Eg har gitt opp å bruke fire apparat…)

Men, om du absolutt vil ha eit råd, og er villig til å hoppe uti det, med risiko for at det er bortkasta tid og pengar, ville eg gått for eitt av to alternativ:

1. Om du har Janome Coverpro 1000CP/CPX eller tilsvarande Elna-maskin: Janomes original-apparat, 42 mm. Dette er apparatet for den som vil vere sikker på at apparatet passar til maskina. Mange har apparatet, så det er relativt lett å hå hjelp. Men, det er dyrt, og det brettar stoffet på baksida, slik at det blir ein tykk kant. Ja, det går forresten an å trikse det til for å få det til å la vere å brette på baksida, men det har eg ikkje prøvd sjølv.

2. Uoriginalt type A-apparat med klippebreidde 1 1/2” hjå Sharpsewing, til dømes denne, eller dette. Eit slikt apparat er billig, og brettar berre ein gong på baksida. Men, ein har ingen garanti for at apparatet vil passe, heller ikkje dei som det står “fits Janome” på, og ein må gjerne vere litt kreativ når ein festar apparatet. OBS: Festeplate må kjøpast separat, og kan kjøpast hjå Symaskiner.no.
Det var det for nå, ha ein fin kveld!

05.06.2012

Toppen live

Nokon hadde lyst til å sjå action-bilete av toppen i forrige innlegg, eit smigrande ønskje, så her er nokre bilete!
DSC_0279kr
DSC_0281
DSC_0282

04.06.2012

Meir av det feminine

DSC_0276kvit
DSC_0274l copy
Eg blei så inspirert av å sy toppen frå Ottobre her om dagen. Treåringen var så fin i den, og toppen blei eit friskt, feminint pust innimellom alle dei retroaktige, minimalistiske plagga eg har sydd mange av. Rullefald gav også meirsmak.
Så i går fekk eg tenkt ut og teikna mønster, og halvvegs sydd denne toppen, og i dag blei den ferdig. Den er i str. 4 år. Den blei utruleg søt, men eg er spent på kor mykje jerseykantane kjem til å rulle seg, det er tendensar allereie før bruk. Uansett, så er det eit godt utgangspunkt for å sy toppen i andre stoff, til dømes viscosejersey.


Litt om mønsteret og monteringa: Eg har tatt utgangspunkt i singlettmønsteret til frotté-toppen i forrige innlegg. Gjorde den om til raglan-front og –bakdel, men runda av det venstre hjørnet på fronten. Målte på mønsteret kor lange “skulder-stroppane” skulle vere, la til litt ekstra til knepping på venstre sida.
Rysjekanten er laga ved å sy gjennomsiktig strikk nokre få millimeter frå kanten på ei jerseyremse, der eg på førehand hadde merka av på strikket med tusj kvar rysjekanten skulle henge på toppen. Etter montering av toppen nedst og i sidene, og deretter kanta armholene, nåla eg på rysjekanten etter tusj-merka. Kanta med kantebandsapparatet. Sette til slutt i knapp som festar venstre skulderstropp til fronten.

Grønn lapp i nakken?? Eg spanderer ikkje alltid ein storleikslapp på plagga eg syr. Men eg har så godt som alltid ein eller annan form for merke i nakken, så barn (og  pappaer) skal skjøne kva som er fram og bak på plagget. Særleg i bukser som er tilsynelatande like framme og bak, er det viktig med ein markør, også for dei saum-interesserte mammaene. Ein liten bit ribb, gjerne i eit stoff med litt kontrast, gjer susen.
DSC_0276k
Stoff: Jersey frå Textart.no. Raud ribb frå Stoff og Stil. Hjarteknapp frå KAM, kjøpt hjå Lykkedragen.no. Gjennomstiktig strikk frå Stoff og Stil.
Fotoredigering: Eg prøvar å lære meg Photoshop Elements, og har fått hjelp som var gull verdt av *atina*. Tusen takk, *atina*!

Innstillingar på rullefald (mest som hugselapp for meg sjølv…)
Trådspenning: –/2,5/4/6,3
Stinglengd: 0,8
Diff: 1,5
Skjerebreidde: 6 mm
Stingtungeknappen på “R” 

02.06.2012

Sommar i frotté

Dette er siste syprosjekt som har lege i blogg-kø i denne omgangen. Tusen takk for alle kommentarane, eg set stor pris på dei. I ny og ne tar eg meg ein bloggrunde og høyrer korleis de andre har det og lar meg inspirere av det flotte de lagar :-)

Eg hadde noko att av den deilege sommarfrottéen Hilco laga for to-tre år sidan. Og det blei til eit sommarsett til treåringen, noko ho blei veldig glad for!

DSC_0241k

DSC_0240k


Litt sånn cheerleader? Ikkje det at det var meininga det skulle bli det, hehe, sluttresultatet blir ikkje heilt sjeldant litt annleis enn eg har tenkt ut på førehand! Gong på gong har det blitt meir 70-tals og retro enn eg eigentleg hadde meint, men ofte er eg fornøgd likevel.

Singletten tenkte eg å sprite opp med ei liten runding/”dråpe” i halsutringinga, inspirert av ein modell som var i Ottobre ein gong. Men kurva blei altfor skarp for kantebandsapparatet, og bandet buka veldig nedst i svingen, så eg måtte sy ein stikning. Dermed blei det i stadenfor ein slags “V”. Greitt nok, det gjorde uansett singletten meir spennande.

Skjørtemønsteret er likt framme og bak. Biletet over viser at livet til eit barn ikkje ligg i horisontalplanet, og skjørtet blir derfor lengre framme enn bak. Dette kjem eg nok til å justere på seinare skjørt, men denne forskjellen er heldigvis ikkje like synleg når jenta spring rundt omkring.

Dei kvite stripene er laga av anorakksnor som er sydd på. Det krev stabilisering bak når ein syr anorakksnor på stretch, ellers strekk stoffet seg under påsyinga, og det blir bølgete. I dette tilfellet er heile den oransje stripa lima på med vliesofix. Eg var litt usikker på om det ville vere stabilisering nok berre av lim og dobbelt stofflag, men det funka.

I livet  på skjørtet sydde eg på ei 3 cm brei linning/løpegang av det rosa frottéstoffet og tredde med 2,5 cm breitt strikk. Lengda på linninga var litt kortare enn livvidda på barnet (85-90%, hugsar ikkje nøyaktig…) Strikket var ca 85% av livvidda, funka greitt.

 

Mønster: Eigne. Skjørtemønsteret er det samme som er brukt her (str. 5 år) og dei to her (str. 3 år).

Stoff: stretch-sommarfrotte frå Hilco. Anorakksnor frå Stoff og Stil, tynnaste varianten (3,5 mm?)

 

Og slik på tampen slenger eg med eit par bilete av genseren eg sydde i går kveld. Den blei eg ikkje veldig fornøgd med, blei altfor mykje mønster, og liksom ikkje heilt… …Det blei too much, liksom. Men varme kroppen til den vesle jenta, det kan den, så den kjem til å bli brukt Smilefjes. Genseren er i str. 80, og er meint å gå langt ned på hoftene. Sydd i jersey.

DSC_0273k

DSC_0272k

Den deilege buksa i isoli er sydd av svigerinna mi.

Ha ei god natt!

T-skjorte til shortsen

Shortsen i forrige innlegg passar liksom ikkje til dei fargesprakande retro-aktige t-skjortene jentungen har frå før, så eg sydde ei ny. Den blei veldig fin inntil shortsen!
DSC_0213
Mønsteret er frå Ottobre, kjempelenge sidan eg har sydd av Ottobremønster nå, men dette mønsteret fungete veldig greitt. Det skulle eigentleg ha vore rynking i armane, men eg hadde dårleg tid, og sydde på eit 5 mm breitt strikk på baksida i staden for.
Etter mønsteret skulle det vere rullefald på armar og nedst, noko eg berre så vidt har prøvd, og dét for veldig lenge sidan. Men det var moro å prøve det igjen, det fungerte fint på armane som var rynka, men ikkje like bra nedst, der blei det rullefald i dobbel forstand (synst ikkje her, men kanten rulla seg veldig etter at t-skjorta hadde vore på ei lita stund).


Mønster: Ottobre 3/2009
Stoff: Jersey frå Gekko

Posebukse og poseshorts

Fleire plagg som står i blogge-kø: Eg sydde eit par posebukser i str. 4 år for ei vekes tid sidan, og når varmen kom for fullt, tenkte eg at eg skulle prøve å lage ein shorts frå samme mønsteret. Og slik blei den sjåande ut:

DSC_0209

DSC_0211

Som ein vri, sydde eg inn to legg i kvar side med eit anna stoff, og pynta med hjarte-KAM-knappar. Nedst laga eg løpegang med maljer der snora kjem ut. Og så fekk eg det for meg at snora i løpegangen skulle utgjerast av strikk i store delar av løpegangen. Truleg ikkje noko poeng sidan buksebeinet er så vidt likevel. Men i allefall, det blei nå strikk inni. Eg konsentrerte meg så mykje om dette at eg sydde feil fleire gonger, spretta opp og sydde, spretta og sydde, og på eit tidspunkt hadde eg lyst til å kaste heile greia i søpla! Men eg er glad for at eg ikkje gjorde det, for det blei bra til slutt. Då eg hadde sydd i bandet nesten ferdig i på eine sida, oppdaga eg at det ikkje var nok til båe sider, derfor ulike band. Ikkje snakk om at eg gadd å sprette opp at endå ein gong!!

Og her er ei av posebuksene som blei sydd ein dag eller to i forvegen, (den andre, ikkje fotografert, er ganske lik, men i samme stoff som shortsen):

DSC_0187

Mønster: Eige

Stoff: Stripete babycord frå lokal quiltebutikk, rosa hjartestoff kjøpt i ein tysk nettbutikk som selte ut restar. Kvit ribb frå Rainbow tekstil. Hjarteknappar frå butikk på Etsy, Lykkedragen.no har også. Band frå Stoff og Stil. Kvit og grå babycord frå Stofstedet.dk. Stripete ribb frå Stof2000.

01.06.2012

Erstatningsluer

Det gjekk som det måtte gå, minstejenta kasta frå seg løve-lua si for eit par veker sidan, eg oppdaga det akkkurat litt for seint, og borte var den… Lua var i str. 46, av jersey, og med fôr. Sidan jenta hadde hovudomkrins 47 cm for ei stund sidan, laga eg erstatnings-lua i str. 48, utan fôr, sidan sommaren var like rundt hjørnet. Og ikkje minst: Med knyting. Og her er lua, sydd av velour:
DSC_0176k

Men, hmmm, den blei for stor, særleg i høgda, og ei lue som dett ned i augene heile tida er ikkje stas!
Så eg sydde ei til, denne gongen i str. 46, framleis utan fôr, men i jersey:

DSC_0182k

Denne lua er i allefall ikkje for stor, snarare litt liten. Men så er ho jo også større i hovudet enn 46 cm. Ikkje veit eg kva som skjedde i fyrste omgang, om det var mønsteret, stoffet eller symetoden (kanskje velouren sklei under syfoten slik at eg sydde nærare stoffkanten enn eg skulle?). Får prøve igjen i str. 48 seinare ein dag, med jersey.


Knytebandet er av ein strimmel interlock, klipt parallelt med jarekanten, så det ikkje er særleg stretch i lengderetninga. Strimlane er ikkje sydd nokon ting anna enn i festet til lua. Dei flisar seg bittelitt opp i sidene (men raknar ikkje), så eg hadde nok ikkje gjort det slikt om det var luer for sal. Fyrste lua hadde 1 cm brei strimmel, men dette var litt i smalaste laget, synest eg. Derfor fekk neste lue litt breiare strimmel. Løve-lua med knyting er brukt ein god del siste par vekene, og knytinga fungerer greitt. Eitt alternativet kunne vere å lage øyreflappar, men då er det ein del meir dill å lage lua…

Montering av interlock-strimlane (Dobbel saum akkurat i festet):

DSC_0177

Velourlua passar nok perfekt til hausten. Og etter at eg sydde desse, kom varmen for fullt, og det var tid for solhatt i staden for (forrige innlegg)Smilefjes

Og forresten, tre gule/oransje luer, –har eg ete for mange appelsiner i påska, kanskje, spør ikkje meg kvifor eg har trong til å sy så mykje i oransje og gult…


Mønster: Eige, etter framgangsmåten frå sida som er linka til i toppen av innlegget.


Stoff: Sky-velour frå JNYDesign, interlock og ribb frå Hilco. Løve-jersey frå Darling dearest (Kjøpt hjå Textart.no)

31.05.2012

Baby-solhatt!

DSC_0244

Blogginga mi går i rykk og napp, og nå ligg det ein del i blogge-kø. Noko av det siste eg har sydd, er denne solhatten til minstejenta. Eg fann denne bomullspoplinen frå Hilco i stoffhylla mi, og tenkte at det måtte bli perfekt for ein solhatt. Og det blei veldig bra! Storesystera blei så begeistra, at ho tinga ein slik hatt ho også, og det får ho når ho vaknar i morgon tidleg. Men eg har ikkje fått tatt bilete av hennar hatt ennå.

DSC_0253kompr

DSC_0265k

DSC_0243

DSC_0246

DSC_0247

Mønster, str. 48: Sjølv-konstruert; fram med passar, Pytagoras-setning og kalkulator! Ein del repetisjon av tidlegare matematikk-ferdigheiter måtte til, men det var veldig moro når det blei bra resultat!

Stoff: Poplin frå Hilco. Eitt lag vanleg strykeinnlegg i bremmen. Inni hatten er det 20 mm breitt gjordeband frå Stoff og Stil. Knytebanda er av bendelband frå Stoff og Stil. Kvit tittekant frå Stoff og Stil ytterst på bremmen.

23.05.2012

Baby Blueprint Crochet

Denne jakka blei ferdig i går, og då den kom på jenta, minte jakka veldig om jakka til ein keisar, hehe… Klede forandrar seg av og til veldig i stilen når dei blir kledd på ein person!
DSC_0198k
Jakka er nr. to av fire parallelle hekleprosjekt eg har hatt siste månadene, veldig greitt å få den ferdig, for den passar nå framover, str. eitt år, jenta brukar str. 74. Men eg er igrunnen spent på kor mykje vi faktisk kjem til å bruke den, fordi den er hekla i heilt feil garn, og er tykk og stiv i “stoffet”. Men då dette gjekk opp for meg, hadde eg hekla så langt at eg tenkte at eg fekk gjere den ferdig... Garn er ikkje berre berre, har eg skjøna. 
DSC_0194k
DSC_0190
DSC_0200

Mønsteret er frå boka


“Baby blueprint crochet. Irresistible projects for little ones” av Robyn Chachula.
Boka har iflg innehaldslista 19 ulike hekleprosjekt for barn frå null til to år. Den er på engelsk med amerikansk heklespråk.


Innehald:
Ermelaus kjole (bilete nedanfor)
Genser med knepping i skulder (google “callum pullover” for bilete)
Jakka eg har hekla
Guttevest (bilete nedanfor)
Lang jentegenser med knepping (bilete)
Ein guttevest til (google “charlie vest” for bilete)
Jentejakke med oldemorruter (google “rosa car coat” for bilete)
Genser med selburosemønster
Tilbehør: Sokkar, slippers, boots, bleiebukse, caps
Til heimen: Vaskeklut, smekke, babyteppe/lappeteppe, elefant-uro, robot-leike, eit babyteppe til.


Oppbygging av eit mønster:
-Info om garntype, heklekrok, tilbehør, heklefastheit, ferdige mål på plagget.
-Skisser over dei ulike delane i plagget, med mål både i inch, cm og mønsterrepetisjonar (sjå bilete nedanfor)
-Mønster på prøvelapp; veldig greitt for å finne ut om ein skjønar mønsteret, kor raskt det er å hekle og slikt. Og sjølvsagt for å finne fram til rette garn og heklenål.
-Sjølve heklemønsteret, plaggdel for plaggdel, med både tekst og symbol (bilete nedanfor)
-Framgansmåte for montering og ferdiggjering av plagget


Kort vurdering av boka:
Boka er veldig grei å fylgje, og forståeleg også for ein fullstendig hekle-nybyrjar som meg. Den brukar både tekst og illustrasjonar/skisser/symbol for å vise korleis ein skal gjere det. Eg som er vant til å sy etter mønster likte veldig godt skissene. Då er det lett å justere når ein ikkje har garn med samme heklefastheit. Eg heklar venstre-hendt, og fekk derfor litt trøbbel med å lese skissene der det var forskjell på høgre og venstre side, men etter litt spekulering, fekk eg det til.

Den store minuset for min del, var at eg valte feil garn. Det skulle ha vore 100% akryl i jakka, og eg valte feil erstatningsgarn, mercerisert bomull (“sport” frå Spar Kjøp). Det passa i heklefastheiten, men blei altfor kompakt. Så då lærte eg ein heil del om garn, for eg går utifrå at jakka ville blitt annleis om ein hadde brukt ull eller akryl. (Men det veit eg jo strengt tatt ikkje, sidan eg har minimal erfaring med garn…)

Alt i alt likar eg denne boka godt, og kan gjerne råde andre til å prøve den. Om dei synest det er greitt med engelsk (amerikansk), vel å merke.

Bilete frå boka:

DSC_0203
DSC_0208

DSC_0206
DSC_0205
DSC_0204
DSC_0202
DSC_0201

22.05.2012

Med desse lærte eg å hekle

I dag fekk eg omsider  sydd i knappar til desse “booties’ane”, etter at dei har lege ferdighekla i fire månader…

DSC_0184

DSC_0186

Saman med ei lue, var vel desse det fyrste hekleprosjektet eg hadde, etter at eg fekk meg ei hekle-lærebok i jolegåve sist jol. Og med dette prosjektet lærte eg veldig, veldig mykje:

-Heklefastheit/gauge: Eg starta med for tykt garn, og byrja på nytt etter å ha kjøpt nytt garn…
-Sjølve maskene: Ho som har laga oppskrifta har lagt ut videoar på korleis ho heklar, steg for steg. Til uvurderleg hjelp for meg som ikkje visste kva ein stav var for noko!
-Fylgje ei oppskrift: Eg hekla og rekte opp, hekla og rekte opp, telte og telte… Etter kvart byrja eg å skjøne korleis ein skal lese hekleoppskrifter, og det var også med hjelp frå videoane til mønsterforfattaren. Men det var fyrst då eg kjøpte maskemarkørar, små plast-dingsar til å hekte på maskene for å markere til dømes fyrste maske på runden, at eg verkeleg byrja å få det til.
-Hekle tredimensjonale former: Hadde eg ikkje hekla desse skoa, hadde eg ikkje klart å hekle hunden etterpå…

Skoa passar til minstejenta nå framover, typisk nå når sommarvarmen akkurat har kome… Er eg heldig, passar dei litt i haust også. Alt i alt var ikkje dette det beste nybyrjar-prosjektet, kanskje, men det var veldig lærerikt.

Mønster: “Baby Garden Boots” frå The Lovely Crow på Etsy. Eg trur eg hekla i str. 6-12 mndr. Dei passar nå når ho er ca 10 månader, så det ideelle var nok om eg brukte litt tynnare garn (/heklenål).
Garn: Merino-ull frå Stoff og Stil

20.05.2012

T-skjorte med gøyale siffer

Det har vore ei pause i sying og blogging siste veka, for all tid har gått med til å innrede syrom og rydde alle sy-tinga ut av stova. Eg gler meg til å ha lagringsplass for alle tinga like ved arbeidsplassen, og dei stoffa eg brukar mest får plass i samme rom som maskinene!

Denne t-skjorta blei sydd før om-møbleringa, og var bursdagsgåve til ein gut i barnehagen.
DSC_0916
DSC_0917
Design (nitals-opning) og mønster: Eige
Stoff: Jersey med siffer designa av Johanna Ahlard. Einsfarga jersey frå JNYDesign, trur eg. Prikkete jersey frå Textart.no. Gul ribb frå Stoff og Stil.

11.05.2012

Mara

I dag har eg henta tre pakker med sytråd på Posten. Eg frydar meg over alle fargane! Herleg! Sytråden har eg kjøpt i nettbutikken til Willy.
DSC_0093
DSC_0088
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...