13.07.2011

Mamma-tights

I går laga eg mønster og sydde meg ein mamma-tights, i dag blei tights nr. to sydd, etter nokre mindre justeringar på mønsteret.

Har du lyst til å sy din eigen? Tutorial lenger nede i innlegget!

IMG_0094

Mønsteret er laga utifrå eigne kroppsmål, ca str. L/XL, men alle breiddemål på mønsteret er redusert med 10%. Dette gav behageleg ettersitjande resultat.  Fyrsteutgåve i viscosejersey (lilla) blei litt lausare enn neste utgåve i stripete bomullsjersey (Båe stoffa frå Stoff og Stil). Etter den lilla tightsen blei mønsteret heva litt øvst i ryggen, og beinlengda auka såvidt.

Mønsteret er tilpassa høggravid mage, men mønsteret skulle kunne tilpassast mindre magar også, sjå avnitt om forslag til mønsterendringar lenger nede (og med god stretch i stoffet reknar eg med at plagget vil kunne passe lenge sjølv når det er tilpassa mindre mage).

Om du ikkje har deg sjølv eller andre å med stor mage å måle på, kan du bruke mine mål som samanliningsgrunnlag, sjå avsnitt lenger nede.

IMG_0122

Å teikne sitt eige mønster:

Her kan du lære korleis eg gjorde det, og eg meiner det skulle vere gode sjansar for at du kan få eit brukande resultat du også. (Men eg er amatør på mønsterkonstruksjon, så det er nok lurt å ikkje teste på det dyraste, finaste stoffet du har.)

Måla  du treng:

  • Hoftevidde
  • “Livhøgde”: Set deg på ein stol, mål langs sida av kroppen avstanden frå stolsettet og opp til der du vil tightsen skal gå, i utgangspunktet nokre cm over der livet ditt ligg når du ikkje er gravid.
  • Omkrins av øvre del av magen, der strikket på tightsen vil liggje (sjå bileta av ferdigsydde plagg.) NB: Mål både bakre mål ( frå side til side over ryggen) og fremre mål (side til side over magen). (Har du ingen å måle på? Mine eigne mål  for svangerskapsveke 36 står lengre nede i innlegget)
  • Høgde frå hofte til kne
  • Omkrins av kne 

mammatights 001beskjært

Slik ser mønsteret ut. Forslag til justeringar for mindre mage: Sjå lenger nede. Teikn etter denne lista:

  1. AB = (hoftevidd:2)x0.9
  2. Merk av “F” midt mellom AB, ny linje 90grader på (vertikalt).
  3. AC = AB:9
  4. BD = AB:4,5
  5. FE = “livhøgde” (sjå over om måltaking)
  6. I nivå med E merkar du av eit punkt til kvar side, ca 1 cm frå E. På høgre side kallar du punktet “H” og teiknar linja FH. På venstre side teiknar du også linja, men forlengar den 4 cm (eller så mykje du vil ta inn i innsnitt i sida på tightsen). Merk dette punktet “G”.
  7. Innsnitt: Lag to innsnitt mot linja FG ved å teikne ei ca 10 cm lang linje 90 gr. på FG, med to skrå linjer over og under, båe med 1 cm avstand frå midterste linja i innsnittet. Kvar? Str. L: Nedste, midterste linja 16 cm frå F, og  deretter 7 cm mellom dei to midterste linjene (gjev ferdig sydde innsnitt 15 og 20 cm over F).
  8. GI = (Side til side rundt øvre del av magen:2)x0,9. La denne linja skrå oppover, eg skrådde den opp ca 25 grader frå linje vinkelrett på FG. (Sjå også “forslag til endringar i mønsteret” lenger nede)
  9. CJ: Teikn inn ein boge, sjå eigen figur under. På figuren er AJ=AC
    CJ mammatights
  10. JI: Teiknast inn som ei kurve som på teikninga. Dersom magen ikkje er så stor, la kurva vere veldig slak, eller teikn evt. ein rett strek.
  11. EK: (Side til side rundt ryggen:2)x0,9. K ligg i samme høgde som E frå AB-linja.
  12. Teikn inn bogen ned til D, eg gjorde det slik figuren viser: Fyrst hjelpelinje frå K til midt mellom B og D. To tredjedelar nede på denne linja bøyer mønsteret ut mot D. KD mammatights
  13. Forleng linja DK ca 5 cm frå K og merk nytt punkt “L”. Teikn linja HL.
  14. Beina: Teikn inn “M” i knehøgd.
  15. Teikn inn “N” i høgda tightsen skal slutte ikkje så langt nedanfor knea.
  16. Teikn to linjer frå F som ender ca 1 cm til kvar side for N.
  17. OP = (kneomkrins x 0,9)+2cm: I nivå med M teiknar du ei linje OP parallelt med AB, men sidan FD er litt lengre enn FC, lar du midten av OP liggje litt til høgre for M.
  18. Teikn inn OC og PD. Deretter teiknar du ei kurve innanfor, som på det meste ligg 0,5-1 cm frå den rette linja.
  19. I nivå med N teiknar du inn nedste avgrensing på tightsen, parallelt med OP, og omtrent like brei som OP. kneet når det er såpass nært kneet som her. Opplegg: Teikn gjerne på oppleggskant nedst på tights-beina, til dømes 2-2,5 cm.
  20. Teikn inn kant øvst for strikk, så brei kant som strikken er brei (t.d. 2,5 cm).
  21. Strikklengde: Eg målte rundt meg sjølv kva som var godt på (eg likar ikkje stramme strikk når eg er gravid). I praksis blei strikken ca 4-5 cm kortare enn omkrinsen på stoffet, (saummonn på strikken kom i tillegg)

 

Forslag til endringar i mønster:

  • Ikkje så stor mage ennå: La linja IG på toppen framme skrå mindre oppover. Minimal eller ingen utoverbuking/konveksitet i linja mellom J og I. Senk evt. også livhøgda, dvs. FG og FH, men så lenge du ha innsnitt, må FG framleis vere lengre enn FH (4 cm/så mykje du til saman tar inn i innsnitta)
  • Endå større mage enn meg: Eg trur ikkje du treng gjere så mykje med mønsteret, så lenge stretchen i stoffet er god

  • Ikkje gravid i det heile tatt? Redusér livhøgda til ca ein cm nedanfor livet ditt. Fjern innsnitta og la FH vere lik FG. La GI gå parallelt med AB, og teikn ein rett strek mellom J og I. Så lenge du ikkje har innsnitt, treng du eigentleg ikkje sidesaum heller.
  • Lyst på ein strammare tights? Gang breiddemåla med eit lågare tal, til dømes 0,85

 

Enkelte av mine mål på mønsteret (dvs at breiddemål allereie er ganga med 0,9), str L/XL og høggravid:

  • “Livhøgde”/FH 29 cm
  • AB 45,5 cm
  • FM ca 34 cm
  • MN: ca 7 cm
  • HL 21 cm (NB: Eg er vanlegvis str. M i overkroppen)
  • GI 23 cm
  • Største avstand mellom FG og JI: 26,5 cm
  • OP: ca 33,5 cm


Å sy tightsen:

NB: Ein tights som denne er absolutt best å sy på overlockmaskin. Har du ikkje ei slik maskin, må du bruke ein elastisk saum på symaskina di.

Materiale:
-Jersey med ein del stretch, bomull eller viscose. I str. L heldt 1 meter stoff, forutsett breidde minst 140 cm.
-Strikk til livet, 2,5 cm breitt er veldig greitt.

Klipp:

Legg til saummonn (eg brukar 1 cm) over alt utanom oppleggskanten nedst, om den er teikna inn fullt på mønsteret, og utanom øvre kant der strikken går, der du klipper så mykje saummonn som du tenkjer overlocken skal klippe bort etterpå. Eg klipte av gamal vane 1 cm saummonn også øvst, men lot overlocken klippe vekk heile centimeteren ved påsying av strikket.

Klipp hakk i saummonnen for den øvste og nedste linja på kvart innsnitt. NB: hakka i saummonnen blir i forlenginga av linjene, og derfor litt lengre frå kvarandre enn på mønsteret.

Klipp evt. også enkelte passmerkehakk langs JI og DL (får å gjere sying utan knappenåler enklare).

Sy:

  1. Sy dei fire innsnitta. Sjølv merkar eg av kor langt innsnittet skal vere med ei knappenål omtrent slik biletet viser (OBS: Hald kanppenåla i trygg avstand frå sylinja/overlock-kniven). (Den oransje teksten på biletet er dårleg, det står “hakk”)
    IMG_0091innsnitt mammatights
  2. Sy sidesaumane. Press saummonnen bakover. Press i samme slengen opp oppleggskanten nedst på tightsen.
  3. Sy fremre skrittsaum. Og bakre skrittsaum.
  4. På dette tidspunktet brukar eg å sy oppleggskanten nedst på coverstitch-maskina, om du brukas symaskin synest du kanskje det er like greitt å gjere det til slutt. Bruk i såfall enten tvillingnål eller ein elastisk saum maskina tilbyr, t.d. trestings-sikksakk.
  5. Sy båe innerbeinsaumar i eitt.
  6. Sy på strikken: Min metode er:
    -Eg deler øvre kanten av tightsen i fire like lange delar ved å klippe eit lite hakk i sidene slik teikninga viser:
    Untitled hakk mammatights

-og deler inn strikken utanom saummonnen i fire like deler ved hjelp av tusj-merke
-Syr på strikken på vranga av stoffet, slik at merka stemmer overeinsIMG_0092 
-Når eg kjem rundt, brettar eg strikken éin gong ned mot vranga, og syr ein runde med dobbeltsaum på coverstitch-maskina langs nedre strikkant frå rettsida, medan eg strekkjer akkurat så mykje at stoffet ligg utan faldar. (Ikkje covermaskin? Bruk samme metode som nedre oppleggskant). Eg legg inn ein liten bit flatt band av noko slag (ripsband el.l.) delvis innunder strikken ved bakre skrittsaum, for å markere at dét er bak (Slik som merkelappen ligg på kjøpte plagg).

Kjelder:

Bakgrunnsinformasjon har eg fått frå:
-Winifred Aldrich: Metric Pattern Cutting for Women’s Wear
-Helen Joseph-Armstrong: Petternmaking for Fashion Design
-Dessutan fekk eg nokre tips av å kikke på ein mamma-tights frå Hennes &Mauritz

 

Kommentarar?

Sei gjerne ifrå om tutorialen fungerer, og særleg om den ikkje fungerer. Er noko uklart, så berre spør!

09.07.2011

Sommarkjole for ei lita frøken!

IMG_0012
For ei lita stund sidan fekk eg lyst til å lage ein kjole av kombinasjonen av desse to stoffa; guloransje fløyel og ein rest av blomstrete viscosejersey. Men eg heldt på å leggje idéen frå meg, før eg kikka innom denne utfordringsbloggen for saum, og fann ut at kjolen ville passe rett inn! Og med inkludering av utfordringas kriterier blei kjolen til:
-Blanding av fast og strechy stoff
-Sommarleg
-Ha med “det lille ekstra” i form av pynteband, sløyfe, blonde etc.
IMG_0017
På brystet har kjolen fått ein "ribb-applikasjon", og i sentrum av denne  bomullsmellomverk (maskinhekla blonde). Vertikalt over går ein liten oransje bit skråband som omfamnast av ein bit vevd pynteband. Stikningen langs berestykket på kjolen innlemmer eit stykke guloransje moulinégarn i saumen (under).
IMG_0021
IMG_0016
IMG_0009
Tusen takk for utfordringa, June!

Om konstruksjonen av kjolen:
Livet: Sjølve kjoledesignet er bygd på eit klassisk selekjole-design. Eg har tidlegare teikna eit grunnmønster  for diverse “overkroppsplagg” med hjelp av boka til Winifred Aldrich, og då er det relativt enkelt å teikne selekjole-liv. Det som ikkje er like lett, er å vite kor stor rørslevidde ein skal ha (kor mange cm ekstra i vidda i høve til barnet si brystvidde). 58 cm til jenta over som er 55 rundt brystet var i trongaste laget. Og kjolen skal jo også forbi baken ved på- og avkledning, det gjekk såvidt.  Livet er fôra med tynt bomullsstoff.
Skjørtemønsteret laga eg i utgangspunktet ved å teikne av det opprinnelege, firkanta mønsteret frå grunnmønsteret, forlenga til ønska lengd litt under knea. Så klipte eg dette opp i strimlar og la utover bordet slik at eg fann passeleg breidde og form på enkeltdelande. Eg bomma litt likevel, med tal på panel, men etter litt triksing gjekk det bra til slutt…
Å sy saman fast stoff og viscosejersey var ei utfordring, fordi viscosejerseyen drog seg medan det faste stoffet ikkje strekte seg. Det næraste eg kom nokon løysing, var å ha viscosejerseyen nedst mot transportørane på overlocken, og å stille diff’en litt opp. Diff’en blei stadig justert opp og ned. (Jo høgare diff, jo meir blir jerseyen trekt saman).
Ribb-applikasjonen: Tidlegare har eg berre laga slike applikasjonar med sirkulær form, denne gongen forsåvidt to halvsirklar i kvar ende, men det viste seg at kurvene bli for krappe til å få sydd det jevnt. Så neste gong: Større kurver.
Moulinégarns-stikninga: Eg har ein eigen syfot med eit smalt spor under, som passar akkurat til moulinégarn. Garnet blei sydd på med smal sikksakk. Det kan sikkert fungere utan ein slik fot også, til dømes med ein open applikasjonsfot, så ein har kontroll på garnet.

Stoff og tilbehør:
-Guloransje fløyel frå Textart
-Blomstrete viscosejersey frå… (har gløymt det)
-Rosa fôrstoff frå Midha Enterprise, stoffbutikk rett ved Oslo Spectrum
-Djup raud ribb frå www.stoffogstil.no
-Mellomverk frå Corona Fargerike
-Vevd pynteband frå www.Farbenmix.de / www.Leanne.no
-Skråband frå Stoff og Stil
-Moulinégarn frå Panduro
-Knappar frå KAM (til dømes hjå www.Lykkedragen.no)

07.07.2011

Tutorial: Nitals-opning

Kort om nitals-opning:
Nitals-opning er eit design på halsopning, primært til barneplagg sydd i elastiske stoff. Den kan brukast blant anna på bodyar, genserar, tunikaer/ kjolar og sparkedressar. Det er ein fordel om berestykket (oransje på øvste biletet) er i eit ikkje altfor mjukt stoff, i allefall om ein ikkje brukar ribb til kanting. Ein må også rekne med å “dandere” kanten ved påkledning, som ved konvoluttopning på bodyar.
Vedlegg3_nitalsopning med kurva nedre del av nital
IMG_9222 - Kopi
Vilkår for bruk: ”Nitals-opning” er designa av Annwes/Anne Kristin Westermoen. Eg har søkt Patentstyret om registrering av designet i primo april 2011. Om søknaden vert innvilga, er dette  uansett ikkje til hinder for privat bruk av designet, og eg synest også at det er moro om hobby-syarar brukar designet.
Kommersiell bruk av designet er ikkje tillatt. Eit unnatak frå dette gjeld hobby-syarar, som kan bruke designet til sal i liten skala*. Det er i så fall fint om du refererer til at designet er lånt av Annwes, om du legg ut plagget på internett el.l.
Terms of use: “No 9 Opening” is the design of Annwes/Anne Kristin Westermoen. I have applied the official, Norwegian office for Patency registration, for registration of the design. Private use of the design is permitted by Norwegian law, but is also all right with me personally. Commercial use of the design is not allowed. An exception from this is hobby sewists’ use of the design in small scale sale*.  In that case, I would prefer that you comment that you have borrowed the design from Annwes, if publishing the garment on the internet etc.
*Gyldig til 31.12.12, om designet godkjennast av Patentstyret. Valid until Dec 31 2012, if the apply is granted.

Teikne inn nitals-opning på eit mønster:
Forstykke/berestykke:
1.       Teikn inn ei horisontal linje på forstykket,  til dømes halvvegs mellom halsutringinga og nedste nivå på armhola. Heretter omtalast mønsterdelen over streken som ”berestykke”, og delen nedanfor som ”nedre forstykke”. Den horisontale linja omtalast som ”berestykke-linje”.image
NB: Denne linja kan også med fordel skråast litt oppover utover mot sidene, så den ender på eit nivå nokre millimeter lenger opp “på armsida” enn den startar midt framme. Dette for at berestykkelinja skal sjå horisontal ut over brystkassa.

2.       Fest forstykket og bakstykket saman.image

3.       Legg mønsterpapir over hals-/skulderområdet. Om ikkje mønsterpapiret går kant i kant med den horisontale berestykke-linja, teiknar du inn den berestykke-linja på mønsterarket.
image

4.       Merk av skuldersaumen.
image

5.       Teikn inn ein boge som startar litt framanfor skuldersaumen på halssida, og som går bakover og treff ermesaumen lenger bak. Denne kurva bør ikkje vere for krapp.
image

Teikn også inn opprinneleg halsutringing nært skuldersaumen (til seinare bruk, når du skal teikne høgre side av berestykket):
image
Bakstykke:
6.       Tak bort berestykkemønsteret du har laga, og legg på eit nytt mønsterpapir. Legg det gjerne kant i kant med ”midt bak”, eller bruk eit så stort ark at du kan få plass til heile bakstykket på det (merk i så fall av ”midt bak”) Merk av opprinneleg skuldersaum, og berestykke-linja/den horisontale linja mellom berestykke og nedre forstykke.
image

7.       Forleng bakstykket over berestykket: Teikn inn ei linje frå halskanten nært skuldersaumen på berestykket, og la streken gå nedover berestykket mot berestykkelinja. Den kan enten treffe denne linja i rett vinkel, eller vere kurva inn mot midten (bilete nr. to). Bakstykket fylgjer originalmønsteret langs erme og berestykke-linje. (Sjå ferdig resultat lenger ned i tutorialen)

image
image
8.       Merking:
Legg det nye berestykke-mønsteret oppå det nye bakstykket, og merk av:
·         Kvar på berestykket kanten på bakstykket treff.
·         Gjer også gjerne tilsvarande med nedre forstykke.
·         Merk staden for opprinneleg skuldersaum  på berestykket,  bakstykket og tilsvarande stad på erme.
·         Merk av på bakstykket kvar bogen på berestykket treff ermesaumen (ikkje med på bilete).
·         Merk av på ermet der “berestykkelinja” treff (bilete nr. to).
Overfør merkingane til stoffet når du klipper.
image
image

9.       Omdanning til heilt bakstykke: Duplisér bakstykket, men la plagget si høgre side fylgje originalmønsteret. Det går naturlegvis også an å klippe mønsteret i to langs opprinneleg skuldersaum på venstre side, slik at du får bakstykke + ein separat stoffbit som går nedover berestykket.
image

10.   Omdanning til heilt berestykke: Kopier til andre side, men la høgre sida på plagget (venstre sida på mønsterarket) fylgje originalmønsteret.
image
image

11.   Saummonn: Om du vil kante med ribb etter ”skråbandmetode” (”collarette”), legg du ikkje til saummonn langs kanten som skal utgjere ”ni-talet”, sjå bilete. (Dette kjem også an på kva originalmønsteret ditt legg opp til). Legg til saummonn langs skuldersaum på plaggets høgre side og ermesaumar som vanleg.
image


SYING:
nitals syrekkjefylgje
1. Sy skuldersaum på motsett side av opning. Press saum bakover. Evt. stikning.
2. Kanting av halsopning; start med bakstykket
3. Sy den horisontale saumen over brystet: Legg “framsidedelen” av bakstykket oppå berestykket (vrange mot rette) slik at dei går kant i kant mot erme og mot “berestykkelinja”. Legg deretter på nedre forstykke rette mot rette.  Sy. NB: Dette går på tvers av stretch-retninga, still opp diff’en på overlocken for å hindre bylgjete saum (til dømes heilt opp til 2). Press saummonnen nedover. Evt. stikning (elastisk).
4. Sy på armar
5. Montér resten av plagget som vanleg
Lykke til!

Namneband i ein fei

armband
I skrivande stund er barna mine på 2,5 og 4,5 år i Dyreparken med bestemor, og sistnemnte syntest det var greitt å skrive namn på barna. Kulepennen ville ikkje skrive på huda, så vi laga eit par namneband i full fart av:
-ein liten bit ripsband
-Stryk-på-namnelapp frå www.markmaster.no
-ein KAM-knapp.
Hadde eg hatt litt betre tid, skulle eg ha sikra endane mot oppfrynsing, nå berre bretta eg endande to gonger før eg sette på knapp. Ripsband frynsar seg svært fort opp, men det held nok i det minste for i dag…

06.07.2011

Ammetopp, modifisert Stoff og Stil

IMG_9899transparent bakgrunn
Kanskje har du eit amme-t-skjorte-mønster frå Stoff og Stil liggande? Av typen på teikninga under? Dét hadde eg. Men eg synest t-skjorta fortente å bli litt meir spennande, så eg gjorde nokre nokså enkle endringar (sjå lenger nede).  Funksjonaliteten til toppen kan eg dessverre seie så veldig mykje om,  fordi toppen nyleg er gitt bort, og eg har ikkje høyrd noko frå mottakaren…
Untitled
Endringar:
For det fyrste auka eg halsutringinga ein del, for å gjere det meir til ein sommartopp.
For det andre endra eg armane til “cap sleeves”, som eg synest er både meir sommarlege og meir elegante.
IMG_9900
Korleis eg laga cap sleeves:
Eg endra mønsteret som skissa under viser (blå strekar; nytt erme). Etter sying av skuldersaumar og halsutringing, laga eg merke for der ermet skulle starte og slutte på for-/bakstykke ved å take utgangspunkt i merket for skuldersaum på toppen. Samanlikna sidene for symmetri.
Denne gongen sydde eg ermet på og kanta etterpå. Det går også an å kante før ein syr ermet på, deretter sy på ermet, og så brette den frie kanten lenger nede mot vranga og feste den med ein (elastisk) saum. Sjå døme på dette her.
cap sleeve
NB: Dette er berre ei skisse, ikkje eit reelt mønster.

Stoff:
-Prikkete jersey frå Textart.
-Stripete jersey ("Campan") frå Hilco, kjøpt hjå Mineti.de
-Limegrøn ribb til kanting, Stoff og Stil.

02.07.2011

Fargerik guttegenser; finn dyra!

IMG_9939kvit bakgrunn
IMG_9938
Eg fann dette stoffet på Etsy og fall pladask. Så kom det heim til meg, og eg blei litt overvelda; var det litt for heftig? Så nå prøvar eg det ut, eg synest genseren blei tøff, og eg håpar guten som blir fire år også synst det Smilefjes
Stoffet er eit ru, nesten handkleaktig bomullsstoff som er strikka, men eg er litt usikker på om det er strikka som jersey eller meir ein isoli-art. Stretchen er litt begrensa, derfor sydde eg i glidelås, med hjelp frå den gulgrønne boka “Søm”.
Mønster: Eige
Stoff:
-Trykt stoff kjøpt hjå Ixat (Sør-Korea) på www.Etsy.com
-Blå ribb frå Hilco/Sydilla.no
Finn dyra!
IMG_9940

Sommarkjole: I eit lite raudt hus

IMG_9873 kvit bakgrunn

IMG_9872

Denne kjolen er sydd til ei lita frøken som blei fem for kort tid sidan. Kjolen er basert på singlettmønsteret eg nyleg laga, med lagt til skjørt ved å auke lengda og skrå utover på kvar side (med ein svak boge nedst på mønsterdelande).

Nitalsopninga er også lagt til, og den horisontale “berestykkelinja” er skrådd litt oppover på kvar side slik at den skal sjå rett ut når plagget kjem på brystkassa.

Nitalsopninga i seg sjølv skal eg lage ein tutorial på etterkvart. Utolmodige sjeler kan allereie nå sjå ein tutorial for mønster-teikninga, men som ikkje seier noko om gangen i syinga. HER. 

Mønster/design: Annwes
Stoff:
-Rest av landskapsinterlock frå Cetho Designs. 
-Raudprikkete jersey frå Textart.
-Kanta med blå interlock frå Cetho.

 

DESIGN BY ANNWES liten versjon

01.07.2011

Frå guttebukse til jenteshorts

Arving av tøy treng ikkje vere kjedeleg, om ein fiksar litt på plagget, kan det få ein heilt ny stil!
IMG_9891kompr
Storebrors dongeribukse med grasgrønne stikningar, og nå med hòl på knea, har fått kortare bein, pynteband og pynteknappar. Kva blir det?Shorts til veslesyster!
IMG_9885K
IMG_9893K
IMG_9896K
Pynt:
-Tre knappar frå ein knappemix eg kjøpte på www.panduro.no
-Vevd band med mus på sopp frå www.farbenmix.de
-Lilla, hekla bomullsblonde frå www.stoffogstil.no

Tunika og t-skjorte til glade bursdagsbarn

IMG_9925kompr
IMG_9927
Plutseleg var det fire bursdagar på kort tid! To av barna får plagg som visast her, den tredje  får kjole i eit innlegg som skrivast etterpå, og fjerdemann si gåve har eg ikkje byrja på ennå…
Fyrste plagg er til ei som blir tre år. Ho får ein jersey-tunika med nitals-opning.

Mønster/design: Annwes
Stoff:
-Apejersey, Cetho Designs
-Gul jersey, Cetho
-Stripete jersey, kjøpt i Lyngdal
-Sopp-jersey: Stoff og Stil
-Oransje ribb til kanting, Stoff og Stil
Neste plagg ut er til ein femåring:
Stoff:
-Mikke Mus-jersey: kjøpt i Lyngdal
-Bylgje-jersey, Cetho
-Stripete jersey, Cetho
-einsfarga turkis jersey, Cetho
IMG_9935
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...