Dette er ein grei metode for kanting om du ikkje har tvillingnål eller coverstitch-maskin med kantebandsapparat. (tutorial for knepping i skulder og kanting med coverstitch
her.) Det finst ulike måtar å gjere det på:
-Ein hurtigmetode
-Ein meir nøye metode
Felles for metodane er at ein har klipt bodyen med ekstra stoff for kneppinga i den eine skukldra, og forsterka overlappande delar med eit lite- eller ikkje-elastisk stoff. Sjå bileta under, og evt. også nærare forklaring
her.
På bakstykket er det berre det ytterste feltet som skal forsterkast.
Under: Framstykket til venstre før reinklipping, bakstykket til høgre etter reinklipping.
Saummonn: Ikkje klipp ekstra saummonn i halsutringinga på nokon av metodane, då dét ein tar av stoffet til saummonn kjem tilbake i form av ein like brei ribb-kant (1 cm saummonn, 1 cm ribbkant).
Hurtigmetoden:
Denne metoden inneber at du syr på ei remse utan å måle den til på førehand. Ein må dra i remsa undervegs, og det er ikkje så lett å vite kor mykje ein skal dra for at det blir jevnt og fint resultat. Men ein sparer tid…
-Klipp ei 4,0-4,2 cm brei remse av ribb (evt. jersey).
-Press den om midten på langs, vrange mot vrange.
-Press “flappane” til kneppinga mot vranga, på bakstykket berre det ytterste feltet.
-Sy skuldersaumen på den sida det ikkje er knepping på.
-Med flappane bretta mot vranga, legg du remsa rette mot rette i den eine enden, la remsa starte eit par-tre cm utanfor flappen.
-Sy mens du drar i remsa; berre såvidt på rette strekningar, nokså mykje i svingen mellom skulder og nakke, og middels mykje framme i halsutringinga.
-La det også vere eit par-tre cm remse til overs i andre enden.
-Press saummonnen utover/nedover.
-Brett remse-endane mot baksida av flappane og sy dei fast med ein stikning slik biletet under viser, klipp remsa av rett etter stikninga.
På denne bodyen kunne remsa vore strekt litt meir i halsutringinga framme, men den har funka grett i bruk (sidan ein nyfødt baby har kort hals)
Ein meir nøye metode:
Denne metoden går ut på å sy på ei tilmålt remse som på førehand er sydd saman i endane.
-Også her 4,0-4,2 cm brei, rett remse
-Tak mål av mønsterkanten/stoffkanten frå der den eine flappen brettast til der den andre flappen brettast. Overfør til mønsterpapir (evt. rett på remsa) etter liknande metode som er vist i
dette innlegget (berre at denne gongen skal du måle heilt inntil mønsterkanten). Set merke ved skuldersaumar, midt framme og midt bak. ( Lag også merke midt framme og midt bak på bodyen). Legg til saummonn i kvar ende.
-Brett remsa rette mot rette på langs og sy ein stikning i kvar ende for å lukke remsa. Trim ned hjørna.
-Vreng remsa og press den langs midten på langs.
Påsying:
-Sy skuldersaumen på motsett side
-Legg remsa rette mot rette mot bodyen, start ved brettestaden for “flapp”, pass på at det er rett ende av remsa i høve til oppmerkinga av skuldersaum osv.
-Nå kan du
enten brette “flappen” fram og ned så den omfamnar remseenden, rette mot rette (slik eg har gjort på bodyen under). Sy, og la avmerkingar passe mot kvarandre. Samme bretting av flapp i motsett ende. Trim hjørna, vreng, og du skal få dette resultatet (biletet er teke på ferdigsydd body, ermane og knappane skal monterast
etter at halsribben er sydd):
-
Eller, som eg ser nokre kjøpebodyar er sydd: Ein kan starte å sy (overlock) med flappen ubretta, og heller brette den mot baksida etterpå (dei har då festa flappen med coverstitch-stikning langs ribbkanten).
Bodyen er kanta nedst og på armane etter samme prinsipp som “hurtigmetoden” over. Med berre to lag ribb har eg ikkje våga å bruke plastknappar frå KAM (med eitt sentralt festepunkt), av frykt for at dei kan falle ut (eg har opplevd dette ein gong med ein type ribb som var nokså laus i strikkinga).
Stoff, elefant-body:
-Bomullsjersey frå Stoff og Stil
-Ribb, Stoff og Stil