Har du lyst til å sjå syrommet mitt? Velkommen inn!
Bakgrunn: Det vesle rommet sentralt i huset har fungert som lager/bortstuingsrom dei siste åra. Nå er familien blitt så stor at vi må byrje å ete i stova, ved bordet der eg har sydd dei siste tre åra. Eg måtte altså finne ei ny løysing til sysakene mine. Og løysinga var å flytte ut ein heil del ting frå roterommet, og innrede på nytt.
Stikkord for ny-innredninga:-Lite rom (Ca 10 m²)
-Praktisk innredning
-Lågt budsjett…
-…sidan rommet i seg sjølv ikkje er det vakraste rommet i huset
Resultat:
Sjølv om rommet er lite, har det har blitt eit fullt brukande syrom. Liten plass har også fordelar; eg kosar meg med at eg når fram til det meste nesten utan å flytte meg…
Og så bileta:
Oversiktsbilete, hovudsida av rommet:

På motsett side finn ein dette (litt overlapp mellom bileta):
Detaljar:

Øverst over syplassen er det to stykk
Billy-vegghyller frå IKEA ved sida av kvarandre. Det skulle eigentleg vere to skilleveggar i kvar hylle, men vi lot vere å montere den eine.
Under Billy-hyllene heng det ei hylle som er ei 20 cm djup, lang (2,40 m?) hylleplate kjøpt på Byggmakker. Det gule sortimentskåpet kjøpte eg på Jula for 139 kr, veldig fornøgd med det.

Eg er godt fornøgd med desse
veggkrokane frå Jula, som eg brukar til å oppbevare rullar med band. I tillegg har eg brukt nokre gamle dusjgardin-krokar for å henge opp brett med band.

Den aller kjæraste dingsen eg kjøpte, er kanskje denne
magnetslista. Det viktigaste som heng her, er den vesle, oransje broderisaksa, som eg brukar til stadigheit. Og like til høgre for denne; den butte stoppenåla, som eg festar overlock-trådremsene med.

På kvar side av magnetlista, er det ei lang
Bygel-stang, med diverse Bygel-tilbehør på. Blant anna denne boksen med pennar og diverse i, er kjærkomen.

Tråd-korgene passar greitt til Mara-tråden…

Den svarte rullen med skulderband passar også fint oppi ei av korgene. Så er det berre å dra ned så mykje band ein treng. I boksen til venstre er det to rulleknivar; ein med skarpt blad til stoff, og ein med eit gamalt, sløvt blad til papir (mønster). Kalkulatoren bakanfor brukast som mønstervekt, i tillegg til å rekne med:-)

Dette er ein rest etter roterom-tida; glidelåsar hengt opp i dusjgardin-krokar via delvis utfalda bindersar. Eg har ikkje hengt opp nokon gardiner på rommet ennå, og tenkte at glidelåsane likesågodt kunne henge. (Eg har fått kommentarar frå folk som har sett dei frå utsida, og lurar på om vi brukar glidelåsar som gardiner, hehe…)

Denne hylla er eg veldig fornøgd med, dvs., det er ikkje sjølve hylla, men hylle-
knektane, eg er så fornøgd med. Inni dei kan eg nemleg oppbevare rullar; mønsterpapir, vliesofix. Og balkongflagget…

To skjerematter er veldig greitt til klipping av småbarnsklede, så slepp eg å flytte stoffet midt i klipping av enkeltdelar. Vel, klipping er jo eigentleg skjering, for eg brukar rullekniv og ikkje saks.
Under bordet: Eitt av hjelpemidla eg er aller mest fornøgd med; ein stor dunk til sy-avfall. Eg når den frå alle maskinene, og frå klippeplassen. Nokon fordelar er det med veldig lite syrom!

Og her havnar alt avklipp med så store bitar at eg trur det kan kome til nytte…
Eg har brukt rommet i, tja, ein månads tid nå, og eg diggar funksjonaliteten i rommet! Så lett å leggje ting på plass at det ikkje blir noko sak å rydde! (Og eg er ikkje spesielt glad i rydde, berre spør mannen min om korleis det såg ut då eg brukte stova som syrom, hihi!
Har du lyst til å vise fram ditt syrom? Legg gjerne inn ein link i kommentarfeltet!
Tillegg: Det var ønskje om detaljbilete av glidelåsopphenget, her er eit utsnitt av biletet i høg-oppløyseleg versjon :-)