15.04.2012

Kile-kjole

DSC_0516beskj

Ikkje ein kjole til å bli kila i, men ein kjole med stoff-kile i kvar side…

A dress with fabric gussets in each side (Although the text is in norwegian, I think that english reading guests also will understand from the illustrations how I maked the dress )

Noko av det eg synest er moro innanfor mønsterkontruksjon, er å finne fram til design som er såpass enkle at ein kan teikne mønteret berre ved hjelp av ein måletabell og nokre relativt enkle instruksjonar. Denne kjolen er eit forsøk på eit slikt design. Etter lette justeringar blei kjolen absolutt brukande, synest eg. Ermane ber preg av at designet er eit kompromiss mellom det konstruksjonmessig enkle og det estetisk stilige ved at dei er litt lange innerst mot kroppen i høve til ytterst. Men dét bør det gå an å endre på relativt enkelt.

I think it’s fun to search for designs so simple that you can reconstruct them from measurements and relatively simple instructions. Here I have tried to construct such a dress (but remember – I have no formal education in pattern construction/design…)

DSC_0524beskj

DSC_0525

Kjolen hang ikkje så spesielt godt bak då eg tok bilete, men eg ser eigentleg ikkje nokon grunn til at den skulle henge dårlegare enn ein annan jerseykjole.

DSC_0520beskj

The making of/slik laga eg kjolen:

kilekjole

Stoff: Jersey (bomull og bomull/polyester). I prinsippet bør det gå fint å bruke fast stoff også, det får eg teste ut seinare.

Mål frå måltabellen til Aldrich si mønsterkonstruksjonbok, side 17 her. Str/size. 104:

Chest: 57 cm
Neck size: 23,6 cm
Scye-depth (ermeholsdjup): 13,8 cm
Across back: 23,6 cm
Back neck to waist: 25,4 cm
Waist-knee: 36,0 cm
Arm length: 36,5 cm
Upper arm: 19,0 cm

Berestykke/Yoke:

Eg bretta til to linjer vinkelrett på kvarandre, med krysset litt ovanfor midten vertikalt.

DSC_0448

DSC_0449ab

a (raud/red)=1/4 neck size
b (blå/blue)= 1/2 across back

DSC_0451

Deretter bretta eg arket horisontalt om ein tenkt skuldersaum (“på gefühlen”):

DSC_0452

Teikna resten av berestykket (sjå mål under det andre biletet under):

DSC_0453

DSC_0454cd

c= 1/2 arm length
d= scye depth

DSC_0455

Forslag til endring: kanskje dette vil gjere ermane betre? (Next time I suppose I will do it like this):

DSC_0454endra

Front og rygg/front and back panel:

frontpanel

e=1/4 chest
f= “Back neck to waist” pluss “waist-knee” minus “scye depth” pluss oppleggskant/hem
g= 0,6e (1/4 chest x 0,6)

Den vesle bogen teikna eg inn etterpå (det er fire-fem cm frå toppen og ned til merket i innersvingen):

DSC_0509

Deretter merka eg korresponderande merke på dei to mønsterdelane (blått) og merke innerst i svingen (raudt):

DSC_0512med merke

Så målte eg avstanden avstanden frå ermekant til merke med måleband/measure tape:

DSC_0512m

Denne avstanden (i), og i tillegg “h” på tidlegare skisse brukte eg til å lage kile-panel/gusset panel:

kilepanel

j= 1/4 scye depth

Eg lot opprinneleg “j” vere 1/2 scye depth, dvs. at heile panelet fekk breidda 1 scye depth/13,8 cm, men dette blei altfor vidt og eg sydde det inn. Det er derfor det er sidesaum i kjolen, noko det eigentleg ikkje skulle vere. Kanten nede var j x 1,6 før korrigering av j, etterpå blei den j x 2,5 eller deromkring.

Saummonn/seam allowance: 1 cm blei lagt til  øvst og på sidene på front-/bak-panel, og på sidene på kile-panel. Elles inkludert 1 cm og valte oppleggskant-breidde.

1 cm seam allowance was added on top and sides of the front/back panels, and on the sides of the gusset panels. Yoke pattern already included 1 cm seam allowance. Hem was also already included.

Montering:

Rette mot rette: Panel mot berestykke/yoke framme og bak, deretter syast kile-panela på. Passa på at det ikkje blei hol ved armholene der saumane møttest.

Halsen: Eg klipte ein 4 cm brei jerseystrimmel inkludert 1 cm saummonn/seam allowance. Bretta vrange mot vrange og sydde den på som løpegang rette mot rette. 5 mm strikk/elastic: neck size x 1,33 + saummonn/seam allowance (eg brukte opprinneleg neck size x 1,5, men dette blei litt for vidt, syntest eg)

Hurtig løpegang (eg starta ikkje saumen i enden av strimmelen, men litt innpå, slik at eg kunne falde enden rundt starten):

DSC_0526hals2

Ermane: Løpegang som i halsen. Strikklengd utan saummonn/length without seam allowance = “upper arm”-mål/measure.

Vanleg opplegg nedst.

DSC_0526beskj

Stoff i kjolen: Mønstra jersey frå Stofstedet.dk, oransje jersey av bomull/polyester frå Stoff og Stil sitt restebord.

Konklusjon: Dette var eit morosamt prosjekt, og det blei ein gøyal kjole av det. Eg lurte litt på om eg skulle melde kjolen på i Sy-utfordringsbloggen, men så kom eg på at eg har delteke der før med ein oransje kjole med mønstra blomsterstoff, og eg er ikkje såååå glad i oransje kjolar, eigentleg, hehe! Så det blei eit anna bidrag i staden for.

11.04.2012

Vårjakke til treåringen

DSC_0556

Etter å ha brukt mykje tid på ei jakke som blei heilt mislykka til treåringen, tenkte eg at denne gongen skal eg ha eit raskare prosjekt, og valte eit stoff som eg hadde lyst til å bli kvitt. Men den gong ei, det ballar på seg, og jakka blei ikkje så enkel likevel! Trass i at eg ikkje likar fargen på det einsfarga stoffet så godt, så blei jakka heilt ok, synest eg. Det flotte mønstra stoffet frå Hilco hjelper godt til. Stilen på jakka er litt hummer og kanari, blanding mellom amerikansk baseball-jakke (ikkje tilsikta) og, tja, eg veit ikkje heilt, hehe ;-)

DSC_0555

Når jakka ikkje er snurpa saman i livet ved hjelp av snora i løpegangen, ser den slik ut:

DSC_0559

DSC_0558

Fôr i “thermal knit”, trur eg, med pusekattar på.

DSC_0560

Baksida er pynta med ei stripe mønstra stoff sydd på med trippelcover-saum opp ned. Ein lapp kvit microfleece med eit vevd pynteband på. Eit par hjarte sydd som “frihandsbroderi” på sidene.

DSC_0562

Mønster: Oppskalering av eit mønster eg teikna i fjor, då eg laga denne jakka:

IMG_9314

Stoff: Oransje isoli frå Stofstedet.dk. Stretch-isoli frå Hilco. Stripete ribb kjøpt i Danmark ein stad, kvit micro-fleece frå Stoff og Stil. Vevd band med hestar på er frå Leanne.no, eg tippar dei er laga av Farbenmix.de. Grøn ribb på lommene frå Stofstedet.dk.

Den nedste jakka er sydd i poplin frå Hilco, kanta med 5/8” FOE (foldover elastic) kjøpt på Etsy eller Ebay, ribb i ermane frå Hilco/Sydilla.no. Beltet er påsydd eit vevd band frå farbenmix.de. Fôr i tynn, vevd bomull, frå Midha Enterprise i Oslo, meiner eg.

09.04.2012

Ikkje heilt A4

Etter turen til Roma har eg blitt inspirert til å prøve meg på plagg med litt andre detaljar enn dei vanlege ribb-kantane. Det krev at eg må vri hjernen litt, men det er moro også. Ideén til denne toppen fekk eg etter å ha lest månedens utfordring i Utfordringsblogg for søm, der det var eit bilete av eit tre i vårblomstring.

DSC_0548

Dette er eit øvingsprosjekt, og eg er godt fornøgd, for det er vanskeleg å lage kragar. Og endeleg fekk eg bruk for saumbysta til noko anna enn fotografering, for bysta var gull verdt til å utforme kragen. Om kragen held etter ein vask eller to, blir spennande å sjå, hehe.

DSC_0546kompr

DSC_0540kompr

DSC_0552

Eg testa ut ein ny metode å kante på, altså, eg har funne det på sjølv, men idéen er ikkje meir original enn at det garantert er mange andre også som har funne det på. I korte drag går det ut på å sy på ei bretta remse stoff der dei to blada blir litt forskyva under påsying. Det blei veldig vellykka, synest eg.

Mønster: Eige

Stoff: Blomsterete jersey frå Ixat på Etsy, einsfarga jersey frå Stoff og Stil, båe stoffa av bomull.

06.04.2012

Klesstoff i Roma

Eg har akkurat kome heim frå ein deileg ferietur til Roma saman med mannen min og minstejenta på 8 månader, og der fekk eg tatt ein rask titt i enkelte stoffbutikkar innimellom all kunst og historiske attraksjonar. Den største butikken var ein attraksjon i seg sjølv, vi gjekk gjennom åtte rom med stoff, og i tillegg var det fleire rom med stoff som ikkje var klesstoff! Butikken heiter Bassetti Tessuti (nettadresse http://www.fratellibassetti.com/wp/) og ligg i Corso Vittorio Emanuele II, 73 (sjå kartet). Her er nokre bilete frå butikken:
(Klikk på bileta for større versjon)
DSC_0074anonymisert
DSC_0075
DSC_0076anonymisert
DSC_0077


NB: Butikken ligg i andre etasje, og det lyser liksom ikkje “stoffbutikk” på utsida i gatenivå. Lurt å merke seg adressa før ein går dit.

Ein annan, nokså liten butikk eg tok bilete i var denne, som på kartet ligg nært Via Margana:
Stoffbutikk Roma2Stoffbutikk Roma1
I tillegg var det ein liten butikk i Via Falegnami, der eg ikkje tok bilete. Om eg hadde hatt betre tid, og skulle velje mellom dei minste to her, ville eg valt den siste.

Her er eit kart over dei tre klesstoffbutikkane eg var i, pluss ein butikk som hadde stoff for boliginteriør. Trykk på minus-knappen i kartet om du ikkje får fram dei blå markeringane.


Vis Klesstoff Roma i et større kart

05.04.2012

T-skjorte til å nyte sommaren i

DSC_0963

Den kjempevarme våren på Sørlandet har i skrivande stund tatt seg ei bittelita pause, men det er ikkje så lenge til varmen kjem att. Berre å gle seg! Denne t-skjorta blei sydd som bursdagsgåve for ein barnehagekamerat til barna mine. Str. 4 år. Eg hadde veldig lyst til å bruke det artige sommarstoffet til Johanna Ahlard, og slik blei t-skjorta sjåande ut:

DSC_0961

Den ljoseblå delen over venstre skulder rynka seg litt, fordi eg hadde gløymt å skru ned diff’en på Coverproen til minimum (0,5). Den stod på 1, eller deromkring. Det er ikkje så mykje som skal til av diff høgare enn minimum før kantebandsapparatet mitt rynker stoffet når eg kantar med Stoff og Stil-ribb. Fordelen med ribb framfor interlock, er at kanten gjenvinn fasongen etter å ha blitt strekt, interlock-kantar har derimot lettare for å bli “slaskete”. Derfor brukar eg som regel ribb i alle halsopningar. (Det er forskjell på ulike kantebandsapparat også, det er ikkje alle apparat som likar ribb noko særleg, men fungerer greitt med interlock).

T-skjorta bak:

DSC_0966

Nærbilete av sommarstoffet (designa av svenske Johanna Ahlard):

DSC_0965

Design og mønster: Eige

Stoff: Jersey med sommarmotiv frå Znok Design (kjøpt hjå Malika og Rosa). Resten av jerseyane er frå JNYDesign, trur eg. Raude kantar av ribb frå Stoff og Stil.

02.04.2012

Ammetopp med jakke til

Fyrst sydde eg jakka. Eg mangla inspirasjon, og trong eit prosjekt med ferdig mønster. Eg fekk lyst til å bruke det lakserosa stoffet, og leita gjennom mitt vesle arkiv av kjøpte mønster etter eit cardigan-mønster. Det fann eg ikkje, derimot fann eg eit enkelt boleromønster frå Stoff og Stil. Så la eg på stoff nedanfor slik at det blei ei lang jakke. (Seinare får eg gå på leiting etter eit fint cardigan-mønster, for det ønskjer eg meg…)

DSC_1003

DSC_1004DSC_1007

Eg blei ikkje kjempeheldig med plassering av legga, men elles funkar jakka heilt greitt. Alternativet denne gongen var ikkje å lage ei meir grundig gjennomført jakke, men å ikkje få laga noko i det heile tatt. Så eg er godt fornøgd.

Når eg fyrst hadde kanta jakka med bil-interlock, fann eg ut at eg ville sy ein ammetopp til å ha inni. Også den blei laga med utgangspunkt i eit Stoff og Stil-mønster, det samme mønsteret som eg har brukt som utgangspunkt fleire gonger i det siste. Eigentleg berre mønster på ein ettersitjande t-skjorte-topp med overlapp over bysta.

DSC_1002

Sidan interlocken ikkje er god til å trekkje seg saman når den blir strekt, tredde eg i eit tynt strikk i faldane på dei to stykka som overlappar over bysta: DSC_0980

(Eg festa strikket for hand på kvar side før toppen blei montert). Dette har fungert fint ved bruk av toppen, men eg er litt redd at strikket kjem til å slite seg gjennom undertråden på coversaumen. Det vil tida vise.

Mønster: Utgangspunkt i to Stoff og Stil-mønster.
Stoff: Bil-interlock frå Stoff o gStil. Stripete, kraftig bomulljersey frå Stofstedet.dk. Kvar strikket er kjøpt, hugsar eg dessverre ikkje, eg er snart tom og kunne trenge meir…

Jentebukse str. 4 år, med lomme-utprøving

Størstejenta trong nye bukser, og lommer er barna ofte glade i å ha. Sidan denne buksa er sydd utan sidesaum, prøva eg ut runde lommer med saum opp til livet.

DSC_0888

DSC_0885kompr

Dette var fyrste lomme-utkast, litt usikkert om det blir fleire av denne typen. Storebror likar å bli med på bileta mamma tar av sydde ting ;-)

Mønster: Eige
Stoff: Rest frå ein tysk butikk, tykk stretch-cord (Hilco). Stretch-jersey som ribb frå Hilco. Interlock i lommer og som kanting, JNYDesign? Hekla bomullsblondeband frå lomma og opp (frå lokal møbelbutikk)

Skjørt til meg sjølv

På syforumet Sykroken var det nyleg ei (nærare bestemt fiberandart)som drog i gong ein gøyal “syalong” for konstruksjon av eige skjørt, og vi var 30-40 stykk som laga skjørt etter våre eigne mål. Utgangspunktet var å lage skjørt med éin mønsterdel framme med eitt innsnitt på kvar side, og éin mønsterdel bak med to innsnitt på kvar side.

DSC_0828

DSC_0831

Skjørtet mitt er sydd etter grunnmønsteret, og sett på linning som er ein cm smalare enn livvidda. Glidelås og knapp i sida. Nedst sydde eg på ei slags kappe (veit ikkje kva ein skal kalle det…), laga av ei lang, rett remse stoff ( i praksis to lange remser sett saman).  Eg blei veldig godt fornøgd med skjørtet, og det er veldig deileg å gå med også!

Stoff: Stretch-fløyel frå Midha Enterprise rett ved sida av Oslo Spektrum.

26.03.2012

Avstemming i “Håndlaga 2012”

Tunikaen i forrige innlegg har blitt plukka ut som ein av ti finalistar i konkurransen “Håndlaga 2012”, under kategorien “barn”, jippiiii! Nå er det avstemming fram til 12. april, og kven som helst kan stemme, tak deg ein tur inn for å kikke og gjerne stemme: Håndlaga kategori barn. Det er fleire andre kategoriar også, med til saman mange flotte bidrag.

02.03.2012

Tunika for sommarens Danmarkstur

I går såg treåringen på stoffhylla, plukka ut den raude og kvite hjarte-interlocken og sa “eg vil ha genser av dette stoffet, mamma!" Den kunne eg vere med på, det laga seg med eitt ein genser i hovudet mitt, og i dag blei idéen sett ut i livet. Eg tenkjer på Danmark når eg ser den, mannen min tenkjer på jol ;-)
DSC_0808kompr
DSC_0806
DSC_0810
Tunikaen blei nesten slik eg hadde planlagt. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å bruke nitals-opning, men i dag var det meir freistande å bruke eit mønster som var ferdig enn å teikne eit nytt :-)Av ein eller annan grunn var ermane klipt bittelitt smale øvst, men eg tippar at det ikkje har så mykje å seie når den kjem på.

I det innerste berestykket er det to lag jersey, i armane eitt lag jersey, medan stoffa med store sirklar og hjarte på er interlock. Dei kvite stripene er strimlar av liknande interlock på vranga (ljost rosa trykk som ikkje synst godt gjennom).

Mønster: Eige (registrert halsdesign).
Stoff: Småprikkete jersey frå Textart.no. Interlock frå JNYDesign. Raud jersey også frå JNYDesign, trur eg (Cetho Designs). Ribb frå Stoff og Stil i halsutringing og ermar.

Ny ammetopp

DSC_0776

Prosjekt: Leggje inn meir fylde, eller kva det nå heiter, i toppen rundt bysta.

Framgangsmåte (etter eige hovud):Untitled

Eg klipte opp langs dei grønne linjene, spreidde ca to cm kvar stad. For å samle det nedst, sydde eg løpegang med eit tynt strikk i.

Resultat: Det blei veldig fint på prøvedokka, men ikkje like bra på meg, som har mindre byste. Her illustrert på prøvedokka korleis det blei sjåande ut på meg såfort eg ikkje stod heilt rakt i ryggen:

DSC_0777

Redningsoperasjon:

Sy i eit strikk til, nokre cm ovanfor løpegangen.

DSC_0778

DSC_0781

Konklusjon: Dette var eit lærerikt forsøk. Om eg hadde spreidd mønsteret berre éin cm i staden for to kvar stad, hadde det kanskje blitt betre? Toppen slik den blei i fyrste ongang kunne nok godt passa nokon med større byste enn meg, men om ein forstørrar for ei større byste, bør ein nok også leggje til litt i lengda, vil eg tru, ikkje berre breidda.

Mønsteret for øvrig: Klassisk t-skjorte-ammetopp, som eg endra halsutringing og ermar på.

Opprinneleg mønster og Stoff: Stoff og Stil

Jakke ad modum Aldrich

Prosjekt: Teikne mønster etter framgangsmetoden for jente-regnjakke i Aldrich si bok for barneklede. Eg tenkte det kunne passe til å bli ei fôra vinterjakke, str 4 år.

Resultat: Aaaaaltfor vid jakke! Det er kanskje meininga at regnfrakkar skal vere voldsomt vide? Sidan eg la inn justerbar ermelengd, kan den i beste fall brukast om to-tre år. Skikkeleg demotiverande prosjekt, urk og æsj. Men bortsett frå at jakka er til å svømme inni, blei den ganske så bra (mager trøyst, etter alle timane brukt…)

DSC_0794

DSC_0788

DSC_0792

Endringar frå “mønsteret” i boka: Ballongeffekt nedst, litt kortare lengde. Ermeavslutninga. Pluss enkelte mindre, detaljendringar. Fôret hadde eg tenkt å lage separat, for å gjere det avtagbart, men det blir nok ikkje laga med det fyrste.

DSC_0789

DSC_0784kompr

Her er jakka fotografert på eldstemann, som vanlegvis brukar str. 6 år i klede.

Frå far til son

Mannen min har dumpa nokre av sine dongeribukser i stofflageret mitt; bukser som er slitt hol i i seteområdet, men som elles er brukande. Nå har ei av buksene blitt bukse til femåringen! Lynet McQueen-merket er også frå ei utslitt bukse, men den var ikkje pappa’n sin ;-)

DSC_0799

DSC_0797

Ribben i livet er frå Stoff og Stil. 3,5 cm breitt strikk inni.

Forvalte sitt pund

For litt sidan fylte det eldste fadderbarnet vårt sju år, og i gåve fekk ho ein pengepung. Mest fordi det er ein ting som sju år gamle jenter gjerne synest er stas. Men også ved å gje henne ein fargeglad og munter pengepung, håpar vi at ho vil forvalte sine pengar med kjærleik og omtanke :-).

DSC_0624

DSC_0628

DSC_0629

Stoff/tilbehør:
-Fugle- og blomsterstoff frå Stoff og Stil. Tynn stripe Anna Maria Horner-stoff (rosa og brunt), samme stoff i reima. Turkise retro-blomar frå Stoff og Stil. Prikkar frå Stoff og Stil (?). Fôr frå Etsy.
-“S” sydd av jersey
-Raude KAM-knappar, runde og hjarte-forma, frå Lykkedragen.no
-Kvitt band inni lommeboka, med teksten “name”, frå Etsy
-Vevd sommarfuglband i reima, frå Farbenmix.de/leanne.no
-Bit av rosa, vevd band på framsida av lommeboka, også Farbenmix, trur eg (fått i gåve)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...