Denne shortsen likar eg kjempegodt (men det er ikkje min, den er sydd i str. 134). Det fiolette stoffet er isoli av den tradisjonelle ikkje-stretchy typen. Eigentleg litt varmt til shorts, men shortsen har blitt brukt mykje likevel (eg sydde den i 2016, ligg ein smule etter med blogginga…). Det mønstrete stoffet er jersey som eg truleg har kjøpt i Danmark ein stad. Den oransje tittekanten er også ein strimmel av jersey bretta dobbelt. Mønster: Buksemønster med avklipte bein, sydd på ein brei kant på kvart bein. Ikkje eigentleg så komplisert, men ein må halde tunga beint i munnen medan ein monterer shortsen (kan du sjå kvar eg har gjort feil?)
22.04.2018
Tid for takk!
I kyrkjelyden vi går i, er det ca 115 frivillige engasjert i gudstenestearbeidet, og når nokon sluttar, har eg ansvar for å takke dei. Våren 2016 sydde eg blomsterpottetrekk, eg hadde noko stoff (halvpanama?) frå Funky Doris eg syntest var stilig.
Kjole med glade fuglar
Denne blei sydd til eit bursdagsbarn i eldstejentas klasse. Eige mønster. Eg kan ikkje heilt hugse kva eg kjøpte dette stoffet, var nok på ein Danmarksferie. Kanskje kan det ha vore i Videbæk, der det var ein fin stoffbutikk.
Raud “Maud-kjole”
Hei, hei, nå er det jammen lenge sidan eg har blogga, over 1,5 år! Eg har syrom ennå, en brukar det på langt nær så mykje (til saum) som før. Men litt blir det innimellom. Nå fekk eg eit innfall om å leggje ut nokre bilete, medan resten av familien sit og ser Star Wars…
Denne kjolen har vi hatt mykje glede av, den er sydd i eit retro-stoff designa av Maud Fredin-Fredholm, kjøpt på Stoff og Stil for nokre år sidan. Det er eit tykt jerseystoff med veldig fint fall, eg veit ikkje kva det heiter eller korleis ein får tak i liknande stoff. Nederst er den kanta med vanleg skråband (vevd stoff-skråband). Mønsteret er sjølvteikna.
Så får eg sjå korleis det går å blogge med Windows Open Live Writer, om eg får publisert… Det var vanskeleg å få biletet i rett storleik, men blei ikkje aller verst til slutt. (ca str. 134)
10.08.2016
Skjørt med tre i glade fargar
Minstejenta lika så godt skjørtet kusina hennar fekk til bursdagen sin. Det er stas når barna likar det eg lagar, så dermed blei det eit skjørt til i samme stil.
Framside og bakside:
“Jersey-applikasjon”
Dei fleste lappane er i single-jersey, dvs. “t-skjorte-stoff”. Klistra på med spraylim for tekstil og deretter sydd på. Fordelen med dette stoffet i applikasjonssamanheng er at det ikkje frynsar seg opp og raknar. Derfor syr eg det berre på med rettsaum med ikkje altfor lange sting. Ulempen med rettsaum, er at etter nokre vask vil limet løyse seg opp og kantane rullar seg litt. Men det gjer ikkje noko, synest eg. Vil ikkje saumen ryke, det er jo rettsaum på elastisk stoff? Svar på dette kan du lese lenger nede. Eg brukar forresten “riveinnlegg” på baksida når eg syr, så ikkje stoffet skal bølge seg.
Ein ulempe med designet, er at genser/t-skjorte, som vanlegvis er utanpå skjørtelinninga, dekkjer over delar av dekoren på skjørtet. Skal prøve å hugse på dette neste gong eg lagar eit skjørt…
Vil ikkje saumen ryke, det er jo rettsaum på elastisk stoff?
I teorien ja, men i praksis nei. Men ein må take i betrakning kva for stoff lappane er sydd fast i. Det er to, strengt tatt tre, faktorar som er viktige: Kor tykt er samla stoff (lapp+underlag), kor elastisk er stoffa saman?, og så kan vi take med “blir det faktisk drag der i praksis?”
Svar i denne samanhengen: -Isoli er såpass tykt, at saumen blir litt elastisk sjølv om det er rettsaum. -Det er litt stretch i dette isolistoffet (isoli=“collegegenserstoff”), men ikkje allverdens. -For det tredje; det vil ikkje bli så mykje drag i lappane i praksis, for isoli-stoffet vil heller strekke seg der det er tynnast, dvs ikkje påsydd lappar. | For den som likar teori: Kvifor blir saumen meir elastisk i tykt stoff? Skal ein sy ein 30 cm lang saum i eit tynt stoff, brukar ein i praksis 30 cm lang overtråd og 30 cm undertråd (når ein ser bort frå ekstra tråd til start og slutt.). Skal ein derimot sy ein 30 cm lang saum i eit tykt stofflag, må ein ha meir enn 30 cm lang overtråd og undertråd, fordi trådane må vandre eit stykke gjennom stoffet for å møte kvarandre i kvart sting. All denne ekstra trådlengda gjer at ein har tråd å gå på når stoffet kjem på strekk, og saumen blir elastisk (til ein viss grad, i allefall). Av samme grunn vil ein få meir elastisk saum ved kortare enn lengre stinglengder, fordi fleire sting gjev meir tråd gjennom stoffet. (Men lengre stinglengd kan gjere at stoffet bølgar seg mindre, så det gjeld å finne ein god balanse.) |
22.07.2016
Ei blomstereng av ein 17. mai-kjole (Mange bilete)
Minstejenta fekk ny kjole til 17.mai. Eg fekk lyst til å sy noko av dette stoffet eg kjøpte på stoffbutikken i Videbæk på Danmarksturen i fjor, og eg er veldig godt fornøgd med resultatet.
Bak:
Rynking på skukldrane, ikkje godt synleg:
Nederst:
Underskjørtet er kanta med rullefald på overlocken.
In action:
Patchwork à la Annwes
Framme:
Bak:
I mai fylte niesa vår 8 år, og eg fekk lyst til å lage eit plagg med det lille ekstra. Det er ikkje så ofte eg lagar denne typen plagg lenger, det var mykje meir av det dei fyrste åra eg sydde.
Å lage eit slikt skjørt tar litt tid, men det er ikkje vanskeleg i det heile tatt. Og etter at eg fekk limspray, går det mykje fortare enn i “gamle dagar”, då eg bruka vliesofix. Etter nærbiletet, kan du sjå korleis eg monterte skjørtet.
Skjølve mønsteret er veldig enkelt, eg har brukt mønsteret frå Öberg si bok, men laga midjen litt lågare framme enn bak. Sydde sidesaumen, deretter på med ribben, med merkelappen i samme saumen.
Deretter var det berre å kose seg; klippe ut lappar, spraye på lim, klasje lappen på. Sy rundt til slutt, med riveinnlegg bak (hmm, eg kan ikkje finne riveinnlegg hjå Stoff og Stil når eg leitar nå... Kom gjerne med innspel på kva ein kan bruke i staden for.) Nokon av lappane er av jersey, dei har eg stort sett sydd med rettsaum (draget på desse saumane mtp rakning reknar eg som ubetydeleg). Lappane av stumt stoff er sydd på med sikksakk.
Deretter motsette sidesaum og til slutt linning i livet. Oups, den kom bak fram, men då puttar vi berre på ein knapp. Mykje enklare å leggje til noko enn å fjerne noko.
Minecraft-bukse i verdas deilegaste buksestoff
Minecraft ligg høgt i kurs her i huset. Og å treffe rett med dekoren på buksa er viktig, i allefall når det gjeld ting som betyr noko for eldstegut (Vinyl-dekorasjon av Beyblade nokre få månader etter at alle på skulen hadde stua bort Beyblade-utstyret, var ikkje kult…)
Dekorasjonen er laga i Silhouette Studio ved hjelp av eit bilete eg fann på nett, traca ytterkonturen så eg fekk ei strekteikning, laga deretter dei andre linjene på ein svært tungvinn måte før eg etterpå fann ein enklare måte. Men då var tålmodet selvfølgeleg slutt, så det blir nok ei stund til neste figur.
Buksa er sydd av det deilegaste isoli-stoffet eg veit om (“collegegenser-stoff”). God stretch, noko som isoli tradisjonelt sett ikkje har. I tillegg til flossa bakside, har stoffet også litt fløyelsaktig framside, mjuuuukt å take på (går dessverre vekk etter nokre vask.) Eg har kjøpt stoffet i ulike fargar frå butikkar både i Norge og Danmark, men eg har berre kjøpt over disk på bl.a. symessa, der eg har kjent på stoffet før kjøp. Å kjenne på stoff i ein nettbutikk er som kjent vanskeleg, men kvar gong eg er i ein fysisk stoffbutikk, leitar eg etter dette stoffet. Eg fann det, eller noko som liknar svært, i Danmark nå nettopp, så snart skal eg sjølv få meg ny bukse!
To babyteppe av jersey og strech-velour
Neeesten like i stoffutvalet; om du sit og kjedar deg, kan du leite etter det eine stoffmotivet som er forskjellig på dei to.
Fargerik framside, deileg og mjuk stretch-velour på baksida. Sydd til to vennefamiliar som fekk kvar sin gut i vår. Vi har eit slikt teppe i sofaen vår sjølv. Teppet blei sydd lenge etter at det var slutt på babytida vår, men teppet er kjært likevel, eg brukte det til å varme meg på seinast i går!
Hatt til svigermor
Ei i familien ønskte seg ein hatt til bursdagen. Det blei ein hatt etter mønster frå Burda (nr 7685), i babycordføyel frå Stoff og Stil (lilla var faktisk ein av fargane ho sjølv ønskte, og ikkje berre noko lilla-gale meg fann på ). Kuppelen på hatten (hattepull, ser eg Wikipedia kallar det…) er i eitt lag stoff. I bremmen er det eitt lag av det tykkaste, vaskbare strykeinnlegget Stoff og Stil hadde. Det er meg sjølv som er modell. Hatten er for stor til meg, og ser nok litt annleis ut på mottakaren.
Gute-underbukser
Eg har sydd noko underbukser tidlegare, men etterkvart kjøpt truser fordi tidsbruken pr. truse er litt for høg. Men nå har eg sydd underbukser igjen, fordi mottakaren av desse synest at strikket i kjøpe-underbukser er for stramt. Eg fann mønsteret i Ottobre nr 1, 2013. Mønsteret er greitt, men eg har smalna det litt inn bak. Dessutan syr eg med dobbelt stoff i gylfen, eg synest å hugse at det var enkelt stoff i mønsteret. Og så brukar eg FOE (foldover elastic) i staden for kva nå eit strikk det eigentleg skal vere i mønsteret.
Her er prototypen (glimrande prosjekt for restestoff ):
Vårens og sommarens jersey-genserar
Vanlegvis likar eg best å sy plagg av fleire ulike stoff. Mest fordi eg er glad i å blande, det gjev større kreativt spelerom, og blir gjerne meir fargar. Det har nokre fine bieffektar å ha dette som stil; Eg kosar meg med å sy av restebitar, og det er også meir økonomisk fordi stoff med prikkar og striper (eller einsfarga) er billigare enn stoff med digital print.
Jo fleire delar som skal syast saman, jo meir tid tar det. Så om det er knapt med tid eller ork/inspirasjon, blir det samme stoff overalt. Nedanfor er ei t-skjorte minstejenta skulle ha med i ein bursdag. Mellomstejenta trong genserar og lika stoffet, så då blei det ein genser til henne i samme slengen.
Godt lika, tynn jerseybukse
Ein fordel med å vere seint ute med blogging av plagg eg har sydd (denne sydd i februar i år), er at eg samtidig kan rapportere om plagget har blitt brukt eller ei. Denne buksa har 7-åringen vår brukt mykje. Både ho og eldstemann på 9 er glade i tynne bukser sydd av singel-jersey. Dvs. slikt stoff ein vanlegvis syr t-skjorter av.
Modellen kan likne på ei pysj-bukse, derfor vinyl-dekoren på låret som eit forsøk på å gjere buksa til noko anna. Vinylen er kjøpt hjå Sydilla og styke på med to prikkar på stykejernet (om eg ikkje hugsar feil), men den har løsna litt i kantane. Eg har styke den på igjen, og den har løsna på nytt. Usikker på årsak, enten stryketeknikk, eller at stoffet er for tøyeleg. Evt. at vinylen ikkje er god nok. Eg har forresten ikkje brukt Silhouette-maskina. Det går så myyykje fortare å berre finne nokre restelappar og klippe på måfå for hand enn å skulle finne fram PC, program, teikne, finne fram maskin og kutte.
Ribb nederst på buksene har eg på alle jerseybukser, av fleire grunnar. Blant anna gir dette ein fleksibilitet på storleiken, ein kan lage buksebeina nokså lange utan at dei subbar ned i bakken, og dermed tar det lang tid før barnet veks ut av buksa. Dessutan er det eit tydeleg krav frå niåringen i huset om at buksebeina skal samlast nederst med ribb, for han likar å trekkje sokkane rundt buksebeina.
Om du vil lese meir om bakgrunnen for denne typen bukser, kan du sjå eit eldre innlegg på bloggen her. Om du har lyst til å prøve deg på MØNSTERTEIKNING av ei slik bukse, kan du sjå dette innlegget.
Her er ei bukse eg sydde i full fart seinare i vår. Eg tenkte den blei litt vel mykje pysj, men jenta på 7 har lika den godt, og har ikkje klaga over at ho har fått kommentarar frå andre barn.
04.07.2016
Elefanten i rommet
Forrige innlegg var om jedikostymet som blei laga i samband med “karnevalsgudsteneste” februar i år. Morgonen etter, det vil seie søndag morgon, fann eg ut at eg skulle prøve å lage eit elefantkostyme, slik at mannen min også skulle ha noko kostyme på gudstenesta. Eit slags kostyme blei det, såpass vellykka at ein kunne skjøne at det var ein elefant, i allefall. Og mykje humring blei det i benkeradene rundt omkring!
Øyrene la seg litt bakover, så eg prøva å stive opp og jusetere litt seinare på dagen. Slik såg kostymet ut då eg var lei av å styre meir med det:
Når det gjeld framgangsmåte, kan eg kort fortelje at kostymet er bygd opp rundt ei slags indre “finlandshette” av stretch-jersey (frå Stoff og Stil, slik ein gjerne brukar til ribb-kantar). Det nokså laustsitjande blå stoffet er festa til denne indre hetta, slik at kostymet held seg nokonlunge på plass på hovudet.
27.06.2016
Tips til full-fart-kostymesying
Eg ligg etter med blogginga, og nå har eg kome til februar og karnevalstid. Eldstegut ønska seg jedi-kostyme. I kyrkja der vi går er det blitt tradisjon at alle som har lyst, kler seg ut på gudstenesta den søndagen som fell saman med karnevalstid. Så laurdagen før brukte eg litt tid på syrommet.
Eg brukte 2 timar og 15 min, inkl. googling for å finne bilete av jedi. Korleis er dette mogleg? Syerfaring er selvfølgeleg av betydning, men bortsett frå dét:
-Vide, ganske “formlause” plaggdelar som ikkje treng å bli klipt nøyaktig.
-Rekkjefylgje ved sying som ikkje krev at stoffet er nøyaktig klipt (sjå lenger nede).
-Justering av lengde (på beina osv.) etter sying.
-Ikkje bruke tid på finish. I staden for å leggje opp kantane, syr eg langs kantane på vevd stoff med overlock-maskina. På dei strikka stoffa (dei brune) gjer eg ingenting med klippekantane.
Vil du vite meir korleis eg laga kostymet, kan du lese vidare.
Buksa var enklast å lage:
Eg la stoffet på golvet, eit måleband på og klipte slik figuren viser. Altså blir buksa lik framme og bak, men det gjer ikkje noko når den er såpass vid. (Dessuten blir øverste del av buksa gøymd under skjorta).
Skjorta blei også klipt utan mønster. Denne er ikkje like enkel å forklare på grunn av utstrakt bruk av skjønn, og på grunn av kragen og overlappinga. I staden for kan eg heller forklare korleis eg laga piratfrakk i fjor.
Her tok eg utgangspunkt i eit collegemønster-genser, dvs eit mønster til eit plagg eg visste kor stort var i forhold til guten.
Sånn ca slik klipte eg fyrst bakstykket (turkis er originalt college-mønster, mørkeblått pirat-bakstykke):
Altså: Ikkje så skrå skuldrar. Vidare halsopning. Djupare ermeopningar. Vidare rundt kroppen.
Etterpå brukte eg bakstykket som mal for å klippe framstykka (kombinert mørkeblå og rosa strekar) Ulikt: Djupare halsutringinga framme. Framstykka kryssar også midtlinja/er litt breiare framme for å kunne få litt overlapp.
Så var det ermane, då. Dei blei klipt omtrent som på figuren til høgre. Då eg laga piratfrakken, målte eg opp med måleband kor lang ermeopninga var (viktig: Ikkje mål ved klippekanten, men mål ei saummonnsbreidde innanfor klippekanten.) Og deretter sjekka på ermet at kanten på toppen av ermet var ca like lang.
Men om ein klipper meir på måfå i full fart, og ermet er litt breiare enn ermeopninga, kan ein justere dette mer saks etterpå. I allefall om ein syr ermet på symmetrisk. Skal forklare dette lenger nede.
Klipp ermet litt lenger enn du trur du treng, og kutt av ved prøving av plagget etterpå. På piratfrakken berekna eg litt for kort, vanskelegare å forlenge enn å forkorte…
Montering/sying:
Om du klipper på måfå og ikkje veit om mønsterdelane passar heilt saman, lønner det seg å sy kvar saum i to omgangar, fann eg ut då eg sydde jedi-kostymet. Start på midten eller der det er punkt som skal passe overeins (ved erme-påsying vil dette seie midten av ermetoppen an mot skuldersaumen). Sy saumen ut den eine retninga, og deretter frå midten og ut den andre retninga. Om stoffa ikkje er like lange, så ikkje snurp det eine stoffet saman for å få det til å passe. Klipp heller av det overflødige slik figuren nedanfor viser:
Då overdel og underdel var “grovmontert”, prøva eg det på barnet for å finne passe lengde på ermane og beina, og passe høgde på livet. Klipte av i ønska lengde. Kantane blei ikkje lagt opp, men eg sydde ein overlock-saum langs klippekantane.
Lang stinglengde gjer det raskare å sy, og i tilfelle du må sprette opp ein saum, tar det mindre tid med lengre sting (gjeld symaskin).
Mine forutsetningar når eg syr full fart-kostyme: -Stor tabbekvote, i verste fall blir det ikkje noko kostyme i det heile tatt |
Kostyme-sying er gøy! Berre dure på og sleppe å bry seg om dei små detaljane som vanlegvis tar tid! Ikkje bry seg om at det blir litt skeivt her og der!