Fem kusiner fekk kvar si Frost-t-skjorte i sommarferien i fjor. Eg synest det er moro når plagg ikkje er like, så dette gjeld også denne gongen! Alle er sydd i str. 7/8 år, utanom den minste, som er sydd av eit t-skjorte-tunika-mønster str. 4/5 år.
29.02.2016
Bukse med lommer nedover beinet, str. 4 år
Denne buksa er sydd i eit mjukt og deileg stretch-isoli. Stripene i sidene var eit spontant, kreativt krumspring, om eg ikkje hugsar heilt feil, har eg sydd ein strimmel inn i sida som ein tittekant, og deretter sydd den ned med cover-maskina. Saumen på tvers har nok med utnytting av restestoff å gjere, om eg ikkje hugsar heilt feil (buksa blei sydd i juli i fjor).
Så var det lommene, då. Eg har ofte vanskeleg for å motivere meg for å sy lommer, og er alltid på leit etter ein raskare, enklare måte å få lommer på buksene på. Her har eg klipt eit par D-forma lappar, kanta med ribb (bretta ein strimmel i to og sydd på rette mot rette). Bretta ned og sydd den øvre kanten. Deretter sydd på lappen/lomma på buksa. Eg er usikker på om eg har sydd lomma på med coverstitch-maskin eller symaskin. eg er generelt ikkje så redd for at rettsaum på symaskin skal ryke i tilfelle som dette av to grunnar; For det fyrste vil det ikkje bli noko særleg drag i langs saumen på lomma. For det andre syr ein gjennom såpass tykt lag med stoff (isoli pluss to lag ribb) at også rettsaumen på symaskina får litt elastisitet. Dobbel saum er nok likevel greitt for sikkerhets skuld (og for designets del også). Då meiner eg ikkje tvillingnål, men å sy to gonger med rettsaum.
Stoffet blei kjøpt hjå Textart medan ho framleis hadd nettbutikk. Ribb frå Hilco, trur eg.
Mjuke, gode jerseybukser til niåringen
Eg brukar å spørje barna mine kva slags plagg dei ønskjer seg. Størst suksess blir det om dei blir med inn på syrommet og kikkar seg rundt i hyllene etter stoff dei likar. Eg sørgar for at dei plukkar ut meir enn eitt, slik at det finst fleire alternativ dei likar. Eg lovar dei aldri at plagget blir akkurat slik dei ønskjer seg, for eg treng eit kreativt spelerom. Men stort sett er det suksess når dei er med og plukkar ut.
Gutungen på ni år likar best bukser i jersey med strikk i livet. Ribb nedst er eit must for han. Han er mindre frysen av seg enn meg, så desse tynne buksene er i praksis heilårsbukser.
Buksa til venstre er sydd av tre ulike stoff (turkis framme og ljoseblått bak, i tilleg til stjernestoffet). Eg hadde ikkje nok einsfarga stoff til ei heilt bukse, og dessutan likar eg godt å bryte opp plagg uansett. Buksa til høgre er rett nok einsfarga. Dette har å gjere med mangel på motivasjon og/eller tid til å gjere det vesle ekstra med mønster og klipping for å få “kombi-plagg”. Han ville ha lommer, noko eg skjønar er praktisk å ha, men ikkje alltid så motiverande å sy når buksa skal bli ferdig i ein fei. Her prøvde eg meg på å vrangsy ein lomme-forma lapp, og deretter sy den på buksa. Fòret/baksida av lappen er limegrønt, det er med andre ord ikkje nokon limegrøn tittekant. Eigentleg skulle den limegrønne sida vende ut, men vips, så hadde eg sydd dei på ein annan veg enn eg nokon augneblinar tidlegare hadde tenkt. Men pytt. I ettertid seg eg at jerseystoff ikkje er kraftig nok til å bere ei lomme, det blir lett eit lite hol i buksestoffet der lommehjørnet med mest beslastning er sydd fast. Det samme ser eg på ei av mine eigne bukser i stretch-isoli. Evt. kan ein stryke på ein liten lapp vlieselin på baksida av buksestoffet der hjørna på lomma syast fast.
Kaffe til far
T-skjorte til mannen min. Endå eit digital print-stoff (bomullsjersey) kjøpt hjå Kølkær (evt. i Videbæk) i fjor sommar. Det fanst ganske mange ulike print med frukt og sjokolade o.l.
27.01.2016
Fjorårets stoff-shopping på Midt-Jylland
Dette er ikkje ei barne-t-skjorte! Den er i min manns eige
Ferieshopping på Jylland:
I fjor sommar ferierte vi i Billund, og eg tok meg ein tur opp til Ikast og vidare ut til Herning og Videbæk.
Eg hadde ein himmelsk shopping-tur til Jydsk stoflager i Ikast for ca 5 år sidan, og var dengong også ein tur til Herning. Eg var innom i Ikast i fjor også. Men utan den store sydilla lenger, og utan inntrykk av dei heilt store prismessige kuppa, førte mangelen på kortterminal til at eg raskt køyrde vidare utan å handle. (Dei tok Dankort, trur eg, men ikkje Visa/Mastercard).
Neste stopp var Kølkær stoff og hobby i Herning. Eg har ikkje flygd så godt med i stoffmarknaden dei siste 3-4 åra, men der fekk eg verkeleg sett kor mykje som har skjedd på jerseyprint-fronten! Eit enormt utval. Deriblant stort utval frå blant anna kjente filmar. Minions, Frost, Avengers, osv. Stoffet i t-skjorta ovanfor er frå Kølkær. Eg reiste derifrå med ein god del jersey-print. Pris? Hugsar eg ikkje i farta, men det var sommarsalg med 20% avslag på alle stoff, så i praksis gav lik pris i norske og danske kroner, med den dårlege kronekursen. Kølkær tok Visa/Mastercard!
Til slutt tok eg turen ned til Videbæk. Her hadde dei ikkje like stort utval som Kølkær totalt sett og spesielt ikkje på print-fronten, men dei hadde likevel eit variert utval av bekledningsttoff og nokre print dei ikkje hadde på Kølkær. Så eg syntest det var verdt turen. NB: Heller ikkje her tok dei Visa/Mastercard, så eg måtte rusle litt opp i gata for å finne minibank.
Her har vi min kjære, ikledd t-skjorte sydd av ein relativt tykk, stødig og god interlock-jersey kjøpt hjå Kølkær.
Båe t-skjortene er sydd av eit mønster eg laga ved å teikne av ei av t-skjortene hans. Til Minions-t-skjorta var det ikkje nok stoff, så då får ein trikse det til med innslag av andre stoff i ermane.
Tights til små frøknar
Har ein litt større jersey-bitar enn det som trengs til truser, er det kanskje nok til tights til ei lita jente, om ikkje anna, så til ein liten “shorts-tights”…
Desse plagga er sydd i fjor vår, og eg hugsar ikkje kva for mønster eg brukte. Men godt mogleg var det noko frå Ottobre. Før kunne ein gå inn på Ottobredesign.com og bla gjennom gamle blad og bestille lausnummer, kanskje ein kan det ennå? Om ein syr frå eldre Ottobremønster, kan ein ha i bakhovudet at mønstera av og til er (veldig) vide i storleiken. Det kan vere ein idé å samanlikne kroppsmål med mønstermål (dette er igrunnen alltid ein god idé når ein syr klede etter mønster ein ikkje har teikna sjølv…)
26.01.2016
Dette kan ein bruke restar til
17.12.2015
Farvel Windows Live Writer
Edit: Slik var teksten eg hadde tenkt å publisere. Men det gjekk dårleg, Windows Live Writer (WLW) fekk ikkje kontakt med Blogger, og etter litt googling ser greia nå ut til at ein nå må bruke “Open Live Writer” (OLW) i staden for WLW. Så får vi sjå korleis det går! Om du treng OLW, så fann eg den her: http://openlivewriter.org/ ) Oj, kvar kryssar ein av på kategori/etikett/labels?
Læraren i fyrste klasse syntest at barna trong å trene på å knyte, alle har jo sko med borrelås eller strikk nå til dags! Jenta vår skulle trene heime, men då ho sa i frå, misforstod eg, og trudde ho skulle ha med ein sko på skulen. Så eg laga heller ein “knyte-trenar” til henne, lettare å take med noko slikt enn å take med ein sko, tenkte eg.
Ein slik ein er veldig rask å lage. Eg målte rundt låret hennar, og sydde deretter ein rektangel med to lag stoff, lengde litt kortare enn omkrinsen på låret. Maljer. Anorakksnor, festa i stoffstykket i eitt punkt. Ferdig.
08.06.2015
Prym-tang til KAM
For litt sidan kjøpte eg innsats for plastknappar til Prym-tanga. Det er ikkje så ofte eg brukar KAM-knappar lenger, sidan barna har kome over body-stadiet, men for ikkje lenge sidan blei Prymtanga testa på KAM-knappane i str. 12. Det funka fint.
Uavhengig av kva for tang du brukar, treng du ei syl i tillegg for å lage hol til å tre knappen gennom før du klemmer med tanga.
Klar for piknik
Eg likar ikkje å pakke. Så kom eg på at eg skulle lage ei piknik-pakke som kan ligge ferdig-pakka for tur, for å sjå om det blei lettare å kome seg ut på tur då. Førebels har vi bare hatt bruk for koppe-posen, men i morgon skal vi på sommaravslutning ute i det fri, så då skal den testast ut! Er det noko meir som passar oppi posen, plassmessig og behovsmessig?
Reste-tyning
Jammen var det ikkje litt att av racerbil-stoffet som eldstemann har vore så veldig glad i! Nok til front og rygg på ein genser. Eg likar å kombinere fleire stoff i eit plagg, det kjem godt med når det er lite att av kvart stoff :-)
Skjørt til to bursdagsjenter
Dei fekk like skjørt, bortsett frå namnet på vranga. Fint å få bruke Silhouette-maskina av og til, det er ikkje mykje den blir brukt…
Mønstert er det samme som eg sydde dongeri-jersey-skjørt for nokre innlegg sidan. Mikke-stoffet er interlock.
Når ein ikkje har nok stoff til ei bukse
Buksekne utan hol (?)
Gutungen i huset slit hol på knea på det meste av bukser. Men eitt tiltak har eg tru på meir enn andre.
Som de ser er knea på buksa i eit anna stoff. Poenget er ikkje utsjånaden, men at stoffet på knea er rotert 90°, slik at stretchen ikkje er i breidda som på buksa elles, men i lengderetninga. Så når det kjem drag når barnet set seg ned på knea, gir buksa etter i staden for å revne. I allefall i teorien, men eg trur ikkje det er så verst i praksis heller :-)
Mønster: Mønsteret eg hadde testa i forrige innlegg.
Stoff: Velour. Den stripete er frå Stof2000.