26.06.2012

Syrommet gjeninnreda!

Har du lyst til å sjå syrommet mitt? Velkommen inn!

Bakgrunn: Det vesle rommet sentralt i huset har fungert som lager/bortstuingsrom dei siste åra. Nå er familien blitt så stor at vi må byrje å ete i stova, ved bordet der eg har sydd dei siste tre åra. Eg måtte altså finne ei ny løysing til sysakene mine. Og løysinga var å flytte ut ein heil del ting frå roterommet, og innrede på nytt.

Stikkord for ny-innredninga:-Lite rom (Ca 10 m²)
-Praktisk innredning
-Lågt budsjett…
-…sidan rommet i seg sjølv ikkje er det vakraste rommet i huset

Resultat:
Sjølv om rommet er lite, har det har blitt eit fullt brukande syrom. Liten plass har også fordelar; eg kosar meg med at eg når fram til det meste nesten utan å flytte meg…

Og så bileta:
Oversiktsbilete, hovudsida av rommet:
Innredning av et lite syrom
På motsett side finn ein dette (litt overlapp mellom bileta):
DSC_0336k DSC_0337k
Detaljar:
DSC_0332k
Øverst over syplassen er det to stykk Billy-vegghyller frå IKEA ved sida av kvarandre. Det skulle eigentleg vere to skilleveggar i kvar hylle, men vi lot vere å montere den eine.



DSC_0334k
Under Billy-hyllene heng det ei hylle som er ei 20 cm djup, lang (2,40 m?) hylleplate kjøpt på Byggmakker. Det gule sortimentskåpet kjøpte eg på Jula for 139 kr, veldig fornøgd med det.

DSC_0331kEg er godt fornøgd med desse veggkrokane frå Jula, som eg brukar til å oppbevare rullar med band. I tillegg har eg brukt nokre gamle dusjgardin-krokar for å henge opp brett med band.








Magnetlist eit must på syrommet!
Den aller kjæraste dingsen eg kjøpte, er kanskje denne magnetslista. Det viktigaste som heng her, er den vesle, oransje broderisaksa, som eg brukar til stadigheit. Og like til høgre for denne; den butte stoppenåla, som eg festar overlock-trådremsene med.


Oppbevaring av sysaker
På kvar side av magnetlista, er det ei lang Bygel-stang, med diverse Bygel-tilbehør på. Blant anna denne boksen med pennar og diverse i, er kjærkomen.




DSC_0341Tråd-korgene passar greitt til Mara-tråden…





DSC_0333k
Den svarte rullen med skulderband passar også fint oppi ei av korgene. Så er det berre å dra ned så mykje band ein treng. I boksen til venstre er det to rulleknivar; ein med skarpt blad til stoff, og ein med eit gamalt, sløvt blad til papir (mønster). Kalkulatoren bakanfor brukast som mønstervekt, i tillegg til å rekne med:-)



DSC_0335
Dette er ein rest etter roterom-tida; glidelåsar hengt opp i dusjgardin-krokar via delvis utfalda bindersar. Eg har ikkje hengt opp nokon gardiner på rommet ennå, og tenkte at glidelåsane likesågodt kunne henge. (Eg har fått kommentarar frå folk som har sett dei frå utsida, og lurar på om vi brukar glidelåsar som gardiner, hehe…)










DSC_0338
Denne hylla er eg veldig fornøgd med, dvs., det er ikkje sjølve hylla, men hylle-knektane, eg er så fornøgd med. Inni dei kan eg nemleg oppbevare rullar; mønsterpapir, vliesofix. Og balkongflagget…




DSC_0342
To skjerematter er veldig greitt til klipping av småbarnsklede, så slepp eg å flytte stoffet midt i klipping av enkeltdelar. Vel, klipping er jo eigentleg skjering, for eg brukar rullekniv og ikkje saks.
Under bordet: Eitt av hjelpemidla eg er aller mest fornøgd med; ein stor dunk til sy-avfall. Eg når den frå alle maskinene, og frå klippeplassen. Nokon fordelar er det med veldig lite syrom!




DSC_0345
Og her havnar alt avklipp med så store bitar at eg trur det kan kome til nytte…





Eg har brukt rommet i, tja, ein månads tid nå, og eg diggar funksjonaliteten i rommet! Så lett å leggje ting på plass at det ikkje blir noko sak å rydde! (Og eg er ikkje spesielt glad i rydde, berre spør mannen min om korleis det såg ut då eg brukte stova som syrom, hihi!
Har du lyst til å vise fram ditt syrom? Legg gjerne inn ein link i kommentarfeltet!



Tillegg: Det var ønskje om detaljbilete av glidelåsopphenget, her er eit utsnitt av biletet i høg-oppløyseleg versjon :-)

17 kommentarer:

  1. Vilket härligt rum! Kreativt inrett!

    SvarSlett
  2. Takk for inspirasjon! Vi har flyttet inn i nytt hus, og jeg planlegger i disse dager innredningen av mitt nye syrom. Her var det mange gode tips :)

    SvarSlett
  3. For et herlig rom! Mange flotte løsninger til glede og inspirasjon!

    SvarSlett
  4. Heldige deg som har eget syrom! Jeg har hatt det tidligere, men nå sitter jeg på et ekstra spisebord i stua, med alt rotet mitt. Heldigvis er vi ikke så stressa av litt rot, verken jeg eller samboeren.@

    Nå satt jeg her og koste meg med blogg, mens jeg røykla hele kjøkkenet. Ikke så smart. Lufter nå, og starter på nytt. :-)

    SvarSlett
  5. Så praktisk og greit det såg ut til å vere. Og må vere ein draum om det er like lett å halde i orden som det høyrdes ut til.Ljost og herleg.

    SvarSlett
  6. Så flott du har fått det!! Nå ble jeg inspirert til å rydde/organisere mitt syrom..... Ha en fin sommerdag!

    SvarSlett
  7. Veldig funksjonelt!! Jeg har lenge skulle ryddet det gamle kjøkkenet så jeg kan bruke det som syrom en stund. Kanskje i dag er dagen?!

    SvarSlett
  8. Kjempefint og praktisk syrom! Ble inspirert til å få på plass litt mer system på mitt syrom også nå :)

    SvarSlett
  9. Takk for tips om Ednys side, nå er følgerne på plass igjen:). Flott syrom

    SvarSlett
  10. Thank you so much for posting the link in the blogger help forum to fix the follower gadget. It worked for me too! - Sharon

    SvarSlett
  11. Så praktisk og smart du har innreidd syrommet! Elskar å sjå andre sine syrom;) Eg veit alt om det å bruke både kjøkken og stue..., men no har eg endeleg eit stort og godt rom. Eg har lagt ut delar av det på bloggen min, og meir kjem seinare;) Og så bra at eg kunne hjelpe deg med følgarane, for då kunne eg legge meg til også;) Så mykje fint du syr! Eg var så fortvila då mine følgarar var borte, men no er det fiksa og eg kunne endeleg ha blogglotteri;)

    SvarSlett
  12. Hei, så flott syrom du har :)
    Tusen-tusen takk for tipset du ga - nå er mine følgere på plass igjen.

    Ønsker deg en strålende fin sommer :)

    SvarSlett
  13. Har lite syrom selv, men tror du må ta en tur å hjelpe med innredninga! ;P
    Her ser du syrommet anno januar: http://nyheimen.blogspot.no/2012/01/syrommet-januar2012.html
    Kom gjerne med tips! (og gjerne nærmere bilde/instruksjon av glidlås-opphenget ditt!)

    SvarSlett
  14. Så utrolig koselig du har det!!
    Det er alltid moro å se andres syrom.

    Klem fra Lille-T. =)

    SvarSlett
  15. Tusen takk for koselege kommentarar! Har lagt til eit ekstra bilete av glidelåsopphenget i slutten av innlegget :-)

    SvarSlett
  16. Tusen takk for hyggelge kommentarar! Har lagt til eit ekstra bilete av glidelås-opphenget nedst i innlegget;-)

    SvarSlett
  17. Da må jeg på binders-jakt på syrommet! Kan vel si det sånt at det lider litt av rotesyken der oppe får tida, er nok en grunn til at det ikke finnes nyere bilder derifra på ei stund ;P

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...