10.05.2012

Sommarlue med brem, tutorial

Nokon hadde lyst på tutorial på korleis eg har sydd sommarlua med brem her om dagen, så i dag har eg sydd ei lue til, og knipsa masse bilete imens!
DSC_0078k
DSC_0079kLua er i prinsippet lik lua i dette innlegget, bortsett frå at sommarlua ikkje er fora, at den har brem, og at ribben er litt annleis fordelt. Og så har sommarlua lausare passform.


English: The summerhat is basically the same hat as the hat in this post, except for the lack of the lining in the summerhat, added brim, and a little bit different way to sew on the ribbing. And the summerhat has a looser fit.


Den blå lua er sydd i str. 54, det vil seie at barnets hovudomkrins er 54 cm. (Lua over er litt stor til modellen, ho er oppunder 52 rundt hovudet.)

Mønster:

Teikn mønster på halv lue (venstre sida av mønsteret skal ligge mot stoffbrett ved klipping). Start med å teikne figuren over. Sjå mål nedanfor, eller rekn ut sjølv: Breidde: Hovudomkrins delt på to. Høgde: Hovudomkrins ganga med 0,7 og delt på to. Del i tre like store vertikale delar/søyler.

Str. 50:
Breidde: 25 cm, høgde: 17,5 cm. Kvar søyle er 8,3 cm brei. Avstand topp til gul linje: 7,2 cm

Str. 52:
Breidde: 26 cm, høgde: 18,2 cm. Kvar søyle er 8,7 cm brei. Avstand topp til gul linje: 7,5 cm

Str. 54:
Breidde: 27 cm, høgde: 18,9 cm. Kvar søyle er 9,0 cm brei. Avstand topp til gul linje: 7,8 cm

Str. 56:
Breidde: 28 cm, høgde: 19,6 cm. Kvar søyle er 9,3 cm brei. Avstand topp til gul linje: 8,1 cm

Teikn inn 60 grader i kvar topp, til dømes ved å teikne inn den gule linja (sjå mål over), og deretter teikne linjer frå midten av søyla ned til den gule linja.

Tilføying 06.juni'12: Mønsteret er litt høgt i kuppelen, ser eg når barna mine brukar luene. Så når du har teikna mønsteret kan du nok med fordel take bort ei 0,5-1 cm brei stripe nederst på mønsteret. 

Som biletet under viser, teiknar du inn:
-"midt framme, klipp mot stoffbrett" på venstre side
-Avrunding av kanten på høgre side av mønsteret (blir baksaum)
-På biletet under er det også lagt til 1 cm saummonn, utanom på venstre sida.
-I tillegg er det stipla nokre linjer mellom fjelltoppane på teikninga, men desse treng du ikkje å tenkje på når du klipper lua. Men du kan hugse på dei til du skal sy lua.


DSC_0023

Ribbkant: Så langt er mønsteret teikna utan ribkant. Klipp av eller brett bort ei 2 cm brei stripe nederst på mønsteret, eller den ribb-breidda du heller måtte ønskje. (Hugs at saummonn nå er inkludert i mønsteret ovanfor klippe-/brettekanten).

Ribblengda er 80% av hovudomkrins.
Str: 50:
Utan saummonn: 4 x 40 cm              
Klipp (med saummonn): 6 x 42 cm

Str. 52:          
Utan saummonn: 4 x 41,6 cm          
Klipp (med saummonn): 6 x 43,6 cm

Str. 54:
Utan saummonn: 4 x 43,2 cm            
Klipp (med saummonn): 6 x 45,2 cm

Str. 56:
Utan saummonn: 4 x 44,8 cm
Klipp (med saummonn): 6 x 46,8 cm          


DSC_0033k


Brem som går langs fremre halvdel av lue- og hovudomkrinsen: Denne kan lagast på ulikt vis. Eg har laga to ulike bremmar (sopplua og denne blå tog-lua), der begge fungerer, men bremmen på toglua var litt for kurva (tendens til bølgete brem). Det eg kjem til å presentere nå, er derfor ein mellomting mellom dei to:

Brett eit ark i to, og teikn ein strek rett ut frå bretten. Merk av eit punkt på linja sånn cirka ein fjerdedel av hovudomkrins (sjå under) ifrå bretten, i dette tilfellet 13,5 cm frå bretten.

50 : 4 = 12,5
52 : 4 = 13
54 : 4 = 13,5
56 : 4 = 14

DSC_0083

Teikn bremmens inner-kant: Start 2-3 cm nedanfor linja og teikn bort til punktet på linja. Prøv deg fram med blyant og viskelær til du får ein jevn linje, der linja har mest sving nærare bretten, minst sving lengst frå bretten Kor stor sving det er på denne linja vil avgjere kor mykje bremmen vil stå ut frå lua. Det går an å berre ha ei rett linje også som innerkant på bremmen, då vil en få ein brem som går i flukt med lua utan å bøye noko utover.

Set målebandet på høgkant langs den bua linja, med starten ved bretten. Merk av når du kjem til ein fjerdedels hovudomkrins. Teikn inn ytterbrem, bremmen min er 4 cm djup på midten. (Merket du laga blir ytterkanten på bremmen.)
DSC_0084
Ferdig brem-mønster, saummonn ikkje lagt til:
DSC_0085

Klipping:

Legg mønster mot stoffbrett når du klipper, så du får eit slikt stoffstykke:
DSC_0032k
Ribb: Sjå avsnitt lenger oppe.


Brem: Stryk på strykeinnlegg på begge lag i bremmen før klipping. Legg til saummonn (1 cm) på alle kantar. Klipp hakk i saummonnen på midten.

DSC_0049

Sying:

Sy saman sjølve lua slik bileta viser Bilete nummer to viser korleis eg syr inn kurve/avrundar vinklane. (Klikk  på bileta for større versjonar)
DSC_0057
DSC_0058
DSC_0059
DSC_0060
DSC_0061
DSC_0062
Fest og klipp trådremsene om du brukar overlock:
DSC_0065
Klipp eit lite hakk i saummonnen midt framme og i kvar side, slik bileta viser:
DSC_0063
DSC_0064
Sy bremmen saman langs ytterbogen, klipp ned saummonnen etterpå, klipp deretter mange hakk i saummonnen.
DSC_0051
Vreng og press. I tillegg til strykeinnlegg, har eg hatt i nokre flak med vliesofix inni bremmen, for å lime bremmen saman.
DSC_0054
Sy stikning langs ytterbogen.
Sy ribben til ein ring, merk av midt framme med eit lite hakk, brett på langs og press:
DSC_0069

Fordeling av ribben: La ribben vere strammare på bakre halvdel av lua enn framme, der det er brem. Men la det vere litt stramming også framme. I praksis har eg lagt bremmen langs ribben slik biletet viser, og så laga merke/hakk i ribben så ribben er litt kortare enn bremmen.
DSC_0070k

Montering:
Før du syr, skal du nå ha nokon form for passmerke for kvar fjerdedel på lua, midt framme på brem og ribb, og justerte merke i sidene på ribben. Ytterkantane på bremmen passar med sidemerka i lua og ribben.

Vreng lua, legg oppsida av bremmen rette mot rette midt framme, legg deretter ribben innanfor, sjå bilete:
DSC_0074k
Sy rundt, strekk i ribben så merka stemmer overeins. Fest og klipp trådane, vreng. Dersom du vil sy fast ribb-saummonnen med ein stikning, går det nok bra å gjere dette med vanleg rettsaum dersom du strekkjer i lua medan du syr. Eller velg sikksakk (eller sy med coverstitch-maskin, om du har). Ferdig!


Revidert 14.05.12

8 kommentarer:

  1. Så flott. Lagde en bremlue her om dagen jeg også. Etter fri fantasi og en annen lue. Det funka jo det, men litt forbedringer er allikevel på sin plass. Så jeg takker for tips og tut :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk. :-) dette tror jeg må prøves ut. :-)

    SvarSlett
  3. Så fin og praktisk lue,men må innrømme jeg fikk litt panikk av de regnestykkene......er veldig dårlig i måtte kan man si, og da jeg så det var parentes regnestykker,tenkte jeg at sånn lue blir det nok aldri noe av for meg ;-)

    SvarSlett
  4. Mette: Veldig bra at du seier ifrå! Eg skal prøve å kome på ei betre løysing for å forklare korleis måla skal vere :-) (parantesane fort blir noko surr...)

    SvarSlett
  5. Nå har jeg laga to luer og lagt ut linken til tutorialen på bloggen min, håper det er ok?

    SvarSlett
  6. Knallbra tutorial, Annwes! Jeg skal lage lue, og jeg linker til bloggen din her jeg, når jeg blogger den, regner med du ikke har noe imot litt ekstra besøk her!

    SvarSlett
  7. Kjempe bra tutorial! Denne skal prøves i morgen! Du linker til en annen lue, lik denne uten brem, her får jeg bare opp den engelske beskrivelsen (både når jeg prøver på den norske og engelske teksten over her) .
    Jeg er så imponert over all jobben du legger ned i tutorials, for å hjelpe alle oss som trenger litt hjelp på veien! Tusen takk!

    SvarSlett
  8. One Of a Kind: Den tut'en er nok berre laga på engelsk, men det har kome tilbakemeldingar tidlegare også på at folk saknar norsk... Eg veit ikkje om akkurat den tut'en vil bli omsett til norsk, men eg kjem nok ikkje til å lage reine engelske tut'ar igjen, så lenge det er flest norsk-lesande blogg-lesarar. Tusen takk for hyggeleg kommentar!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...