03.08.2012

Onion 2041 - Kjolen som blei til tunika

Onion-mønstera er danske, og i siste syshopping-liten på Danmarksturen, raska eg med meg nokre Onion-mønster. Det er litt så som så kor bra Onion-mønster har passa til min kropp tidlegare, men eg tenkte eg skulle gje dei ei ny sjanse med mønster for strikka stoff.

'Fyrste plagg ut, blei ein kjole etter mønster nr. 2041. Historia i korte trekk: Då mannen min skulle fotografere den på meg, og eg såg biletet, tenkte eg “oj, den blei rar!”. Og etter å ha tenkt på det ein dag eller to, klipte eg av skjørtet og gjorde det om til ein tunika. Slik blei den:

Tunika av Onion 2041

Men slik var den i fyrste omgang:

DSC_0228kb

Tingen var nemleg den, at eg berre hadde éin meter av den mørkaste velouren, og det var ikkje nok til heile skjørtet. Eg planla derfor å ha ei stripe nedst. Men undervegs gløymde eg dette, så då kanten nedst til slutt skulle på, fann eg ut at eg ikkje hadde nok stoff. Så det blei ei nødløysing med kanten de ser på biletet over. Eg hadde heller ikkje nok stoff til ermane, viste det seg undervegs, dermed blei det to fargar også der.

Om mønsteret og syinga: Eg sydde kjolen med 2 cm saummonn for å kunne justere. Eg brukte justeringsmoglegheitane litt, blant anna  la eg eit legg midt bak på skjørtet fordi det ikkje blei så fint med heilt nedre bakstykke. Eg heisa også det nedre bakstykket på midten, utan at eg veit kor lurt dét var… Neste gong blir det nok heller enten vertikal-delt bakstykke frå starten av, eller eitt innsnitt på kvar side. Armholene på kjolen er nokså djupe, så eg sydde saumen frå armen og ned sida på kjolen ein gong til akkurat i armhola, litt lenger inne på stoffet. Eg synest kjolen blei veldig vid i halsen, så eg laga løpegang med strikk i. Det gjorde nok at det blei litt puff-ermar der det eigentleg ikkje skulle vere det, men pytt. Elles synest eg det var veldig vanskeleg å sy med to cm saummonn i velour, det sklei og det var vanskeleg å halde oversikt over kor brei saummonnen reelt blei. Så beltet, til dømes, er nokså varierande i breidde. Eg har forresten løpegang rundt handledda, men handledda mine er ikkje så glad i strikk rundt seg, så det spørs om eg ikkje må bytte ut med ribb etterkvart.

DSC_0234

Kjem eg til å sy av mønsteret igjen? Njaa, eg trur eigentleg ikkje det.

Eg har kjøpt Onion 2035 også, den store hit’en på Sykroken, så får vi sjå då, om eg får meg ny kjole likevel :-)

Mønster: Onion 2041

Stoff: Mørkelilla (eigentleg litt meir plomme eller aubergine enn det biletet viser) frå Jydsk Stoflager i Ikast, ljos velour frå Stoff og Stil.

2 kommentarer:

  1. Fin tunika, men jeg syns nå kjolen var artig, også :)

    SvarSlett
  2. Tunikaen ble fin - kunne godt ha beholdt den som kjole og :)
    God kreativ helg !

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...