23.06.2012

Blått, del II: Jente-topp

DSC_0480

Eg skulle sy t-skjorte til gutungen, nå som overlocken var tredd med blått etter buksesying. Så fekk eg så veldig lyst til å sy jente-t-skjorte i staden for, og slik blei det!

I det eksperimentelle hjørnet: Eg fekk veldig lyst til å sy rysjekant og prøva meg med ei lang remse jersey som eg kanta med rullefald. Prøvde fyrst å strekkje i stoffet medan eg sydde, men då blei det rulling i dobbel forstand, og remsa blei ikkje noko fin. Så eg sydde nye remser utan å strekkje. Rynka dei deretter med gjennomsiktig strikk, og sydde på med sikksakk på symaskina, like innanfor ermekanten. Sjølve kanten på ermet har eg ikkje kanta på noko vis. (Blir spennande å sjå korleis armane blir etter ein runde i vaskemaskina…)

DSC_0481

“Kragen” er laga ved at belegninga ligg på utsida i staden for innsida. Det er strykeinnlegg bak, og halsopninga er derfor ikkje elastisk. Derfor måtte eg lage splitt…

DSC_0482

Mønster: Eit mønster eg eigentleg teikna til t-skjorter i interlock (smal modell) i str. 7 år, men etter å ha laga jentefasong på liv og hofter, og sydd i jersey i staden for interlock, blei den til slutt str. ca 5 år.

Stoff: Prikkete jersey frå Textart.no. Turkis jersey frå tidlegare Cetho (JNY?). Satengband frå Panduro.

1 kommentar:

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...