10.05.2012

Velour-vestar med V-hals

Her om dagen sydde eg ein liten vest i str. 3 år til sonen til nokre venner. Dei var på tur heim til Norge og Kristiansand i samband med ei gravferd, og trong svarte klede. Så då var det hyggeleg å kunne hjelpe dei med denne svarte vesten:
DSC_0999
DSC_1003k
Eg hadde nemleg ein liten rest med svart velour som passa akkurat til ein liten vest. Eg kanta med ein tykk og spenstig interlock, i mangel av svart ribb som var god nok i fargen.

Eg hadde ikkje sydd V-hals før, men før eg hadde funne ut om det var vanskeleg eller ei, hadde eg klipt V-hals. Og eg hadde ikkje nok stoff til å klippe nytt forstykke, så eg fekk berre finne ut av det. Ba ei lita bønn om at dette måtte gå bra, og sette i gang, seint om kvelden. Og det blei veldig bra! “Dette var jo ikkje så vanskeleg”, tenkte eg, og viste stolt fram til mannen min.

Neste morgon blei vesten levert, og eg tenkte at eg må sy ein slik til min eigen gut også, det var så moro, og blei så bra! Eg sydde i veg utan å kikke så veldig etter for kvart steg, dette skulle jo gå så greitt. Og då sjølve V-halsen var ferdig, såg eg at saumen i V’en hadde sprekt opp så det var hol, og velouren hadde snurpa seg nedanfor V’en. Etter ein del nødhjelp med handsaum blei vesten brukande, men eg tenkte at eg vil finne ut av korleis eg syr ein fin V-hals!!

Så eg laga meg ein “V-hals-dummy”, og gjekk i gang. Spretta opp, nåla og sydde på nytt. Spretta opp, nåla og… omatt og omatt. Sukk, så vanskeleg!Heilt til eg fann ut at “AHA!”, eg må ha ein liten flekk strykeinnlegg bakpå velouren nedst i V’en! Og då gjekk det mykje betre (men framleis ikkje noko nybyrjarprosjekt, altså…). Her er vesten til min gut:

DSC_0018k
DSC_0017k
Og her er dummy’en min, eg synest den blei veldig fin til slutt:
DSC_0016

Her er ein kortversjon av prosessen (som hugseliste for meg sjølv, og for spesielt interesserte):
Skuldersaumar fyrst.

DSC_1013

Kvit knappenål markerer midt framme. Eg klipte 5 cm brei remse som var litt lengre enn det eg tenkte eg ville trenge. Klipte riktig vinkel på den eine enden:
DSC_1016
Eg målte deretter til ribb-legda etter liknande metode som når eg syr college-genser-ribb i denne tut’en. Ferdig ribb skulle bli 1,5 cm brei. Med 1 cm saummonn på velouren, målte eg derfor 0,5 cm frå velour-klippekanten.



DSC_1025
DSC_1028
DSC_1032
Strykeinnlegg og hakk nedst i V’en:
DSC_0010
Framsida av ribben syast på med 3-4 cm lang saum nedst i V’en:
DSC_0008
DSC_0006
Sjekk for symmetri i spissen før den andre sida syast:
DSC_0011
Når ribben er festa nede i V’en, brettast den over og monterast med overlock. Start og slutt nedst i V’en.
DSC_0012
DSC_0015
(Eg var så opptatt av ribb-prosessen, at eg gløymde å senke syfoten på overlocken. Derfor dobbeltsydd eine sida…)

2 kommentarer:

  1. Så fine vester og takker for tipset om v-hals. Ble jo kjempefint det :)

    Ha en kosete helg :)

    SvarSlett
  2. Så flotte vester, og tusen takk for tut'en!

    Jeg har "grubla litt" på de v-halsene i det siste, men ikke satt i gang med å prøve... Nå tror jeg at jeg "tør"!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...