05.05.2012

Så har eg også fått meg velourbukse

Eg blei så fornøgd med den fyrste trippelfarga buksa at eg hadde lyst til å sy ei til meg sjølv også. Og etter å ha brukt babyens søvnøkter på dag og kveld i eit par dagar har det blitt bukse på meg!

DSC_0958k

Om mønster-konstruksjonen: Eg teikna mønsteret utifrå “The very close fitting trouser/jeans block” i dameboka til Winifred Aldrich. Om nokon har boka “Syboka” av Mari Melilot, er samme “oppskrifta” også å finne der (på norsk), så vidt eg kunne sjå då eg kikka i sistnemnte bok på biblioteket dagen etter å ha teikna mønster. Denne grunnforma har samme eller nokonlunde samme mål på buksa som på kroppen rundt liv/rumpe, og er berekna for stoff med litt stretch, så eg tenkte det var ei passande form. Men velour hadde litt for mykje stretch, eller så har eg teikna feil, for buksa blei i fyrste omgang veldig vid. Og for høg i livet framme også. Etter store justeringar både her og der, blei buksa meir slik eg hadde sett for meg. Om det er andre som har brukt denne grunnforma, så fortél gjerne korleis den fungerte for dykk!

Om designet: Buksa jentungen har på seg var eigentleg feilberekna, for eg hadde tenkt at den raude stripa skulle vere ved kneet, slik den er på vaksenbuksa. Men etter å ha sett desse bileta, lurar eg på om neste bukse skal bli slik barnebuksa er! Buksa mi er dessutan litt for kort, ser eg av desse bileta (foto er ein grei måte å evaluere plagg, ser eg :-) Då eg fekk idéen til desse buksene, såg eg for meg sleng nedst, som på ei 70-talsbukse. Men etter å ha prøvd det ut nå under laginga av denne vaksenbuksa, så blei det liksom ikkje heilt bra, for stoffet er for mjukt til at det står utover slik eg tenkte det skulle.  Så eg snurpa i staden for.

DSC_0982k

I livet er det samme type linning som eg har sydd på  flesteparten av barnebukser mine, ribb med innlagt strikk. (På barnebuksa her er det berre ribb, men breiare). Eg blir litt hjelpelaus av å gå med bukser utan lommer, så lommer blei det her også, men det blei litt klumpete.

Velourstripa over kneet er forresten sydd med stretchen vertikalt i staden for horisontalt, for å fylgje knebøyen. Teoretisk sett veldig lurt (tenkte eg, i allefall, hehe), i praksis veit eg ikkje om det har så mykje å seie…

Alt i alt –eg trur eg kjem til å bli veldig glad i denne buksa Smilefjes

Stoff: Velour og ribb frå Stoff og Stil, med unntak av det nederste raude, som er frå Textart (skikkeleg flott raudfarge!)

7 kommentarer:

  1. flink du er og så søte dere er i matchende bukser :)
    skikkelig gladbukser det der.
    sydde selv en bukse i går fra hanne meedom boka, tror det var form 2 jeg brukte, den ble altfor lang i livet og altfor lang i beina til stakars lillemann, så her må det justeringer til også :)

    SvarSlett
  2. Så flott bukse da. Ser jo kjempekos ut. Må få tatt meg sammen og laget litt pysjbukser jeg. Så takk for påminnelsen :)

    SvarSlett
  3. Så fin bukse du har sydd. syns at det var utruleg mykje fint her på bloggen din. Du er flink! Eg vil legge meg til som følger, men det står ikkje øvst, sånn som det ofte gjer.

    SvarSlett
  4. BoHo: Nedst i margen på venstre side ligg den der fylgjar-dingsen, koseleg at du vil fylgje!

    SvarSlett
  5. Den var skikkelig fin! Enig at det var finest med de røde striper litt lengre ned.

    SvarSlett
  6. Så fine jenter i deilige velourbukser...

    Og gratulerer så masse med seieren i utfordringsbloggen!! Vel fortjent, og undertegna var med på stemmegivingen :)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...