28.04.2012

Genser med “bildevegg”, og ein liten pirat

I dag har 5-åringen vore i “piratbursdag” til ein venn som blei fem år. På spørsmål for nokre dagar sidan om kva bursdagsbarnet skulle få, svarte guten min “Eg vil at du skal sy ein grønn genser med kaniner på!” Eg blei veldig glad, for det er ikkje sjølvsagt at barna vil gje bort heimesydde ting!

DSC_0761

Velour er flott til barnegenserar. Den limegrønne var det bare mindre bitar att av. Den mørkare grønne velouren synest eg er litt kjedeleg i seg sjølv, synest eg, men eg blei overraska over kor fint det blei når den blei kombinert med limegrønn og lappane med fargar og mønster på!

Frampå har eg klipt lappar av ulike stoff, deriblant initialer og alder på mottakaren, det er moro å gjere plagget personleg! Og ei kanin blei det også, sidan guten min ønskte dét. Lappane er sydd på etter metoden omtala her. På baksida strauk eg på strykeinnlegg før sying, så dét blir ståande (og stretchen i stoffet forsvinn jo også i dette området då).

Symaskina mi er på reparasjon for tida, og eg brukar den fyrste maskina mi, ei veldig enkel maskin som ikkje har applikasjonsstinga eg brukar på faste stoff. Men her har eg klart meg med rettsaum på pyntinga (monteringa av genseren er gjort på overlock-maskina).

Nærbilete av pynten (klikk for større versjon):

DSC_0762

Og så eit par bilete av piraten, kleda blei laga til dette selskapet:

DSC_0766k

T-skjorte av eit ribbestrikka stoff med mykje stretch, ingen kantavslutningar nokon stad… Bukse etter enklaste modell. Eit trekanta tørkle på hovudet, kun klipt, ikkje sydd. Beltet rundt livet er også berre klipt til, ikkje sydd noko på.

DSC_0768k

Mønster: Eige
Stoff:
Genser: Velour i to grønnfargar frå Stoff og Stil, ribb derifrå også. Lappar av jersey eller interlock, dei er vel designa av Johanna Ahlard alle saman, trur eg!

Pirat: Strikka stoff fått som gåve av ein asiatisk nettbutikk ein gong. Raud/svart stoff frå Panduro. Buksestoff frå Hilco.

3 kommentarer:

  1. Kjempeflott genser! Så stilig å ha de bildene foran slik! Og kjempetøff pirat du har!

    Ha en fortsatt fin langhelg (hvis du har fri i dag)

    Så vil jeg også bare gi beskjed om at jeg håper det er greit at jeg legger deg til i bloglisten på bloggen min?

    Hilsen Nina

    SvarSlett
  2. Takk, Nina, og det er ei ære å få stå på blogglista di :-) Eg set deg opp på lista mi også :-)

    SvarSlett
  3. Tusen takk for linken til masse flotte bilder - så utrolig hyggelig at du tenkte på meg:-)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...