08.02.2012

Og plutseleg fekk eg ein ny hobby

Før jol klarte ei venninne å inspirere meg til å lære å hekle! Sjølv om dette er ein syblogg, blei eg så glad over å ha klart å hekle denne hunden, at eg må vise den fram:

DSC_0572

DSC_0573

Inspirasjon: Eg møtte Lene på ein lunsj for litt sidan, og ho sat og hekla tøffe smokk-haldarar. Og ho lærte meg nokre hekletriks. Tusen takk, Lene! På neste lunsj hadde ei anna venninne med seg ei apekatt-leike som ho hadde hekla etter mønster frå Kaptein eitt-eller-anna, som eg etterpå fann ut at var frå denne bloggen.

Så eg tenkte at eg skulle prøve å hekle litt på måfå og sjå kva det likna på. Og eg hekla i veg, og det såg ut som ei Dachsbikkje-rumpe, og dermed kom idéen til hunden. Eg har forma den til med halvstavar her og der, i tillegg til fastmasker, om det er “lov” med halvstavar i amigurumi, anar eg ikkje. Men det er ikkje så nøye, ho som skal leike med den bryr seg ikkje om slikt :D. Hunden er hekla i eitt frå hale til snute, og så er bein og øyre sydd på etterpå. Rangleboks inni, saman med fyll av polar-fleece (eg som aldri har sydd bamsar eller puter har ikkje fyllvatt liggjande…).

Før eg hekla hunden, hekla eg booties etter dette mønsteret, dama som har laga støvel-mønsteret har lagt ut videotutorialar som var til uvurderleg hjelp for meg. Ved å ha hekla booties på førehand, fekk eg litt innsikt i korleis ein kan hekle tredimensjonale ting, elles hadde nok ikkje denne hunden blitt til så kort tid etter at heklenålene kom i hus!

Og så nokre bilete for bestemødre og andre som måtte ha lyst til å sjå:

S og hunden2

S og hunden3

S og hunden1

S og S med hunden

2 kommentarer:

  1. Fanrastisk! Nå ble jeg inspirert til å prøve heklenåla.. Har sååå lyst til å kunne hekle! Håper på å se flere hekleprosjekter fra deg, selv om det er syblogg. ;)

    SvarSlett
  2. Så gøy at du får lyst til å hekle, Lise! Sjølv har eg kjøpt bøker, men det finst heilt sikkert masse opplæring å finne på ulike nettsider også!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...