16.02.2013

Genserar med “pyntestolpe”

DSC_0012 DSC_0011

Eg har blitt meir og meir glad i tynne bomullsgenserar. Nå om vinteren kan ein ha dei utanpå ein ull-undertøysgenser med ein ermelaus kjole oppå. Eller innanfor ull-undertøyet, for det barnet som synest ulltrøya klør. Og så kan genseren brukast til våren og sommaren også. Supert! Forrige innlegg forklarar korleis eg sydde pyntestolpane.

DSC_1264k DSC_1268

Mønster: Eige. I begge genserane har eg brukt hovudstoffet rundt handledda i staden for ribb. Eg har klipt mansjetten 1,5-2 cm vidare enn ribb-mønsteret, sidan desse stoffa ikkje er like tøyelege som ribb (interlocken er nok det, men ikkje jerseyen)
Stoff og tilbehør: Rosa jersey frå ?? (JNY?). REtro-blomstra jersey frå Stofstedet.dk. Naturkvit ribb frå Stoff og Stil. Lilla bambusinterlock frå Strömming Design. Det mørkelilla stoffet i stolpe og kant er ribb frå Stoff og Stil. Lilla knapp frå Textart.no.

1 kommentar:

  1. Jøss- du er så flink! Eg har satt meg som fyljar og gleder meg til neste innlegg.
    Kjempe takksam for alle tips du deler, hjelper meg som ikkje har sydd så mykje.

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...