For lenge sidan fekk eg ei pakke i posten med eit format på pappesken som minte meg om Svampebob. Eg kommenterte til dei to eldste barna at “den kan vi bruke til å lage Svampebob-kostyme av ein gong!”. Tida gjekk, og mor gløymte det heile. Men barna gløymer ikkje slikt, veit du! Så Svampebob-kostyme har det blitt, og det har vore riktig gøy også. Det var to svært stolte barn som kom til barnehagen i dag tidleg, ja, du kan rekne med mor også i den stolte gjengen. Er ikkje jenta fin?
Slik er kostymet laga:
Etter å ha sydd gult trekk til pappesken med hol til armar og hovud, kledde eg på pappesken, bretta inn nedst og tapa fast stoffet på innsida. Eg har brukt vliesofix til å feste stofflappar til fjes og hol i svamen, men har ikkje sydd dei fast. Eg brukte sjølve pappesken som strykebrett. Teikna rundt med tusj til slutt. I ein kvardag der ting i hovudsak blir gjort grundig og tinga skal vare lenge, er karnevalsprosjekta herleg frigjerande, med eit høve til å gjere ting “fort og gæli”. Utan å teikne nøyaktige mønster og feste alle trådendar. Kostymet skal jo berre brukast eit par gonger, og ikkje treng det tåle vaskemaskin! Då eg var ferdig oppdaga eg at eg hadde sett augene for tett inntil kvarandre, og perfeksjonisten i meg fekk blei freista til å setje dei på på nytt. Men eg lot vere. Kostymet var jo allereie godt nok i massevis!
Mønster: Leggje pappesken ned på stoffet og klippe i veg. Men fjeset teikna eg skisse av på eit papir før eg teikna på vliesofix-papiret… Buksa har eg forresten brukt eit mønster til, eit guttebuksemønster eg hadde liggande.
Stoff: Eg samla saman det gule stoffet eg hadde på lager. Toppen av svampebob er av ribb frå Stoff og Stil, medan ribben i opningane er frå Hilco. Sidene er av interlock. Tightsen er av jersey, JNY, kanskje? Bomull alt saman, i allefall. Alle påklistra lappar er av ribb frå Stoff og Stil eller Fabric.com. Takk til Lykkedragen.no for finfin pappeske!
Ha ha, herlig! Kjempeflott jente med kult kostyme!
SvarSlettKjempestilig!
SvarSlettFantastisk kostyme!! Skjønner godt at dere alle er fornøyde!!
SvarSlettFantastisk kostyme!! Skjønner godt at dere alle er fornøyde!!
SvarSlettHerlighet, noe så fantastisk! Ungene mine hadde elsket det.
SvarSlettDu får alt til å høres så enkelt ut!