Eg dekorerte for litt sidan ein genser ved å klippe ein splitt i halsen og sy på ein lapp. Liknande slik ein syr ein knappestolpe, men enklare. Berre eitt lag stoff og altså berre for dekoren sin del. Eg synest det blei ein fin detalj, og fekk samme tilbakemelding frå fleire. Og så var det nokon som spurte om nærare forklaring på korleis eg har gjort det. Og det forklarar eg gjerne, det blei rett og slett eit fint høve til å sy tre plagg til med liknande pynt!
English: Recently I made a sweather with an “integrated decor patch” (I’m not sure what to call it…), and here I will excplain how I made it. Short english comments under the pictures below.
Her er ein av dei tre pyntestolpane eg har sydd (kom gjerne med forslag til betre namn):
DEN KJEMPEKORTE VERSJONEN (the very short version. Sorry, no english here): OK, før eg forklarar korleis eg har sydd pyntestolpen: Måten eg har gjort det på er ganske omstendeleg, for å få eit finast mogleg resultat. Sånt passar meg. Men eg veit at det finst mange flotte menneske som får makk aldeles når linjer og vinklar skal vere rette, og heller vil bruke tida si på andre ting. Og for dei kjem det ein kort-versjon her :-) -Strykeinnlegg bakpå genserstoff og bakpå pyntelapp |
SÅ, HER KJEM DEN FULLSTENDIGE VERSJONEN:
Eg har teikna strykeinnleggslapp (sjå bilete under) både til genserstoff og pyntestoff. Eg endte opp med å lage maler i papp. Den midterste respresenterer pyntelappens ferdige storleik. Den smale malen er to cm smalare; 1 cm saummonn på kvar side. Den breie malen er to cm breiare enn pyntelappen; også her 1 cm på kvar side. Den mellomste malen er 3,5 cm, men du brukar den breidda du vil. Høgda har eg ikkje bestemt på førehand. Hugs å markere midten på lappen.
My patches are 3.5 cm wide, but you choose size yourself. Take a look at the picture below, and remember to mark center front.
Klipper ut lappane (Cut around the patches) | Markerer midten med ein brett (marking center front with a fold) |
Stryk strykeinnlegg på pyntelapp. (Ironing patch) | Klipp til pyntelapp (bilete frå ein annan genser). Toppen treng ikkje klippast til ennå. (Cutting around patch. No need to cut the top yet.) |
Strykeinnlegg ferdig stryke på genserstoff og pyntelapp. (This is how it look at this point)
Klipp ut (cut) | Klipp skrå hakk i saummonnen på genserstoffet (diagonal cuts in seam allowance, down to corner) |
På mine pyntesplittar har eg sydd tverrsaumen nederst fyrst. (Sew bottom seam) | Etterpå har eg nåla begge sidene (sjå dei neste bileta) (Pin both sides, see pictures below) |
Så er det berre å sy sidene langs strekane, og presse saumane. Deretter sy stikning og kutte toppen av pyntelappen:
Kutt til toppen av lappen. (trim top) | Stikning (top stitch) |
Heilt til slutt har eg klipt ned saummonnen (med rullekniv). (Trimming seam allowances with troller knife)
Ferdig til kanting og montering av genser! Ein sniktitt på ferdige genserar:
Det var en kjempeflott detalj! :)
SvarSlettTusen takk, Anna!
SvarSlettDu er utrolig flink til å lage forseggjorte detaljer på ulike plagg. Digger det.
SvarSlett-Alin-
Så gøy å høyre, Alin! Takk! :-D
SvarSlettSå fint! Veldig kjekt med oppskrift, tusen takk :)
SvarSlettBerre hyggeleg, Rødhetta!
SvarSlett