Då eg sydde “Dansande solsikke”-kjolen, sa fireåringen “eg har lyst på kjole i dette stoffet, mamma!” og peika på den rosa varianten av stoffet ho har kjole i frå før (her). Mønsteret var uansett framme, så kvifor ikkje ein kjole til?
Cirkus-jerseyen frå Gekko (i berestykket) har vist seg å vere eit stoff brukande til mykje. Eg vann gåvekort hjå Gekko ein gong, og då ho var utselt for stoffet eg eigentleg hadde lyst på, valte eg dette. Det er eg glad for. Dekoren midt på berestykket er eit pynteband som kom med i eit pakke pynteband eg vann ein annan gong, premien levert av leanne.no. Eg hadde lenge inga aning om kva eg kunne bruke bandet til, men plutseleg passa det perfekt, her på denne kjolen!
Monteringsteknikken har potensiale for å bli betre, men alt i alt synest eg det blei ein artig detalj. Bandet er sydd på steg for steg med ein sylinder under bandet under påsying. Eg har ein veldig djup snorfot, men ein vanleg blyant som sylinderform var for tykk til å få under syfoten. Enden av ein målepensel var smal nok, og blei brukt, men den hadde ikkje jevn diameter. Blant anna derfor blei ikkje bølgene like, slik intensjonen var.
Mønster: Eige
Stoff: Prikkete jersey frå Textart.no. Jersey med ringar/prikkar frå Gekkoshop.no. Ribb frå Stoff og Stil til kanting. Band frå Leanne.no.
Så utruleg flink du er til å sy, eg er heilt imponert. Symaskina mi har hatt ferie lenge no, men kjenner eg blir inspirert til å ta den fram igjen :-)
SvarSlettKul kjole!
SvarSlettÅh, du lager virkelig de kuleste tingene! Herlig kjole!
SvarSlettTusen takk, Silje, Pia og Elin!
SvarSlettKjempefin kjole! :) Og må bare si at du lager utrolig mye fint, og er en inspirasjon for en relativt nybegynner :)
SvarSlettFor en nydelig kjole! Rosa og rødt er perfekt sammen, og den lille detaljen med pyntebåndet var like i din ånd. Fantastisk!
SvarSlettKjempefin kjole! Skjønner godt at hun ønsket seg en til:)
SvarSlettTusen takk, Julie, Shamu og Kirsti!
SvarSlett