Siste veka har eg fått masse sylyst, og overskot til å sy. Kva som er høna og kva som er egget, er ikkje godt å seie, men eg stortrivst med å sy, i allefall! Både fordi det er moro å skape noko, men også fordi saumen er rekreasjon for meg.
Eg fekk lyst til å prøve meg på ein ny type dekor, nemleg å sy på ein lapp med rysjekant rundt. Og eg blei godt fornøgd. I korte trekk har eg gjort slik: Bretta ein strimmel av fast stoff dobbelt, og rynka den med gjennomsiktig strikk. Klipte ut ein sirkel av samme stoff som kjolestoffet, sydde på strimmelen langs kanten, rette mot rette. Bretta saummonnen mot vranga og sydde lappen på kjolen, etter at snora/”stilken” var sydd på kjolen. Det er riveinnlegg på baksida av kjolestoffet både bak blomst og stilk, elles strekker stoffet seg under påsying (elastisk stoff). Til slutt sydde eg på sløyfa av snor, oppå saumen eg sydde for å feste sirkelen. NB: Eg brukar snorfot, som har plass til snora under foten.
Mønster: Eige
Stoff og tilbehør: Prikkete isolo med stretch frå Hilco (Mineti.de). Blomstrete bomullsstoff og ribb frå Stoff og Stil. Anorakksnor og gjennomsiktig strikk frå Stoff og Stil.
Superfin!!!
SvarSlettTusen takk, od Andulky!
SvarSlett