20.04.2012

Piffe opp stripene

Gutungen på fem trong nye bukser, og det passa seg med ei enkel velourbukse. For å gjere buksa bittelitt meir spennande enn minimum, lot eg det vere ein brei stoffstrimmel i kvar side, med forskyving av stripene.

DSC_0630

Mønsteret er eigentleg teikna for vevd stoff (denne buksa), og i farten gløymde eg at ei velourbukse ikkje treng å vere like vid rundt hofter og liv. Men det gjer jo heller ikkje så mykje at den er vid.

Stripe-mønsteret skulle bli enkelt å lage, tenkte eg, men det var vanskelegare enn eg hadde trudd. Ein må halde tunga beint i munnen medan ein klipper og syr! Heldigvis tåler ei slik bukse “litt slark”.

Mønster: Eige

Stoff: Velour frå Stof2000, ribb frå Stoff og Stil.

2 kommentarer:

  1. Lekker bukse!

    Den velouren har jeg også liggende.... Hm...

    SvarSlett
  2. Så deilig bokse. Velour er jo så godt å ha på seg også :)

    Ha en deilig lørdag :)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...