På syforumet Sykroken var det nyleg ei (nærare bestemt fiberandart)som drog i gong ein gøyal “syalong” for konstruksjon av eige skjørt, og vi var 30-40 stykk som laga skjørt etter våre eigne mål. Utgangspunktet var å lage skjørt med éin mønsterdel framme med eitt innsnitt på kvar side, og éin mønsterdel bak med to innsnitt på kvar side.
Skjørtet mitt er sydd etter grunnmønsteret, og sett på linning som er ein cm smalare enn livvidda. Glidelås og knapp i sida. Nedst sydde eg på ei slags kappe (veit ikkje kva ein skal kalle det…), laga av ei lang, rett remse stoff ( i praksis to lange remser sett saman). Eg blei veldig godt fornøgd med skjørtet, og det er veldig deileg å gå med også!
Stoff: Stretch-fløyel frå Midha Enterprise rett ved sida av Oslo Spektrum.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!