21.11.2012

Veloursett str. 1,5 år

Når eg er vant til å sy mykje klede til barna, er det akkurat som eg ikkje hugsar korleis det er å gå i ein butikk og handle klede til dei. Eg kjem liksom ikkje på at det går an å kjøpe. Og om eg kjem på det, blir eg gåande i butikken og tenkje “men ein sånn genser med enkelt snitt kan eg jo heller sy sjølv, eg har jo masse stoff som passar akkurat”. Så blir eg lei av å gå i butikk med ein gong og går heim. Dette høyrest sikkert sært ut for dei som ikkje syr masse klede, men kanskje nokon av dei som syr til eigne barn kjenner seg att? (Eller så er det berre eg som er sær, hehe ;-)

Men, som eg veit at eg ikkje er aleine om; å finne tid til å sy alt ein har lyst til, er ikkje så enkelt det heller. Barna veks fortare enn eg klarer å hengje med. Men litt nytt får dei. Dette settet til minstejenta var ferdig for litt sidan, str. 86:

Buksa bak:

Mønster: Eige
Stoff: Velour med skyer frå JNYDesign, (kjøpt hjå tidlegare Cetho/CitronE). Prikkete velour frå Stofstedet.dk. Ribb frå Stoff og Stil.

Og så eit lite Photoshop-tips (eg kan lite om photoshop, men eg har lært dette på nett ein gong, og syntest det funka bra):

Buksa er fotografert mot kvit bordplate, men kompaktkameraet taklar veldig dårleg at det er lite ljos i rommet. For å lysne biletet på ein veldig kjapp måte, har eg gått inn på (Photohsop Elements 10) “Enhance” på menylinja øvst, vidare på “adjust lighting”, deretter “Levels”.

Då kjem det opp eit diagram, og eg lysnar bakgrunnen ved å dra den kvite markøren mot venstre (markert med raudt).

Korleis lysne kvit bakgrunn i photoshop elements 10

4 kommentarer:

  1. Kjempefint sett!
    Og jeg kjenner meg litt igjen i det du skriver om å gå i klesbutikken. Som oftest er gutteklærne i butikken så kjedelige at jeg snur og tenker at jeg heller får sy noe fint til dem i stedet.
    Noen ganger kommer jeg hjem med noe som var så billig på salg at jeg ikke kunne ha kjøpt halvparten av stoffet til den prisen (sånne skifteklær til å ligge i barnehagen...).

    SvarSlett
  2. He he. Kjenner meg veldig godt igjen. Seinest i går var eg innom Cubus for dei hadde 30 % på alle klær,men enda opp med å ikkje kjøpe noko til ungane, "kan jo sy noko sjøl". Ikkje alltid det blir gjort,men planen er der ;)

    Flott sy dag til deg =)

    SvarSlett
  3. Så fin ein joggedress:)
    Kjenner meg veldig godt igjenn i det du skriver, ser på kleda i butikken og tenker at det kan eg likegodt saume sjølv. Det ein gjøymer er at tida skal strekke til å sy alt det ein tenker:)

    SvarSlett
  4. Hehe der er jeg og :) på julemarked går jeg rundt å kikker på alt det fine hjemmelagde, ser på prisen og tenker "pøh, det der kan jeg da enkelt lage selv"
    Blir jo ofte til at det ikke blir laget, men jeg kan, om jeg vil, så kan jeg :) trenger ikke kjøpe, kjøper heller stoff ;)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...