23.05.2012

Baby Blueprint Crochet

Denne jakka blei ferdig i går, og då den kom på jenta, minte jakka veldig om jakka til ein keisar, hehe… Klede forandrar seg av og til veldig i stilen når dei blir kledd på ein person!
DSC_0198k
Jakka er nr. to av fire parallelle hekleprosjekt eg har hatt siste månadene, veldig greitt å få den ferdig, for den passar nå framover, str. eitt år, jenta brukar str. 74. Men eg er igrunnen spent på kor mykje vi faktisk kjem til å bruke den, fordi den er hekla i heilt feil garn, og er tykk og stiv i “stoffet”. Men då dette gjekk opp for meg, hadde eg hekla så langt at eg tenkte at eg fekk gjere den ferdig... Garn er ikkje berre berre, har eg skjøna. 
DSC_0194k
DSC_0190
DSC_0200

Mønsteret er frå boka


“Baby blueprint crochet. Irresistible projects for little ones” av Robyn Chachula.
Boka har iflg innehaldslista 19 ulike hekleprosjekt for barn frå null til to år. Den er på engelsk med amerikansk heklespråk.


Innehald:
Ermelaus kjole (bilete nedanfor)
Genser med knepping i skulder (google “callum pullover” for bilete)
Jakka eg har hekla
Guttevest (bilete nedanfor)
Lang jentegenser med knepping (bilete)
Ein guttevest til (google “charlie vest” for bilete)
Jentejakke med oldemorruter (google “rosa car coat” for bilete)
Genser med selburosemønster
Tilbehør: Sokkar, slippers, boots, bleiebukse, caps
Til heimen: Vaskeklut, smekke, babyteppe/lappeteppe, elefant-uro, robot-leike, eit babyteppe til.


Oppbygging av eit mønster:
-Info om garntype, heklekrok, tilbehør, heklefastheit, ferdige mål på plagget.
-Skisser over dei ulike delane i plagget, med mål både i inch, cm og mønsterrepetisjonar (sjå bilete nedanfor)
-Mønster på prøvelapp; veldig greitt for å finne ut om ein skjønar mønsteret, kor raskt det er å hekle og slikt. Og sjølvsagt for å finne fram til rette garn og heklenål.
-Sjølve heklemønsteret, plaggdel for plaggdel, med både tekst og symbol (bilete nedanfor)
-Framgansmåte for montering og ferdiggjering av plagget


Kort vurdering av boka:
Boka er veldig grei å fylgje, og forståeleg også for ein fullstendig hekle-nybyrjar som meg. Den brukar både tekst og illustrasjonar/skisser/symbol for å vise korleis ein skal gjere det. Eg som er vant til å sy etter mønster likte veldig godt skissene. Då er det lett å justere når ein ikkje har garn med samme heklefastheit. Eg heklar venstre-hendt, og fekk derfor litt trøbbel med å lese skissene der det var forskjell på høgre og venstre side, men etter litt spekulering, fekk eg det til.

Den store minuset for min del, var at eg valte feil garn. Det skulle ha vore 100% akryl i jakka, og eg valte feil erstatningsgarn, mercerisert bomull (“sport” frå Spar Kjøp). Det passa i heklefastheiten, men blei altfor kompakt. Så då lærte eg ein heil del om garn, for eg går utifrå at jakka ville blitt annleis om ein hadde brukt ull eller akryl. (Men det veit eg jo strengt tatt ikkje, sidan eg har minimal erfaring med garn…)

Alt i alt likar eg denne boka godt, og kan gjerne råde andre til å prøve den. Om dei synest det er greitt med engelsk (amerikansk), vel å merke.

Bilete frå boka:

DSC_0203
DSC_0208

DSC_0206
DSC_0205
DSC_0204
DSC_0202
DSC_0201

9 kommentarer:

  1. Jakka ble jo kjempefin den. Er i nybegynner når det kommer til garn selv så litt prøving og feiling må det jo være rom for :)

    SvarSlett
  2. Så fin jakka ble. Veldig fin "knappetolpe", det var en artig detalj. :)

    SvarSlett
  3. Den ble superfin!! flinke svigerinne!!

    SvarSlett
  4. Veldig fint "strukturmønster"! Eg likte jakka godt, eg. Er det bomull? Og boka såg forresten veldig fin ut! Likte kjolen på bildet!

    SvarSlett
  5. Ser nå at det høyrest ut som eg er misfornøgd med jakka, men bortsett frå dette med garnet er eg veldig fornøgd, altså :D Det var eit artig prosjekt, og der boka ligg framfor meg nå, får eg lyst til å hekle meir frå den. Einig med deg, Arnhild, at kjolen er fin! Jakka eg laga er i bomull, ja. Eg veit det finst mykje mjukare bomullsgarn enn det eg bruka, men eg veit ikkje korleis heklefastheiten blir då? Tusen takk for kommentarane, alle!

    SvarSlett
  6. Så nydelig jakke :)

    Vi har et kjempestort SommerBloggLotteri på gang. Kom innom oss og bli med da vel :)

    Ha en solrik og deilig helg.

    SvarSlett
  7. Så flott den ble!!

    Jeg har gitt deg en award i bloggen min.:)

    Ha en fin dag!

    SvarSlett
  8. Så utruleg koseleg, HobbyMegHer, tusen takk!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...