06.04.2012

Klesstoff i Roma

Eg har akkurat kome heim frå ein deileg ferietur til Roma saman med mannen min og minstejenta på 8 månader, og der fekk eg tatt ein rask titt i enkelte stoffbutikkar innimellom all kunst og historiske attraksjonar. Den største butikken var ein attraksjon i seg sjølv, vi gjekk gjennom åtte rom med stoff, og i tillegg var det fleire rom med stoff som ikkje var klesstoff! Butikken heiter Bassetti Tessuti (nettadresse http://www.fratellibassetti.com/wp/) og ligg i Corso Vittorio Emanuele II, 73 (sjå kartet). Her er nokre bilete frå butikken:
(Klikk på bileta for større versjon)
DSC_0074anonymisert
DSC_0075
DSC_0076anonymisert
DSC_0077


NB: Butikken ligg i andre etasje, og det lyser liksom ikkje “stoffbutikk” på utsida i gatenivå. Lurt å merke seg adressa før ein går dit.

Ein annan, nokså liten butikk eg tok bilete i var denne, som på kartet ligg nært Via Margana:
Stoffbutikk Roma2Stoffbutikk Roma1
I tillegg var det ein liten butikk i Via Falegnami, der eg ikkje tok bilete. Om eg hadde hatt betre tid, og skulle velje mellom dei minste to her, ville eg valt den siste.

Her er eit kart over dei tre klesstoffbutikkane eg var i, pluss ein butikk som hadde stoff for boliginteriør. Trykk på minus-knappen i kartet om du ikkje får fram dei blå markeringane.


Vis Klesstoff Roma i et større kart

3 kommentarer:

  1. Ååååååh himmel og hav!! Var det mulig å finne noe i dette utvalget? :)

    SvarSlett
  2. Hehe, det var ikkje lett, nei, nå hadde eg uansett ikkje særleg tid, men eg fann fort ut at ein må ha eit konkret prosjekt ein skal ha stoff til. Blant anna fordi ein måtte ha hjelp til å få tak i stoffa, dei fleste rullane låg så høgt at ein måtte ha hjelp til å få tak i dei. "Hei, ekspeditør, vil du bli med som min personlege assistent medan eg skal rundt og kjenne på alle stoffa i eit par timar?", ehhh, funkar ikkje så godt, trur eg, hehe *flire* :-) Dessutan var det litt for dyrt til å berre kjøpe inn utan konkret plan... Men om eg dreiv med sying av festkjolar og drakter, DÅ hadde eg nok sett av meir tid i butikken!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...