06.01.2012

Om å lage luemønster

Nå har det vore stille på bloggen ei stund, det har vore lite sying i jola. Men eitt plagg blei sydd like før jol; lue til jolepresang til ein bror. Sidan han er prest, tenkte eg han skulle få ei lue med Ichtys-fisk på, og slik blei den sjåande ut:
DSC_0328
DSC_0326
Litt av greia med å lage lua, var å lage mønster. Eg laga eit nokså standard (trur eg) grunnmønster reint fasongmessig, men det vanskelege er å vite måla når ein berre har hovudomkrins å gå utifrå. Kor stor omkrins på lua i høve til hovudet, og i høve til stoffval? Og kor stor høgde på lua?
Lua blei bittelitt trang og bittelitt for høg. Eg får sjå om det blir meir luetesting etterkvart, med ulike mål.
Her er tips om du har lyst til å prøve deg fram sjølv på konstruksjon av ei lue som dette (innlegget er revidert i august 2012, etter at ein god del fleire luer er sydd etter denne)

Kor mykje ein skal leggje til i høgda og breidda vil variere utifrå materiale, og kva for eit design ein ønskjer seg.
 skisse ferdig lue

Tak mål:
Å måle hovudomkrins er nokså greitt, men når ein skal take mål på tvers av hovudet (heretter kalla tverrmål), lønner det seg å markere målepunktet med eit strikk. Set strikket i den høgda på hovudet du vil lua skal nå ned til. Mål frå side til side.
måltaking hovud2
Mønsterteikning:
1. Start med å teikne eit rektangel, delt vertikalt i tre like store delar, dette skal bli mønster på halve lua (lua klippast i eitt stykke mot brett til venstre):
skisse luemønster1
Grunnlinje: Halve hovudomkrinsen minus eller pluss X%.
X: Når ein syr i stoff som vidar seg mykje ut, som til dømes interlock, vil ein gjerne ha lua litt smalare enn hovudomkrinsen, og ein trekkjer ifrå litt på hovudomkrinsen, til dømes 10%. Dersom ein skal sy i eit stoff som ikkje vidar seg så mykje ut, og ein ikkje vil ha lua stram, er det nok lurt å leggje til litt i høve til hovudomkrinsen, kanskje ca 5% vil vere eit passande tal?

Høgde: Halve tverrmålet pluss Y.
Y: Eg synest å hugse at eg la til 2,5 cm på denne lua, og dette blei for mykje. Ca 1 cm er eit betre mål til ei slik lue. Om ein vil ha ein luetopp eit stykke ovanfor issa, kan ein godt leggje til meir, men då må ikkje lua vere for laus nede ved øyrene (med mindre ein skal brette lua opp... Her er det mange design-moglegheiter ;-) Til luer av tynn jersey kan Y også vere lik null.

Teikn inn vertikale hjelpelinjer midt i dei tre rektangla:
skisse luemønster1b
2. Teikn inn vinklar på 60° i toppen av kvart rektangel (liggande symmetrisk om hjelpelinjene). Sjå lenger nede korleis du kan lage ein mal i papir, om du ikkje har gradeskive)
3. Venstre side av mønsteret leggast mot brett ved klipping. Høgre side er bak på lua, rund av (grønn strek).
skisse luemønster4
Du kan teikne inn liknande avrunding framme og mellom “fjelltoppane” også, men eg synest det var like greitt å lage avrundingar under syinga, ikkje i klippinga (sjå lenger nede).
Mønsteret kan klippast på ulike måtar. Ein kan til dømes leggje til ein annan form nedst, slik som i lua eg sydde: (grønn strek under vassmerket på biletet):
skisse luemønster5
Ein kan klippe heilt fôr, eller berre eit panneband-fôr. Dersom ein ikkje ønskjer saum nedst på lua, kan ein speglvende mønsteret om grunnlinja og klippe fôr og ytterstoff i eitt.

Sying av taggane: Legg taggane/”fjelltoppane” mot kvarande rette mot rette, og sy “fjellsidene” etter tur, men vent med dei som vender midt for og midt bak (sjå figur under neste figur). Sy til slutt midt for og midt bak. (ulike måtar å gjere dette på, også avhengig av korleis lua er klipt).
sying lue1

babylue montering

Om du ikkje har laga kurve i mønsteret, syr du inn ei kurve på symaskina i etterkant:
sying lue3

Korleis lage ein 60°-vinkel i papir:
60gradersvinkel
Brett eit papir dobbelt. Brett det igjen, slik at du får ei brettelinje som er 90 grader på fyrste brett. Brett tilbake. Teikn eit punkt langs den siste brettelinja, til dømes 4 cm frå kanten. Teikn ein dobbelt så lang strek (altså 8 cm) frå dette punktet til kanten. Medan papiret framleis er bretta, klipper du langs streken, og når du nå brettar ut, har du ein 60°-vinkel. La bretten midt i vinkelen ligge langs hjelpelinja i mønsteret når du teiknar vinkel på mønsteret.

Toppen av lua kan delast inn i færre eller fleire “fjelltoppar”, la summen av vinklane vere 180° pr. halvt mønster.

Om den aktuelle lua: Sydd i interlock med ull på utsida og bomull innerst (Stofstedet.dk), med Teddystoff som panneband utanpå (kjøpt i Lyngdal, Marthas systue). Fisken er sydd med vanleg sikksakk etter stabilisering og merking av stoffet.

1 kommentar:

  1. Lua er for øvrig god og varm og behageleg å ha på. Eg brukar ho ein god del.

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...