28.10.2011

Posebukse–posete både her og der

DSC_0399
Posebukse er på moten. Posebukser på små jenter er søtt. Eg vil også lage posebukse!
I Armstrong sitt barnebuksekapittel er det eit avsnitt om korleis ein lagar eit trouser-draft om til eit posebuksemønster. Eg starta utifrå denne metoden, som går ut på å skilje fremre og bakre buksemønsterdel frå kvarandre, like mykje oppe som nede, og i tillegg gjere skrittsaumen litt djupare (ingen sidesaum i ferdig mønster). Som på skissa under (det oransje leggast til, det blå trekkast ifrå).posebuksemønster
Eg sydde nokre prøvebukser, i starten med tanke på bukselengde. Men eg blei ikkje fornøgd, buksene blei for posete rundt livet, og strutta for mykje utover øvst. Ikkje så stilig på mine barn, i allefall. Ei av desse buksene sjåast til venstre på biletet under. Så sydde eg ei bukse etter samme mønsteret, men la inn tre legg på kvar side (buksa til høgre). Dette synest eg blei betre, men likevel ikkje heilt slik eg såg for meg på førehand.
DSC_0397
Etterpå har eg lånt eit Stoff og Stil-mønster frå ei venninne, for å få innspel. Det er nyttig å samanlikne ulike mønster. Neste posebukseversjon skal få sidesaum som gjer buksa smalare oppe enn nede. Og innersaumane skal ikkje skrå innover som på skissa over, men heller gå rett ned eller utover.
Tilbake til den rosa buksa:

posebukse
Legga blei sydd ned for at dei ikkje skulle lyfte buksa bort frå kroppen. På vranga blei det sjåande slik ut:

DSC_0395
Så sydde eg på den eine ribben ved ankelen, og –oupps- feil veg, rette mot vrange i staden for rette mot rette! Eg gadd ikkje fikse det, og sydde like så godt den andre likeså. For å skjule saummonnen sydde eg på foldover elastic. Ikkje så aller verst resultat av redningsoperasjonen på den skadeskotne buksa.

DSC_0393
Buksebeina blei forresten rynka litt saman med vanleg rynketråd før ribben blei sydd på. (berre litt, ikkje meir enn at foten lett kjem gjennom).
Stoff og tilbehør:
Mørk bukse: Småblomstrete babycord og ribb frå Stoff og Stil
Rosa bukse: Tynn, trykt stretchcord frå www.Fabric.com. Ribb frå Stoff og Stil. FOE frå Ebay.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...