27.06.2011

Tutorial: Ribbkantar utan coverstitch-maskin/kantebandsapparat

Har du lyst til å sy slike kantar? Då har du to val: Enten kjøpe ei coverstitch-maskin til minst ca 5000kr + kantebandsapparat, eller kjøpe ei tvillingnål (gjerne to, dei knekk lett) til 40 kr stk. Noko får ein når ein betaler meir; med kantebandsapparat går det fortare, det er lettare å få jevnt drag i ribben under påsying, ein får jevnare saum og finare bakside. Men, det går an å få det ganske så fint med tvillingnål også, og her skal du få lære korleis.

Fyrst: Kva for eitt av desse plagga er sydd med tvillingnål og kva for eitt med kantebandsapparat?
IMG_7237
IMG_9019
(Den øvste er sydd med tvillingnål)


START TUTORIAL:
Utstyr:
-Vanleg symaskin med rettsaum og sikksakk
-Tvillingnål for strech, gjerne 4mm brei (Stoff og Stil har)
-Ein brei syfot er ikkje naudsynt, men gjer jobben litt enklare om ein ønskjer brei kant
Klipping av plagget:
-Ingen saummonn der du skal kante med ribb
Eg har montert plagga fyrst og kanta til slutt.
Klipping av ribb:
-klipp 4,0* cm breie ribb-remser, gjev ca 13 mm brei kant
Med metoden som forklarast her, blir ribben til slutt tredobbel, dvs. at den ikkje er bretta inn på baksida.
*Breidda på ribben avheng av kor brei kant du vil ha. Rekn ca tredobbelt av ferdig breidde+ 0,5-1 cm ekstra. Prøv deg fram!


Påsying, fyrste trinn:
-Bestem deg for kvar du vil ha skøyten på ribbkanten, typisk ved ein saum på plagget.
-Legg ribben kant i kant med stoffet, rette mot rette. La ribbremsa starte 1 cm ovanfor der skøyten skal vere:
Januar 2010 105
 
-Ikkje sy dei fyrste 4-5 cm på ribbremsa, desse cm skal du sy til slutt.
-Sy med sikksakk med konstant avstand frå felles ribb-/stoffkant.* 
Januar 2010 101
-Dra lett** i ribben medan du syr den på.
-Stopp å sy når du er 4-5 cm frå ønska skøytepunkt.
*Eg har ein brei syfot som eg legg kant i kant med ribb-stoffkant som hjelp til å få konstant breidde, og då er avstanden frå nålas midtposisjon til syfot-/stoffkant ca 1 cm. Har du ingen brei fot, har du sikkert eit 1 cm-merke i stingplata. Eg stiller inn på default-sikksakk på maskina mi, som er 4mm breidde og 1,5 mm lengde. Dette gjev ca 12 mm avstand frå innerste sting til stoffkanten.
**Ikkje dra i utover-bogar/konvekse kurver på stoffet. Dra lett, (evt. ingenting, prøv deg fram) på rette strekningar, dra litt meir i moderat skarpe innover-bogar/konkave kurver på stoffet. Dra ein god del i skarpe innover-bogar/konkave kurver.

Skøyting:
-Fjern stoffet frå symaskina.
-Klipp ribben av, slik at ribben strekkjer seg ca 1 cm forbi ønska skøytepunkt i kvar retning:
Januar 2010 103 
-Sy ribbendane saman på tvers, rette mot rette, prøv å få denne saumen til å havne på samme "nivå" som saumen i plagget, der du vil ribbskøyten skal liggje.
-Nå syr du ribben på dei siste 8-9 cm som har blitt spart:
Januar 2010 104
Gjer dette fyrste sytrinnet, inkl. skøyting, på alle kantane før du går vidare til pressing (dette for å spare tid). Slik skal det sjå ut nå:
Januar 2010 107
Press alle ribbkantane utover med strykejern.

Påsying, siste trinn
-Montér tvillingnål
-Brett ribben rundt stoffkanten
-Finn passande "siktepunkt" på syfoten for kvar du vil ha saumen i forhold til både inner- og ytterkant av ribbkanten:
Januar 2010 115 
-Sy utan å strekkje i kanten. Etterpå er kanten ferdig.

Her er eit bilete som viser to ulike plasseringar på saumen:
Januar 2010 112
Baksida blir sjåande slik:Januar 2010 114
eller slik ut:
Januar 2010 113

Ferdig resultat:
Januar 2010 109

8 kommentarer:

  1. hm min tvillingnålskant blir ikke slik sikksakk på baksiden, mere sånn halveis sikksakk. i midten av sømmen liksom. hva er galt da? hva kan jeg justere på får å få den bra, syr på janome mc5200

    SvarSlett
  2. Det kan høyrest ut som om undertråden er for stram, i såfall kan du prøve å å løsne den litt ved å skru litt på skruen på spolehuset. (Hugs å stille på plass etterpå). Evt. kan du prøve å stille opp overtrådsspenninga. Lang stinglengd er generelt lurt med tvillingnål. Om ikkje dette hjelper, kan det vere til hjelp å melde seg inn i syforumet www.sykroken.net, der er det mange kloke og hjelpsomme sjeler!

    SvarSlett
  3. Skal ribben brettes inn på baksiden slik at den ikke rakner eller hva? Takk for svar:)

    SvarSlett
  4. Mirathea: Det fine med ribb er at den ikkje raknar :-) Men om det blir overflødig ribb utanfor sikksakken bakanfor tvillingnålsaumen, kan dette rulle seg til ei pølse i vask. I såfall kan ein berre klippe den overflødige ribben av. Lykke til!

    SvarSlett
  5. Tusen takk for den flotte forklaringen! Er nok en liten stund til det ser like profft ut som hos deg, men det er jo egentlig ganske enkelt:-)

    SvarSlett
  6. Hei :) jeg har sydd kanten slik som du viser noen ganger, men hnår jeg stryker ned kanten og skal sy med tvillingnål viser den første sømmen jeg sydde på ribben med på baksiden av hovedstoffet. Skal jeg ikke stryke den ned helt langs sikksakk sømmen?

    SvarSlett
  7. Jo, du pressar den heilt inntil saumen. Om du ser bittelitt av sikksakken på baksida til slutt, er det ikkje sikkert det gjer så mykje. Men om den ikkje dekkast nok, må du enten klippe breiare remse, eller sy nærare kanten i fyrste trinn :)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...