Viser innlegg med etiketten Baby-bluser/-skjorter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Baby-bluser/-skjorter. Vis alle innlegg

22.05.2013

Pauseinnslag

DSC_0630k

Mellomste-jenta tok i bruk ein ny tights i dag, den blei sydd for nokre veker sidan. Det var liksom berre ein enkel tights, men i dag tenkte eg at eg skulle take litt bilete, og eg oppdaga at alle tre barna berre hadde heimesydd på seg… Så eg postar litt bilete av alle tre, eg :-)

The between-girl got a new tights today, made some weeks ago. I took the opportunity to shoot some photos of her, and realized that all three children wore home made clothes. So here are some photos of them all!

DSC_0601k

Tightsen er sydd etter eit Onion-mønster, men smalna inn litt i beina. Mønsteret er meir piratbukse-lengde, og eg la til litt for å få full lengde. Akkurat litt for kort, men pytt, det er eit vår-/sommarplagg :-)  The tights are made from a Ottobre pattern (a 2010-issue?, can’t remember, pattern packed away).

DSC_0591k

Kjolen/the dress er denne , og genseren hennar/her sweather denne. Apegenseren/monkey sweather her, og stripete bukser/stripy pants her.

Skjorta til minstejenta teikna eg medan ho var baby, og den skulle liksom vere str. 80. Nå passar den endeleg! (ho brukar 92). At last, the shirt I drafted a long time ago, size 1 year, fits the girl, she now uses size 2 years. The pattern is based upon a block from Aldrich’s book. More about the shirt here. The trousers were made for the between-girl, and now inherited down to the youngest.

Då eg henta barna i barnehagen i dag, hadde eldstemann trukke sokkane langt oppover buksa, og då eg lurte på kvifor, sa han at buksa var for vid. (Eg ser nå at eg skreiv dette i innlegget om buksa også, men tenkte den gong at det ikkje var så farleg…) Kanskje eg skal prøve meg på slike jersey-bukser/gute-tights som Skrekk og Gru syr? Trur nok han ville likt ei slik, og nå har eg kanskje fått nok tid til å venne meg til tanken/stilen med tights til gutar :-)

The boy has pulled up the socks over the pants, and when I wondered why, he told med that the pants were too loose. So maybe I will make a pair of “boy-tights”, inspired by Skrekk og Gru? (I have needed some time to get used to this idea/style about tights to boys, but I think I’m ready to try it out when my sewing room is operative again ;-)

DSC_0592k

DSC_0593k

DSC_0596k

Ha ei fin vår-veke!

08.02.2012

Vevd stoff til ei forandring

Eg syr for det meste i strikka stoff til vanleg, men nå fekk eg lyst til å sy noko i vevd (eller vove, som det eigentleg heiter på nynorsk…) stoff. Og då blei denne skjorta til:

DSC_0544

Inspirasjon: Mange syr flotte skjorter i retrostil, særleg borte i Sverige. Aller mest blei eg inspirert av retro-stuff, ho syr berre såå mykje stilig!

Mønster: Mønsteret er teikna med utgangspunkt i Aldrich-boka, str. eitt år. Fyrst grunnmønster for overdel, som deretter er gjort om til Kimono-grunnmønster, og igjen endra til raglanermar, før siste finish blei gjort for å gje skjorta sitt særpreg.

Men str. eitt år er den nok ikkje i praksis, den ser ut til å vere aaaltfor stor, hehe. Så vi får sjå når den kan brukast, til neste jo, kanskje? ;-).

DSC_0546

DSC_0547

Den smale stripa på ermet og knappeklaffane er laga av eit fargesterkt stoff som eg har brukt med vranga som rettside. Det gav ein veldig fin effekt, synest eg.

Stoff og tilbehør:

-Dei to hovudstoffa er frå Stoff og Stil, stoffet med vranga ut er frå Etsy.com. Hjarte-KAM-knappar frå lykkedragen.no. Skråband frå Stoff og Stil.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...