24.09.2013

Hs&J baggylue!

Baggy-lue mønster Heilt spesiell og Jubel

Mønster: Boka til Heilt Spesiell og Jubel, den største storleiken. Eg synest eigentleg den blei litt stram til eldstemann (omkrins 53 cm), men passa fin til minstejenta (51 cm). Men ser kanskje litt vel stor ut til henne?

Eg klipte delane etter skissa i boka og infoen på sjølve mønsteret, utan å lese teksten. Det resulterte i feilklipp, med saum på kvar side i staden for midt bak til fylgje. *Lese teksten neste gong*

Stikning framme på bremmen: Eg hadde ikkje ledige trådsneller i fargen eg ville ha, så eg sydde stikninga med overlocken (sjå det øverste biletet). Det gjorde eg ved å kople ut kniven, i tillegg til at eg har ein syfot til overlocken som fører stoffet med konstant avstand frå nålene sidevegs. Har ikkje brukt den slik før, men det fristar til gjentaking!

Stikning med overlock-maskin, uten kniv

Stoff: Jersey kjøpt hjå Tygladan i Vänersborg (tygladan.se). Fora med einsfarga, gul jersey frå ??

This beanie is made from pattern in the book of Heilt Spesiell and Jubel. The top stitch is made by using the overlocker/serger, not using the knife, but using a special foot that makes constant length between fabric edge and needles.

1 kommentar:

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...