15.06.2013

Linbukse: På kryss og tvers / Linen Pants: Criss-Cross

Eldstemann på 6 år treng bukser. I lengre tid har eg beundra buksene som Saftis med Skrekk og gru-bloggen lagar; gutebukser i lin eller chambrey med litt vidde i beina og veldig stilige detaljar. (Tak ein titt på bloggen hennar, ho lagar masse anna stilig også!). Eg har lenge hatt lyst til å prøve meg på gutebukse i liknande stil, og i går sette eg i gang. Her er resultatet:

DSC_0823

Inspired by several boys pants made by Saftis (who has the Skrekk og gru-blog), I have made these pants for my eldest child (he’s 6 years old).

Fargane på biletet over er eigentleg heilt feil, for buksa er ikkje grå, men mørkeblå, med dus-blå detaljar. Bileta nedanfor viser dette betre.

The colours on the picture above are wrong, the pants are actually dark blue with greyish blue details. They are better shown in the pictures below.

DSC_0824

DSC_0826 DSC_0827
DSC_0817 DSC_0818 DSC_0819
DSC_0821 DSC_0822

 

OM BUKSA / ABOUT THE PANTS

Om sjølve buksemønsteret:

Eg har brukt det vanlege buksemønsteret mitt (brukt blant anna i denne buksa, samme storleik nå ni månader etter, men lagt til litt i beinlengda.) Mønsteret har eg modifisert ved å la mønsteret gå omtrent loddrett ned frå knea og ned i staden for lett innskrådd (“boot cut”, blir det ikkje det?). Buksa har kropps-hoftemål + 6 cm rundt hoftene, og kropps-hoftevidde + 4 cm* i livet. I linninga er det 3,5 cm breitt strikk frå Stoff og Stil. Det viste seg at livvidde minus 10% var litt for slakt, så eg endte opp med livvidde minus 15%. Heldigvis var det opning i linninga bak, så det gjekk fort og greitt. Smekken er juksesmekk.

*Det var ein smule tilfeldig at det blei akkurat hoftevidde +4 cm denne gongen, men for eit par år sidan gjorde eg ein test i samarbeid med guten for å finne passeleg vidde på bukser i fast stoff som skal dras over hoftene utan smekk. Når ein vil at buksene ikkje skal slenge unødig rundt livet, men heller ikkje vere for trange å få på og av. Vi fann ut at om linninga i livet, før ein legg inn strikk, hadde vidde lik hoftemål+4 cm, funka det bra.

The pattern pieces are vertical from the knee and down (“boot cut”, I guess that is). The fly is false. The pants are made of linen without stretch, and to get it easily up and down, the waist of the pants have the width (child’s) hip measure + 4 cm. The width of the pants at hip level is hip measure + 6 cm.

Om detaljane:

Både lommer framme, bak og knelappar er kvar klipt i to eksemplar, som er sydd mot kvarandre, vrengt, og deretter sydd på buksa. Dette var noko eg hadde lyst til å prøve ut, om eg kjem til å gjere det slik fleire gonger, veit eg ikkje. Desse ulike lappane er sydd på med dei kvite saumane, med tillegg av nokre korte forsterkingssaumar akkurat der ein stikk hendene ned i lommene. Baklommene bretta eg utover og sydde på knapp før eg sydde lomma på. Dei kvite saumane er sydd med tykkare tråd en vanleg, det gjev ein fin effekt. Det er lurt å investere i stikningsnål/broderinål med større auge (sjå lista nedst) når ein syr med tykk tråd, det har i allefall spart meg for mykje trøbbel med andre typer tykk tråd tidlegare.

Oppbretten: Buksa er klipt mange cm for lang (faktisk ved ei feilberekning…). Så er den bretta opp på innsida/ vrange mot vrange, festa med ein saum, deretter er det dobbelte stoffet bretta opp på utsida. Bretten festa eg med fleire vertikale saumar i samme farge som stoffet.

All the pockets and patches are cut twice and stitched together and turned inside out before stitched to the main fabric. The white thread is thicker than original sewing thread, and a good tip is to use top stitch-/embroidery needle with larger eye when using thick thread.

Mønster / pattern: Eige / self drafted

Stoff: Kraftig lin frå Stoff og Stil. 
Tilbehør: Naturkvit Gütermann Mara-tråd tykkelse 70 kjøpt i Willys nettbutikk. Top stitch-/broderi-nål frå Stoff og Stil.

Så til slutt: Eg er veldig fornøgd med passforma på buksa, synest den sit superbra! Dekoren var ganske eksperimentell, og eg lurte på korleis det ville bli til slutt. Men det blei ganske tøft resultat, synest eg. Tidsforbruket er litt over det eg gidd å bruke kjempeofte.

God helg, alle saman!

Have a nice weekend!

6 kommentarer:

  1. Det var en utrolig fin bukse! Det er morsomt å lage noe litt ekstra tidkrevende innimellom, ihvertfall når det blir så spesielt og fint!

    SvarSlett
  2. Tusen takk, SiKaLo! Eg vekslar litt mellom raske og meir tidkrevjande prosjekt, det er veldig kjekt med denne typen hobby at ein kan variere :-)

    SvarSlett
  3. Supre bukser - artig effekt med pyntesømmene! Nå er jeg spent på om du tar utfordringen med en tights til gutten din også:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, ja, eg tar utfordringa :-) Når eg er ferdig med hatten eg held på med nå, skal det bli gutte -tights! Hmmm, kan'kje love at eg kjem til å kalle det "tights", eg assosierer framleis det ordet med heilt inntilsitjane jente-/dameplagg... ;-)

      Slett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...