19.11.2012

Tør eg gje meg ut på dette?

Hekle jakke til fireåringen:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Då eg byrja å hekle for oppunder eit år sidan, kjøpte eg inn bomullsgarn på salg på Spar Kjøp. Herlege fargar som eg har kosa meg med å sjå på i hylla i stova, medan eg har spekulert på kva eg skal bruke det til. Tenkt og tenkt. Litt tykt og stivt garn, og eg har lyst til å hekle klede. Ikkje så lett kombinasjon.

Her om dagen meldte eg meg inn på Ravelry.com,  wow, der inne var det masse fint av hekla og strikka ting, og masse oppskrifter! Etter å ha surfa rundt der inne og samla inspirasjon, fekk eg ein idé om å hekle jakke/sommarkåpe til fireåringen. Vertikale striper i mange fargar. Skal prøve å bruke opp det garnet eg har. Men lurar veldig på om det blir veldig hippie-aktig, om eg i det heile tatt klarer å få ein ok fasong på plagget?Tynne striper, tykke striper? Kva for fargar saman? Det lurar eg på.

I forgårs laga eg ei skisse på jakka:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I tillegg kjem armar og krage. Kragen skal vere nokså stor,  slik at den brettar seg utover, tenkte eg. Eg skal byrje å hekle opp og ned frå sidesaum og innover mot midten. Fastmasker øvst og halvstavar nedover så det blir litt vifteform. Har eg tenkt, i allefall, men eg veit ikkje heilt korleis eg skal få jevn utviding av “skjørtet”. La overgangen mellom fastmasker og halvstavar på dei ulike radene kome i ulike nivå? Nokon som har tips?

4 kommentarer:

  1. Er ingen heklar sjølv om eg kan det - men det høyrest ut som eit spennande prosjekt. Om du ymsar litt start- og sluttpunkt - td tre ulike snupunkt, så blir det vel passe. Rekn litt på det, og tenk short-row strikking :o)
    Velkommen til ravelry-fellesskapet - det er så bra!
    Meg finn du der som mariannen101.

    SvarSlett
  2. Hørtes ut som en god plan.
    Har en heklet jakke fra h&m som jeg kjøpte for en evighet siden. Jeg tror den kunne passe som mønster til prosjektet ditt siden den likner det du beskriver som mål. Hvis du vil kan jeg ta bilde og sende på epost. (Har du epostadressen her en plass? min finner du i bloggen min.)
    Når det gjelder fargene så synes jeg at hippieaktig er bra ;)
    Hmm tja, hvilke farger... det kommer jo litt an på hvor mange nøster du kommer til å trenge. Har du prøvd å legge dem ut i et slags regnbuefargeforløp? Men da mangler det kanskje ei skikkelig grønnfarge...
    Ellers er det jo mye turkis. Hva med å bruke det som grunnfarge? Tenker noe i retningen turkis-mørk blå-turkis-rød-gul-rød-turkis-blå-turkis...

    SvarSlett
    Svar
    1. Og så noe mørkt rundt kantene for å holde det hele sammen...

      Slett
  3. Så gøy å få nokre innspel!! Tusen takk! Eg byrja å hekle medan barna såg på barne-TV i stad, eg klarte ikkje å halde meg lenger, klødde i fingrane etter å kome i gang, hehe. Eg blei tvinga til å finne ei løysing på vifte-forma, og endte med å snu litt her og der. Eg har ikkje våga klippe trådane ennå, i tilfelle det ikkje kom til å funke, men nå ser det ut til å gå såpass bra at eg skal klippe *iiik!* Short-row-strikking må eg google, eg har ikkje strikka meir enn to veker (kan berre strikke den eine grunnmaska+ leggje opp og felle av, hehe). Og LilleKrokodille: Hadde vore moro med eit bilete om det ikkej er mykje styr, då, adressa mi står heilt nedst på sida under "copyright" :-)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...