15.10.2012

Pysjamas

DSC_0817

På kalde kveldar er det greitt med pysj! Denne blei sydd for litt sidan til jentungen i huset. Den blei fort populær, i allefall dei fyrste dagane. Før ho fann ut at ho eigentleg lika betre å sove i t-skjorte… 

Det går lengre tid mellom kvar gong det er aktivitet på bloggen nå. Det er hektisk på jobb, og det som er att av tid skal fordelast på familie og mykje anna. Men saumen er framleis eit rekreasjons-middel, så litt sying blir det heldigvis. I går blei eg ferdig med eit tidkrevjande prosjekt, som eg håpar eg skal få blogga om om ikkje så altfor lenge!

Mønster: Ottobre 6/2009.

 Stoff: Jersey frå JNY Design (Kjøpt hjå tidlegare Cetho/CitronE). Designa av Johanna Ahlard. Ribb frå Fabric.com (passar fint her som ribben rundt handledd og anklar skal vere litt laus)

2 kommentarer:

  1. Så herlig pysj da :) Her i huset er det også underbuksa som gjelder når det skal soves, men pysj er jo kos når man skal slappe av i sofaen etter en god varm dusj da :)

    SvarSlett
  2. Å bruke pysjen som "avslappingsplagg" var ein god idé, ja! Betre å sitje i pysj framfor TV'n laurdags morgon enn berre t-skjorte og truse! Takk for koseleg kommentar!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...