21.08.2012

Å teikne med tråd

Eg likar godt strekteikningar! Og det er igrunnen ikkje så vanskeleg å lage strekteikningar på tøy, det vanskelegaste er sjølve teikninga, –ikkje syinga.

Strekteikningar med symaskin:

Januar 2010 171 IMG_9619

Utstyr og materiale:
-Symaskin med rettsaum
-stabilt stoff/lite elastisk
-tykk sytråd
-viktig: nål med stort auge, dvs. topstitch- eller broderinål. Eg har brukt desse.
-matpapir, eller anna papir som kan både teiknast på og rivast nokså lett

Eg teiknar ei strekteikning på matpapir. Eg prøvar å teikne lengst mogleg utan å lyfte blyanten, slik at eg kan sy tilsvarande lenge utan å avbryte saumen. Deretter nålar eg papiret godt fast, og syr langs streken. Eg festar ikkje tråden med fram- og tilbake-sting i starten og slutten, for det blir lett synleg. I stadenfor festar eg trådane for hand. (Derfor lengst mogleg samanhengande saum ;-). Eller eg lar streken byrje i saummonnen, slik strekane på ørnebuksa er starta og slutta. Når eg er ferdig med å sy, riv eg papiret vekk. Ferdig! NB: Eg “teiknar” på stoffet før eg monterer plagget! Og: Ikkje sy for langt før du sjekkar undersida av stoffet, det kan vere at du må justere trådspenninga på overtråden ein del.

Av og til har eg berre sydd på måfå, utan å teikna på førehand. Alt etter kva for ein stil eg har vore ute etter. Eller snarare kanskje mangel på stil, hehe, vegen blir til medan ein går :-)

 

Strekteikningar for hand med ullgarn:

DSC_0135beskjart DSC_0154
DSC_0151 DSC_0150
DSC_0141 DSC_0148

Utstyr og materiale:
-Garn som er såpass tykt at det synst godt, men så tynt at det både går greitt gjennom nålauget, og gjennom stoffet. NB: garnet må tåle vask slik ferdig plagg skal gjere.
-Nål med stort nok nålauge (her har eg brukt spiss stoppenål)
-Vanleg synål, helst litt lang
-Vanleg sytråd i samme farge som ullgarnet.

Fyrst lagar eg skisse på stoffet (og sidan det er for hand, går det gjerne bra om plagget er ferdigmontert.) Eg tråklar teikninga på med lange tråklesting, med vanleg synål og sytråd. Kortare sting i svingane. Eg synest det er betre å sy på mange korte tråkletrådar (til dømes 10 cm lange), enn å sy heile teikninga med éin tråkletråd. Då er det nemleg lettare å take opp att og tråkle på nytt der eg ikkje synest streken kom på rett plass. Eg justerer teikninga til eg er fornøgd, og så er det klart for sjølve syinga med garn.

Broderinga med garn gjer eg med “splitta kontursting” (jfr. boka “Søm-abc i syteknikker”). Det vil seie: Stikk nåla frå vranga til retta. Sy eitt sting fram/ned att til vranga, her har eg vel latt dette stinget vere, tja, 10-12 mm, kanskje. Gå tilbake eit halvt sting, og stikknåla opp gjennom tråden på oversida (splitte stinget). Sy eit heilt sting fram, over siste halvpart av forrige sting. Tilbake eit halvt, opp gjennom stinget, osv. Til slutt drar eg ut tråkletrådane, evt. lar dei stå att om dei ikkje synst.

5 kommentarer:

  1. Utrolig kult.Blir veldig fin effekt på klærna. Takk for tipset.

    SvarSlett
  2. Så fint! Du er flink :-) takk for tips, dette har jeg lyst til å prøve (om jeg tør, hehe)!

    SvarSlett
  3. Så flott det blir! Takk for tips! Dette må prøves!

    SvarSlett
  4. Wow så duktig du är! Och vilken fin blogg du har!!
    /Anna

    SvarSlett
  5. Så kult!! Det her må jeg jo bare prøve:)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...