05.04.2012

T-skjorte til å nyte sommaren i

DSC_0963

Den kjempevarme våren på Sørlandet har i skrivande stund tatt seg ei bittelita pause, men det er ikkje så lenge til varmen kjem att. Berre å gle seg! Denne t-skjorta blei sydd som bursdagsgåve for ein barnehagekamerat til barna mine. Str. 4 år. Eg hadde veldig lyst til å bruke det artige sommarstoffet til Johanna Ahlard, og slik blei t-skjorta sjåande ut:

DSC_0961

Den ljoseblå delen over venstre skulder rynka seg litt, fordi eg hadde gløymt å skru ned diff’en på Coverproen til minimum (0,5). Den stod på 1, eller deromkring. Det er ikkje så mykje som skal til av diff høgare enn minimum før kantebandsapparatet mitt rynker stoffet når eg kantar med Stoff og Stil-ribb. Fordelen med ribb framfor interlock, er at kanten gjenvinn fasongen etter å ha blitt strekt, interlock-kantar har derimot lettare for å bli “slaskete”. Derfor brukar eg som regel ribb i alle halsopningar. (Det er forskjell på ulike kantebandsapparat også, det er ikkje alle apparat som likar ribb noko særleg, men fungerer greitt med interlock).

T-skjorta bak:

DSC_0966

Nærbilete av sommarstoffet (designa av svenske Johanna Ahlard):

DSC_0965

Design og mønster: Eige

Stoff: Jersey med sommarmotiv frå Znok Design (kjøpt hjå Malika og Rosa). Resten av jerseyane er frå JNYDesign, trur eg. Raude kantar av ribb frå Stoff og Stil.

2 kommentarer:

  1. Fantastiske fargekombinasjoner - som alltid :) :)

    SvarSlett
  2. SOMMER OG SOOOOOL - genser! Kjempefin!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...