24.10.2011

Dåpskjolen i bruk!

I går blei minstejenta døypt! Ein stor og viktig dag for jenta sjølv, og vi andre hadde også ein flott dag saman med familie og vener. Her er eit bilete av meg og jentungen i kyrkja:

DSC_0491beskjært

Eige innlegg om dåpskjolen finn de her. Dåpslua var ikkje sydd då eg posta innlegget om kjolen, men her er eit bilete av lua.

DSC_0532

Lua er sydd etter “prøve-seg fram-metoden”, take mål her og der av barnet, sy ein test, justere og sy ein ny. Stoff-bitane såg omtrent slik ut:

dapslue

Lua blei sydd saman som ei slags “prærievogn”, med rynking øvst i bakkant (raude piler). Før rynkinga såg det sånn cirka slik ut, sett bakanfrå:

bakfra

DSC_0761

Eg sydde i strikk over panna og i nakken for at lua skulle passe greitt, og den blei veldig ok til slutt, sjølv om den er enkel.

4 kommentarer:

  1. Nydelig kjole på en stor dag! God uke fra Gulltann & Pus:-)

    SvarSlett
  2. Kjempefin kjole og dåpslue! Har også sydd både dåpskjole og lue selv til mine 2 minste, men jeg kunne ikke kreere dette selv så jeg kjøpte både stoff og mønster ifra Fløyel.

    Hanne=)
    Ps Du ser mye yngere ut på bildet ilag med lillepia enn på profilbildet ditt ;)
    Du er jo bare "jentungen" ;)

    SvarSlett
  3. Så skjønn kjole...og jente:)
    Må være gøy å sy dåpskjolen selv.

    SvarSlett
  4. Tusen takk for koselege kommentarar!
    Hannepanne: Hehe, eg har alltid sett ung ut, skal dra nytte av dette når eg blir pensjonist ;-) (Nå er eg i fyrste halvdel av 30-åra). Då eg jobba i Trøndelag då eg var 28, var det nokon som kalla meg for "veitungen" :-)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...