Når du syr to stoff saman på overlocken og du skal sy over to kryssande saumar: La den øverste saummonnen du skal krysse peike mot syfoten, og den nederste peike mot deg sjølv. Då vil syfot og transportør presse saumane mot kvarandre så dei lettare treff på samme plass.
Av og til har ein ikkje lyst til å brette saummonnen kvar sin veg, men heller vil ha dei samme veg. Då er ikkje Babylocken min så god, og eg synest veldig ofte at saumane møtest dårleg:
I kryssinga av sauman til venstre har eg vore heldig, medan kryssinga til høgre er det typiske når saummonnane ligg vendt samme veg. Eg syntest det fungerte mykje betre på den gamle Huskylocken enn på Imagine. Kom gjerne med tips til forbetring om nokon har. Er trykkfotpresset for høgt, kanskje?
Det var eit godt poeng eg ikkje har tenkt over, plar alltid prøve å legge saummonnet same veg, men skjønar no at det er lurare å tenke motsett ☺
SvarSlettSå flotte ting du syr! Inspirererende! Følger deg videre jeg :-)
SvarSlettVeronica